Bustadmarknaden er på veg til å normalisere seg

25. mai 2020 • Av: Roy Sunde

Som største aktør på sitt felt lokalt har Eigedomsmekling Sogn og Fjordane aktøren hatt fingeren på pulsen til bustadmarknaden i pandemiperioden. Dei såg ein bustadmarknad som fekk ein støkk, men som no byrjar å vakne for alvor att.

 

– Det var ein unik situasjon som oppsto brått, og ingen visste kva som kom til å skje. Det vart mykje uro, og strenge krav i høve smittevern. Det er klart det påverkar bustadmarknaden når vi får dei kraftigaste tiltaka Norge har opplevd i fredstid, seier Frank Robert Klakegg, dagleg leiar for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS.

Frank Robert Klakegg

Forskyving av høgsesong
Mars og april er normalt høgsesong for sal av bustad. I år vart våren litt annleis.
– Normalt er det bra fart på våren. I år fikk vi eit lite opphald frå midten av mars, før aktivitetsnivået løfta seg veldig igjen i mai. «Vårtrykket» er skyvd lenger fram, og ser ut til å ta seg veldig opp framover, seier Klakegg, og understreker at marknaden ikkje stogga opp.
– Det har vore sirkulasjon, visningar og sal av bustadar heile vegen, og bra trykk på bustadane som låg ute, slår han fast og seier at historisk låg renta bidreg positivt.
– Rentenivået vil slå positivt ut på bustadmarknaden framover, så framt ikkje arbeidsløysa stig veldig. Mange har fått forsterka kjøpekrafta si. Vi kryssar fingrane for at arbeidsmarknaden stabiliserer seg, og at næringslivet får god fart framover.
– Eigedomsmeklarar møter mykje folk. Korleis har det vore å jobbe i denne perioden?
– Vi tok grep for å sikre trygge vilkår for både kundar og tilsette, i tråd med krava frå myndigheitene, så meklarane får gjere jobben sin på ein god og trygg måte. Til dømes er det påmelding til visning, kundekontakten skjer med ein til ein kontakt, også på visningar. Ting tek meir tid, men meklarne får gjort jobben med same gode service og kvalitet som til vanleg. Kanskje til og med betre, sidan dei får meir tid saman med kvar kjøpar, seier han.

Digital og lærerikt
Med tilsette spreidd på mange kontor, har mykje av kommunikasjonen skjedd digital.
– Våre tilsette er fordelt på kontor i Sogndal, Stryn, Eid, Bergen, Florø og Førde. Oppgjersavdelinga har vore på kontoret, resten har jobba heimafrå. Vi har halde kontakten via ulike digitale kommunikasjon-verktøy, blant anna avdelingsmøte i Teams. Det har vore ein positiv sak å bli «tvungen» til å ta i bruk nye verktøy. Vi har klart å følgje godt med på marknaden og holde god internkontakt. Påmeldingsfunksjonen på visning har vi og god erfaring med. Meklarane har stått på for å løyse dette på beste vis. Det har medført lengre dagar, men det tek dei med eit smil. No skal vi evaluerer erfaringane og lærdommen vi har gjort undervegs, lære av det og ta med oss det positive vidare, seier han.

Bustadmarknad på bedringens veg 
Med kontor rundt i heile Sogn og Fjordane, og Bergen, får Eigedomsmekling Sogn og Fjordane eit godt situasjonsbilete av korleis eigedomsmarknaden har det til ei kvar tid. Vi tok ei runde med 5 meklarar, på fem forskjellige kontor.

