Interiørtips med på kjøpet: Møt Julie Førde!
Då Julie Førde avbraut interiørutdanninga si, var ho usikker på om ho gjorde det rette. I dag veit ho at det var eigedomsmeklar ho skulle bli.
– Planen var å bli interiørkonsulent, men etter kvart vart eg bekymra for at det var for lite fart i bransjen, seier Julie.
Ho likar ikkje å sitte og sjå på klokka. Det skal helst skje så mykje i løpet av ein dag at den går av seg sjølv.
– Difor passar arbeidskvardagen til ein meklar meg perfekt. Det er alltid noko som skjer, og eg likar kombinasjonen med å vere ute og treffe folk og kontorarbeid. Jussen har også alltid interessert meg.
Girar ned på fritida
Alltid tilgjengeleg, alltid ein telefon som ringer, alltid nokon som ventar på eit svar. Kan det bli for mykje fart?
– På meklarstudiet vart vi førebudde på at det var ein del av jobben, men du skjønar ikkje heilt kva tilgjengeleg betyr før du byrjar å jobbe. Eg likar full fart og eg er veldig sosial, så for meg går det greitt. Men det hender at eg treng ei stille stund for meg sjølv på fritida. Du går mykje på høggir på jobb, og då er det ikkje nødvendigvis småprat du treng når du kjem heim. Heldigvis går det fort å nullstille meg, ler ho.
Kundane set pris på interiørtips
Sjølv om ho avbraut interiørstudiet, har ho tatt med seg interiørauget inn i meklarjobben. For er det noko kundane set pris på, er det råd om korleis dei kan presentere bustaden på best mogleg måte og såleis få eit godt sal.
– Eg brukar interiørutdanninga aktivt i jobben, og trur meininga mi og råda mine blir sett pris på av kundane. Kundane blir meir og meir bevisste på at presentasjonen har mykje å seie, og dei lyttar når eg kjem med råd.
Profesjonell styling ved bustadsal er normalt i dei store byane, men har ikkje heilt fått fotfeste i Sogn og Fjordane.
– Det hender at kunden ønsker det, men det krev ein del organisering. Det er likevel mykje ein kan gjere med møblar, interiørdetaljar og gode bilde for å skape eit godt inntrykk.
Ho understrekar kor viktig førsteinntrykket er.
– Det er som eit første møte mellom oss menneske. Du har berre éin sjanse til å gjere eit godt førsteinntrykk.
Ingen håplause salsobjekt
– Finst det håplause objekt?
– Nei, det har eg aldri tenkt. Berre at her må vi jobbe litt og at dette vil ta litt lengre tid å selje. Av og til vert vi overraska, og ting blir selt raskt til ein god pris. Ikkje at det viktigaste er eit raskt sal, men eit godt eit for begge partar.
Julie håpar ho kan jobbe som eigedomsmeklar i mange år til.
– Eg føler eg er på rett plass. Framover blir det spennande å følgje utviklinga i yrket og kva nye digitale verktøy vi kan tilby. Ein rådgjevar med på laget i ditt viktigaste sal i livet trur eg det alltid vere bruk for.
Fem kjappe med Julie
Kva er ein god eigedomsmeklar: Han er engasjert, framoverlent og ”på”. Oppfølging er viktig!
Einebustad eller leilegheit? Leilegheit. ”Vedlikehaldsfritt” kling godt i mine øyre.
Moderne funkis eller klassisk sjarm? Moderne funkis.
Landleg og roleg eller sentralt og praktisk? Ja, takk begge deler.
Stor hage eller vedlikehaldsfri terrasse? Trur eg tar terrassen.
Overmøblert og koseleg eller minimalistisk og enkelt? Er nok på siste, men det må vere personleg.