Sjekkliste før vising
Er du ein av mange som førebur vising i desse dagar? Her får du sjekklista til vising.
Legg på reine sengeklede og pynt med sengeteppe. Bilde frå rekkehus i Innlegda i Førde.
Inne
• Gjennomfør ein skikkeleg husvask. La det vere reint i alle krikar og krokar, og la det lukte friskt og godt. Vindaugsvask er å anbefale.
• Luft godt i heile bustaden, også i boda, kjellaren, loftet, garasjen osv.
• Kaldt ute? Sett på varme. Varmt ute? Gjer det svalt og behageleg inne.
• Fjern tannbørstar, familiebilde, brev og andre personlege gjenstandar som viser kven som bur der i dag.
• Utfør alle små reparasjonar.
• Legg på reint sengetøy, og bruk gjerne eit sengeteppe.
• Klede, sko, handklede og andre lause gjenstandar bør du rydde inn i eit skap.
• Trekk frå gardiner og ta opp persienner.
• Skift lyspærer der det er nødvendig.
• Fjern småmøblar for betre romfølelse.
• Det kan vere lurt å rydde i skap og skuffer. Mange ønsker å sjå hylle- og skuffeinnreiinga.
• Fjern oppvaskkostar, filler og anna frå kjøkkenbenken. Gjer det delikat.
• Rydd vekk smågjenstandar som aviser, leidningar, briller, vekeblad og anna.
• Pynt gjerne med friske blomstrar.
Hald benkeplata ryddig. Bilde frå tomannsbustad på Solheim i Florø.
Ute
• Gjer det triveleg og reint på terrassen. Finn fram hagemøblar, puter og sett fram blomsterkrukker.
• Klipp plenen, hekken og buskene.
• Rydd vekk syklar, leikar, søppelspann og anna.
• Gjer småreparasjonar.
• Gjer inngangspartiet innbydande.
Spørsmål? Spør meklaren din om råd. Han eller ho veit kva som skal til for å presentere bustaden på best måte og skape eit godt førsteinntrykk.
Lukke til med vising!
Gjer uterommet innbydande. Klipp plenen og set fram hagemøblar. Pynt gjerne med blomstrar. Her frå rekkehus i Kvernberget i Førde.