Selje bustad til våren?
16. februar 2018 • Av: arnybo
Ikkje vent for lenge med å kontakte meklar.
Det er lite som minner om vår ute, men like sikkert som at den er på veg, er det at mange vel å selje bustad før sommarferien. For å gjere eit godt bustadsal i høgsesongen, er det viktig med ein plan. Om du kontaktar ein meklar no, har de god tid til å førebu salet og gjere salsobjektet mest mogleg attraktivt. Dette bør du tenke på:
- Finn ut av kva bustaden er verdt. Verdivurderinga er gratis dersom du brukar oss i samband med sal av bustaden innan eit år.
- Er det feil og manglar ved bustaden som du bør utbetre? Småting som kan vere lurt å fikse for å skape eit godt inntrykk? Kva med uteområdet?
- Gode bilde av bustaden er viktig for ein god presentasjon og førsteinntrykket. Mange studerer bilda før dei les teksten.
- Finn ut kva tidspunkt det er lurt å legge bustaden ut på marknaden. Unngå til dømes å gjere det samtidig som naboen.
- Rett marknadsføring er avgjerande for å nå potensielle kjøparar. Vi veit kva kanalar du bør annonsere i for å nå rett målgruppe.
Hugs at vi er din rådgjevar når du skal selje bustad. Saman finn vi ut korleis du skal få eit best mogeleg sal.
Ønsker du å klargjere salet no, slik at vi kan få eigedomen raskt ut på marknaden til rett tid? Kontakt ein av våre meklarar i dag.
Relaterte artiklar
Interiørrettleiing ved Caroline Helle er inkludert i marknadspakken til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane. Caroline har pulsen på interiørtrendane, så vi snakka med ho om årets interiørtrendar.
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Det er ting på trappene i reguleringskrav frå EU, og det kan ha ein betydning for straumforbruket ditt. I tråd med Paris-avtala er vi alle nøydde til å kutte utsleppa våre. 1. mars i år blei EU sitt bygnings- energidirektiv utgangspunkt for norske reglar for energimerking. Direktivet krev nullutsleppsbustadar innan…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.