Normalisering i Sogn
Eigedomsmeklar Leif Andrik Teigen seier at Sogndals-marknaden byrjar å likne seg sjølv.
– Då koronaen råka kom det lite nye objekt på marknaden, spesielt mot slutten av mars og eit par veker framover. Eigedomane vi hadde for sal i perioden fikk likevel god respons og oppnådde gode prisar. Etter påska opna marknaden seg igjen, og har normalisert seg gradvis. Det er bra pågang av nye objekt og ein god del eigedommar for sal. Eg ser ingen markant mangel på bustadar lenger, fortel Leif Andrik og held fram.
– Det ser ut som stadig fleire tenker på å selje. Det har gått ein del hus den siste tida, og marknaden har teke seg bra opp, spesielt i mai. Då byrja det å komme fleire på visningar. Prisnivået ser ikkje ut til å ha blitt påverka av dette. Siste vekene har renta prega debatten. Ein merkar at folk føler seg tryggare på at dei kan handtere lån og avdrag på forsvarleg vis med rentenivået vi har no. Det stimulerer marknaden, og dempar korona-uroa. Situasjonen har skapt ei liten forskyving: Normalt ville det vore fleire objekt for sal i perioden vi har lagt bak oss, men no byrjar det å ta seg opp. Eg trur aktiviteten blir høg framover. Vi har ein marknad med liv i, med relativt bra utval, og mykje folk som leitar etter bustad. Med både kjøparar og seljarar til stades, trur eg det blir ein hektisk seinvår/juni. Så får vi sjå om vi dreg med oss ein hektisk marknad seinare ut på sommaren også, seier han.

Normalisering i Bergen
Frå Bergen melder eigedomsmeklar Lise-Mari Mulen om ein bustadmarknad med litt færre bustadar på markanden i høve året før, men som likevel fungerer godt.
– I starten av pandemien var det mykje usikkerheit rundt det meste i samfunnet. Dette spelte sjølvsagt inn på bustadmarknaden også. Når vi no har fått meir informasjon frå styresmaktene ser vi at kjøparane kjem tilbake, og marknaden har byrja å normalisere seg, seier Lise-Mari.
– Bergen er prega av ein vel-fungerande bustadmarknad, men vi ser at prising av objekt er spesielt viktig no. Bustadane blir selt, men vi førebur seljarane på at det kan vere naudsynt med fleire visningar. Dei fleste objekta blir selt rundt prisantydning. Så langt i mai er det lagt ut 64 færre bustadar i Bergen kommune enn på same tid i fjor, så ein liten nedgang har det vore, seier ho og fortel at den låge bustadlån-renta påverkar marknaden positivt.
– Det vil nok føre til at fleire ser moglegheita til å kjøpe i staden for å leige. Det er også slik at med ei lågare rente, vil kravet om å tole 5% renteauke vere lettare å oppnå for enkelte.

Hektisk i Førde
Eigedomsmeklar Trond Bakke har hektiske dagar på hovudkontoret i Førde.
– Dei fyrste vekene etter koronaen trefte oss, merka vi at det var litt færre som ringte oss for å selje bustaden sin. Det har teke seg opp igjen, og vi jobbar no for fullt med å hjelpe kundane våre ut i marknaden. Mai og juni er alltid ein travel periode på vårt kontor, og det blir det definitivt i år også. Berre den siste veka har eg signert 8 nye salsoppdrag, dei fleste skal ut for sal snarleg, seier Trond og fortel at frå deira ståstad, fungerer bustadmarknaden godt.
– Vi har mange sal til gode prisar, over takst som folk gjerne er opptatt av. Vi jobbar i mange ulike, og relativt små marknader. Eldre einebustader med stort behov for modernisering er vel objekttypen som har blitt mindre etterspurt dei seinare år, elles går det meste forholdsvis raskt, til gode prisar.

