Kjøpe bustad som student?
Då Johanne Fauske Bygstad (25) byrja å studere, hadde ho mest lyst til å investere i ei leilegheit framfor å leige. Det store ansvaret og usikre tider stoppa ho.
– Det er kjempeskummelt å kjøpe. Tenk om vi ikkje klarar å betene lånet?
Johanne går tredje året på sjukepleiarutdanninga i Førde. I lag med sambuaren leiger dei ei kjellarleilegheit i Eplehagen. Ho jobbar deltid, og han er grunder med nyoppstarta selskap.
– Det er heilt greitt her, men helst skulle vi hatt vårt eige og kome oss inn på bustadmarknaden i Sogn og Fjordane. I starten tenkte eg å kjøpe, men å ha så stor gjeld som student var skremmande. Eg veit ikkje om eg hadde fått sove om eg visste at vi hadde eit stort lån å betene. Det er for store summar å forhalde seg til i den situasjonen vi er i.
Kostnader ved å eige
Kostnader ved å leige
Gode grunnar til å eige
Gode grunnar til å leige
Stort ansvar
Johanne jobbar mykje, har oppsparte BSU-midlar, og synest at ho og sambuaren har god råd. Likevel held det ikkje til bustadkjøp.
– Vi har lenge følgt med på bustadmarknaden, og vi har snakka med banken, men usikkerheita rundt økonomi og det store ansvaret som følger bustadkjøp trumfar ønsket om å eige. Vi vil heller bruke pengar på andre ting, og har blant anna betalt ned eit billån. Og så skjer det mykje kjekt i studenttida. Eg vil ikkje bu meg i hel akkurat no, smiler ho.
Vil ut av byen
Til jul er Johanne ferdig utdanna sjukepleiar. Ho håpar på fast jobb og ei sikker inntekt.
– Når eg får fast jobb og vi veit kva inntekta mi blir, kjem vi nok til å ta ein ny prat med banken og intensivere bustadjakta. Målet er å ha sitt eige i løpet av to år. Men eg tvilar på at det blir i Førde. Vi vil gjerne bu i ei av bygdene rundt, og føler at vi får meir for pengane der. For oss er god plass viktigare enn å bu sentralt.
– Det kan lønne seg
Når vi spør eigedomsmeklar Olav Skjeldestad i Sogndal om han anbefaler studentar å kjøpe, seier han at det kjem heilt an på.
– Tidsperspektivet og finansieringa er viktig. Kor lenge skal du bu der? Om det er snakk om to år eller meir, ville eg snakka med ein rådgjevar i banken. Om det viser seg at du klarar å betene lånet, kan det vere smart og lønnsamt å eige noko. Det kan vere dyrt å leige òg, og slik bustadmarknaden er i dag og har vore lenge, kan eigedom vere ei god investering. Om du til dømes skal studere til lærar i fem år i Sogndal, og du har moglegheit til å kjøpe, så vil nok reknestykket peike mot å kjøpe.
Men må du ikkje ha veldig god økonomi for å kunne betene bustadlån i studietida?
– Du må ha inntekt for å få lån, og mange er avhengige av foreldra. Ei løysing kan vere å kjøpe ein treroms slik at du kan leige ut eit rom og få inntekt av det.
Olav har inntrykk av at dei fleste studentane i Sogndal vel å leige.
– Det er ikkje så mange som har økonomi til å kjøpe i studietida, men kvart år sel vi nokre bustader til studentar eller foreldra deira. Om du har moglegheit til å investere i ei attraktiv leilegheit som er lett å selje vidare, kan det lønne seg, avsluttar han.