Den viktige sola

18. januar 2018 • Av: Kristine Slettehaug

Svært mange ønsker å bu på solrike Vie i Førde, og bustadprosjektet Nedre Bøbakkane opplevde rekordraskt sal då det vart lansert. Kva er det som lokkar?

– Eg har inntrykk av at folk trivst svært godt her i bakkane.

Det seier eigedomsmeklar Randi Vigdal. Ho besøker byggeplassen til Nedre Bøbakkane, der det neste år vil stå ferdig seks tomannsbustader. ”For dei som er i ein mellomfase”, som ho kallar det. Sola bryt så vidt gjennom skyene, medan byggearbeidarane et lunsjen sin.

– Dette er bustader som passar perfekt for barnefamiliar i startfasen, eller godt vaksne som synest det blir for lite med ei leilegheit. Her kan barnefamiliar bu med heile fire soverom, eller godt vaksne som ønsker å ha god plass til besøk av til dømes familie og barnebarn.

Med alderen kjem ønsket om sol

Ho har merka seg at faktoren «solrikt» blir viktigare og viktigare med åra.

– Dei yngste er ofte mest opptatt av kort veg til aktivitetar. Kvar det er mest sol, er ikkje fullt så viktig. Det ønsket kjem gjerne litt seinare i livet, og kan då vere heilt avgjerande for kor ein vil bu.

Attraktive Vie

Og den viktige sola, den har dei på Vie. Fleire og fleire har fått auga opp for dette området, og det har vore rekordraskt sal av bustadane i Nedre Bøbakkane. Også tomannsbustadane som no er lagt ut for sal har hatt stor pågang.

– Mange kontaktar Eigedomsmekling Sogn og Fjordane og ønsker meir informasjon om desse bustadane. Vi har fleire interesserte på liste, og desto tidlegare ein, desto større påverknad kan ein få på korleis interiøret skal bli, seier ho.

– Men alle bustadane er fine med god standard. God takhøgde gjer dei luftige og lekre, og alle har altan og disponerer ein hageflekk som ligg til.

Randi forstår godt at området er attraktivt.

– Eg trur det er kombinasjonen av å bu tett på fjellturar, fine turområde og gode gangvegar, samtidig som det er kort veg til butikkar, sjukehuset, skule og barnehage. Og sjølvsagt det at det er så solrikt. Vi er ikkje bortskjemde med sol på Vestlandet, og då vil vi nyte dei solstrålane vi får. Her kan du sitte på altanen og nyte både utsikt mot fjella og nydeleg kveldssol.

Livsløpsstandard

Sjølv om Nedre Bøbakkane kan vere ein mellomstasjon for dei som synest leilegheit blir for lite og einebustad for stort, er det ikkje noko i vegen for å bu her livet ut.

– Fire soverom, to stover og livsløpsstandard gjer at mange ønsker å busetje seg her for godt. Og det er jo lett å forstå. Her bur du med både landlege kvalitetar og kort veg til servicetilbod. Og sjå, der kom jammen sola tilbake. Er det ikkje fint?

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Etter 27 år i Hornnesvegen 18A skulle Carmen Schneider og Moisès Romero selje bustaden sin. Det enda med prisrekord i burettslaget deira.
Kamilla Nedre-Flo er tilbake på jobb som meklar i Stryn etter fullført  mammapermisjon.
Jag trivs bäst i öppna landskap, nära havet vill jag bo, sang Ulf Lundell. Om du føler det slik, har du no moglegheita på Søre Gjørøy i Bulandet, det vestligaste levande fiskeværet i Norge. 11 tomter med fantastisk utsikt er no nemleg til sals.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har 13 meklarar, fordelt på ei avdeling i Bergen og 5 her i fylket. Med våre dyktige, erfarne meklarar torer vi påstå at ingen kjenner bustadmarknaden i Sogn og Fjordane betre enn oss. Randi Vigdal er ein av våre mest erfarne meklarar.