Sekstiåringen som bygde nytt hus

11. juli 2017 • Av: arnybo

Medan stadig fleire ektepar i sekstiåra søker mot ei lettstelt leilegheit i sentrum, bestemte Tom Farsund (63) seg for å bygge nytt hus i barndommens rike. 

Det blir for tida bygd mange leilegheiter i Førde sentrum, og ei typisk kjøpegruppe er middelaldrande og pensjonistar som ønsker å bytte ut einebustaden med leilegheit.

– Det er ei fin utvikling med meir liv i sentrum. Eg skjønar godt at det er attraktivt og praktisk med ei lita, sentral leilegheit, men for meg har det alltid vore ein draum å vende tilbake til Sunde. Når dottera mi bestemte seg for å flytte heim og ville bygge hus, modnast ideen om å dele tomta eg hadde på Sunde i to, seier Tom Farsund, som planla husbygging samtidig som han fylte 60.

Og slik vart det. To hus, tett i tett, står no oppførte berre eit steinkast frå der Tom vaks opp. Tom og kona bur i det eine, dottera med familie i det andre.

– Dei fleste synest det er både tøft og fint at eg har bygd hus i grenda eg vaks opp i. Eg er spesielt glad i himmelen på Sunde. Vesthimmelen, som eg kallar den.

Urban asfalt
Med hus følgjer hage og vedlikehald, som husmåling, plenklipping og meir. Kvir han seg ikkje på det no som han nærmar seg pensjonsalder? Vil han ikkje bruke fritida på anna?

– Eg hadde mykje større hage der eg budde før. No har vi lagt urban asfalt rundt huset, og vi har liten hage. Vi skal nok klare å halde graset ”nedåt”. Det rykker litt i bonden i meg, så det kan godt vere at det blir 5 kvadratmeter med poteter etter kvart, smiler han, og kvir seg ikkje på litt vedlikehaldsarbeid.

– Eg har heldigvis vet til å ha svigerson og barnebarn i nabohuset, så eg har sikra meg der, ler han.

Ville bruke meklar
Å bygge hus er ein krevjande prosess. Du skal ta mange val, og tett kontakt med byggherre er nødvendig. Tom var difor ikkje i tvil om at han skulle bruke meklar til å ta seg av salet av det gamle huset.

– I starten var det eit spørsmål om vi skulle bruke meklar, for det kostar jo, men ettersom tida gjekk var eg ikkje i tvil: Å selje hus hadde eg ikkje tid til. Eg veit at Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har god kunnskap om det dei driv med, og ikkje minst beherskar dei alle marknadskanalane du treng for å nå potensielle kjøparar. Difor tok eg kontakt med dei. Å selje hus betyr mykje papirarbeid og store summar i omløp. Tryggleik, og at salet skjer i sikre former, er viktig for meg. Med husbygging og travel jobb var ikkje eigedomssal noko eg ville bale med, for det hadde kosta meg tid og pengar uansett, forklarar han.

Nervepirrande vising
Når du har investert store summar i eit nytt hus, er det nervepirrande å selje det gamle. Tom og kona var avhengige av å selje huset sitt i Førde.

– Vi var jo litt nervøse for om nokon var interesserte, og om vi fekk den summen vi hadde sett for oss. Saman med meklar planla vi vising når hagen var grøn og tomta var på sitt finaste. Eg tykte det var litt stille og lite folk på første vising, men meklaren hadde is i magen og berre fortsette å mate på med annonsering. Etter kvart kom det til nye interessentar, og det vart til slutt bodrunde.

Tom og kona kunne glede seg over at dei fekk den summen som dei meinte var riktig.

– Meklar sin kunnskap rundt bodrunden var heilt avgjerande for at vi fekk selt. Der meiner eg Eigedomsmekling Sogn og Fjordane gjorde ein profesjonell og god jobb. Vi fekk prisen vi meinte var riktig for huset, ikkje berre for oss, men også for dei som kjøpte. Meklar sin innsats betalte seg, og eg hadde valt meklar igjen om eg skulle selje på nytt. Men det skal eg heldigvis ikkje med det første. No skal eg nyte livet på Sunde, smiler 63-åringen i flett, nytt hus.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Det er ting på trappene i reguleringskrav frå EU, og det kan ha ein betydning for straumforbruket ditt. I tråd med Paris-avtala er vi alle nøydde til å kutte utsleppa våre. 1. mars i år blei EU sitt bygnings- energidirektiv utgangspunkt for norske reglar for energimerking. Direktivet krev nullutsleppsbustadar innan…
På Indre Øyrane, som på folkemunne vert kalla indrefileten i Førde sentrum, er det god framdrift i utbygginga av Skudeløken sitt første av tre byggetrinn. Byggetrinn 1 består av garasjeanlegg under bakken og seks bygg over som inneheld leilegheiter i ulike størrelsar, kafé, leilegheitshotell og næringsareal for kontor og ulike…
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…