Låg rente gir større interesse
– Rentenivået slår vel positivt ut på interessa?
– Det er i alle fall første gang i mi levetid det er «kjekt» å ha lån, seier Trond spøkefullt.
– Generelt er dei to største drivarane i bustadmarknaden arbeidsmarknaden og rentenivået. Har du ein trygg jobb, har du god kjøpekraft no, grunna renta, låge straumprisar og billig drivstoff. Det kan vere eit godt høve for førstegongs-kjøparar til å komme seg inn på bustadmarknaden. Eg er litt spent på framtida, men veldig optimistisk på at dei fleste vil klare seg godt gjennom denne perioden. Dei med størst usikkerheit blir truleg sittande på gjerdet litt. Det blir spennande å sjå korleis rente og arbeidsmarknad utviklar seg. Eg trur renta skal vere låg lenge, og det vil i så fall slå positivt ut. Då er ein av dei to store drivarane innfridd. Historisk sett har vår region hatt låg arbeidsløyse. Det trur eg held fram, sjølv om det er litt spenning på kort sikt, seier han og slår fast at det er tidleg å spå bustadmarknaden framover.
– Dette er ein situasjon ingen av oss har erfaring med, og vi har ikkje levd med den så lenge endå. Per no er det grønt lys og godt aktivitet i bustadomsetninga, gode besøkstal på visningar og bustadar blir seld til gode prisar. Fasiten ligg eit godt stykke framfor oss. Største skilnaden er at vi må jobbe meir per sal, på grunn av hygiene- og tryggleiksrutinane vi har lagt oss til i samband med korona-epidemien. Men det gjer vi med glede, slår Trond fast.


Avventande i Stryn
– Korleis ser bustadmarknaden i Stryn-regionen for augneblikket?
– Den har vore prega av at av kundane er litt usikre ei tid: Dei er avventande, og lurer på korleis marknaden vil utvikle seg, også på dette med pris. Det verkar som ein del ventar, fordi dei trur prisane skal ned. Med så låg rente som vi har no, trur eg ikkje prisane kjem til å gå ned, seier eigedomsmeklar Kamilla Nedre-Flo, som fortel at marknaden i Stryn er vel så prega av få einebustadar for sal for tida.
– Vi har veldig mykje leilegheiter til sals no. Dei tek generelt lenger tid å omsette i Stryn, også i normalår. Einebustadar er dei mest attraktive objekta her. At det er lite einebustadar for sal påverkar marknaden. Kjem det einebustadar med god plassering, går dei vanlegvis ganske raskt. Det trur eg dei vil gjere no også til tross for tida vi er i, seier ho fortel at renteeffekten ikkje har påverka marknaden i Stryn heilt enno.
– For dei som er i trygg jobb, er det utruleg gunstig å låne pengar for tida. Det gir store høve til å betale ned mykje på avdraga sine også, for dei som ønskjer det. Dette trur eg vil slå positivt ut på marknaden framover, etter som folk vender tilbake i normalt gjenge. I takt med at samfunnet normaliserer seg, vil bustadmarknaden truleg følgje etter, seier ho.

Florø lev sitt eige liv 
I Florø melder eigedomsmeklar Greta Halvorsen om ein lokalmarknad som lev etter sine eigne reglar – som vanleg.
– Bustadmarknaden i Florø er forholdsvis roleg for tida, men ikkje verre enn før koronaen – heller betre, seier ho med eit smil. – Det er typisk Florø – marknaden her lev i si eiga boble. Når det går treigt andre stadar går det bra her, og omvendt.
– I Florø har det vore roleg lenge, men vi sel bustadar som «normalt» no. Prisane er variable, alt etter objektet. Nokre går kjapt til gode prisar, andre tek lengre tid. Vi har innarbeidd gode rutinar i høve korona: Elektronisk påmelding til visningane, og så legg vi opp visninga etter kor mange som har meldt seg. Det meste kan fiksast elektronisk i dag, slår ho fast og deler den største utfordringa på bustadmarknaden i Florø per no.
– Vi har lite tilflytting, og ein del fråflytting. Kjøpegruppa er for liten. Vi ønskjer oss fleire folk til Florø. Låg rente gir folk større handlefridom, som er bra. Det er nok hovudårsak til at bustadsalet går som «normalt» i koronatidene. Vi ønskjer oss meir «fart» men då må fleire ønskje å flytte til Florø.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…