Tips og råd før bustadsal

11. juli 2017 • Av: Inger Marie Lien

Skal du selje bustaden din? Då er du sjølvsagt oppteken av å gjere bustaden din mest mogeleg attraktiv for potensielle kjøparar. Kor mykje treng ein gjere før ein legg bustaden ut for sal?

Ta deg ein runde i alle rom og sjå om det er noko du bør rette opp. Er det nokre lister du hadde tenkt å setje opp, men som det aldri blei noko av? No er tida inne! Og om barnerommet blei måla neongrønt i si tid, er det kanskje på tide å finne ein meir nøytral veggfarge no.

Meklar kjem på synfaring tidleg i salsprosessen og har god erfaring med kva som sel. Dei kan gje deg verdifulle råd om kva du bør ordne før fotografering, visning og sal. Finn fram gamle kvitteringar og få ei oversikt over oppussing og reparasjonar som har vore utført medan du har budd der. Det er kanskje ikkje naudsynt med store oppussingsprosjekt før du skal selje, men litt flikking og nokre malingsstrøk kan gjere bustaden meir presentabel.

Dersom det er mange ting i rommet, verkar det mindre. Fjern rot og personlege gjenstandar, trekk frå gardinene og slepp inn mest mogeleg lys! Pass på at det er lett å bevege seg gjennom heile bustaden. Du kan godt stue ting inn i bod før fotografering, men hugs å rydde lagerromma før visning – dette er viktige rom som ofte blir studert nøye!

Tøm inngangspartiet for sko og klede, sett ut stearinlys og friske blomar. Er det kaldt ute, fyr i peisen om du har ein. Det må vere ryddig og lukte reint når du inviterer til visning. Tenk på at potensielle kjøparar skal kjenne seg velkomne!

Sjå til at det er ryddig og fint i hagen også. Dette er det første og siste ein ser på visning og ein viktig del av heilskapen!

Når bileta er tekne og alle fakta er lagt på bordet (i salsoppgåva), er det tid for annonsering. Då er det om å gjere at flest mogeleg ser at bustaden din er til sals! Del i veg på facebook og så er det berre å vente i spenning til visning…

Ta kontakt med ein av meklarane våre i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane. Vi har mykje erfaring, og vil hjelpe deg til å få fram det beste i bustaden din!

Lukke til!

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Det er ting på trappene i reguleringskrav frå EU, og det kan ha ein betydning for straumforbruket ditt. I tråd med Paris-avtala er vi alle nøydde til å kutte utsleppa våre. 1. mars i år blei EU sitt bygnings- energidirektiv utgangspunkt for norske reglar for energimerking. Direktivet krev nullutsleppsbustadar innan…
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
På Indre Øyrane, som på folkemunne vert kalla indrefileten i Førde sentrum, er det god framdrift i utbygginga av Skudeløken sitt første av tre byggetrinn. Byggetrinn 1 består av garasjeanlegg under bakken og seks bygg over som inneheld leilegheiter i ulike størrelsar, kafé, leilegheitshotell og næringsareal for kontor og ulike…