Eigedomsmekling i ny drakt

8. februar 2018 • Av: arnybo

I februar kjem vi i ny, burgunder drakt. Litt stiligare, men den same på innsida: Eit trygt og sikkert val når du skal selje bustad.

– Vi jobbar heile tida med å utvikle oss for å gje kundane det beste produktet. Dei siste åra har vi lagt ned mykje ressursar i salstrening, ny teknologi for målretta marknadsføring, profesjonelle fotografar og dronefoto. Når vi no vidareutviklar profilen, er det for å markere oss sterkare. Den skal bidra positivt i bustadsal og ikkje minst appellere og vere tydeleg, forklarar Kjartan Aarnes, konstituert dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

Med seg har han Mette Grytten, grafisk designar i Sparebanken Sogn og Fjordane si marknadsavdeling. Ho har fått jobben med å vidareutvikle profilen, og endringane medfører blant anna at eigedomsmekling får ein ny versjon av logoen og ny hovudfarge.

– Det har lenge vore behov for å skilje profilen til banken og eigedomsmekling. Vi skal fortsette å marknadsføre oss i lag, men med to logoar er det lettare å vise kven avsendaren er. Finanshuset Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr stor breidde i tenester, og no står merkevara til eigedomsmekling tydelegare.

Menneskeleg, nær og autentisk

Grytten seier at det kjennest veldig rett når dei no lanserer logoen i ny, burgunder drakt.

– Det er ein profil du får energi av! Vi har gått mange rundar for å finne rette fargen, men no som vi har bestemt oss, er eg sikker på at den står for det vi ønsker å formidle: det menneskelege, nære og autentiske.

Ho får støtte av Aarnes:

– Rådgjevarrolla kjem betre fram i den nye fargen. Vi er meir enn tal og omsetting av bustader. Det synest eg Mette har fått fram på ein fin måte, og eg håpar kundane opplever profilfornyinga som eit positivt løft. For oss er det viktig å alltid tilby det beste til kundane, og eit mål å vere den mest synlege og tydelege meklaren i området, avsluttar han.

 

 

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…