Endeleg kan du kjøpe tomt og bygge hus på Bulandet
Jag trivs bäst i öppna landskap, nära havet vill jag bo, sang Ulf Lundell. Om du føler det slik, har du no moglegheita på Søre Gjørøy i Bulandet, det vestligaste levande fiskeværet i Norge. 11 tomter med fantastisk utsikt er no nemleg til sals.
Bulandet består av 365 øyer, holmar og skjær, så havet ligg nær på same kvar du er. Og det er utfordringa: Strand- og vernesoner, har gjort det vanskelig å få skilt ut tomter.
– Det var ikkje tomter her før vi opna Blåstjerna bustadområde. Prosessen byrja med at vi ønska å selje ei tomt i 2007. Vi måtte vente til kommunen rullert arealplanen i 2010. Då hadde grendalaget fått inn bustadområdet. Sidan har vi jobba med godkjenning, og at ein kan eige ned til sjø. Det gjer tomter attraktive, så det er viktig, seier Liv Turid Gjørøy, som eig tomtene.
Søre Gjørøy i forgrunn på biletet.
Midt mellom himmel og hav
– Kva er det beste med å bu her ute?
– Himmel og hav, seier Liv Turid og ler.
– Det er noko med det at det er så ope og fritt. Tomtene ligg utruleg flott til, med fantastisk utsikta. Du har sol «heile døgnet», og bur så godt som i sentrum, men likevel for deg sjølv, seier ho og reklamerer for Bulandet.
– Vi er eit eige lite samfunn her, med mykje trivelege folk, og mykje aktivitet. Det skjer noko støtt, både innan idrett og kultur. Tomtene ligg i gangavstand til Bulandet fiskeindustri, vår flotte butikk, 10-årig skule, barnehage, kafé, kunst- og historisk utstilling og fantastisk natur. Vi har frisør, fotpleie, turistnæring og meir. Både Værlandet og Bulandet har flotte turløyper og utsiktspunkt, det vi treng meir av er folk. Værlandet byr på steinindustri, lakseoppdrett, havhotell, gjestehamn og villsaudrift. Dei heiter vill, ler ho, men dei er like selskapssjuke som vi her ute, så dei kjem hit og beiter også.
Fantastisk utsyn
Bulandet treng folk, og folk treng hus
Liv Turid håpar at bustadområdet skal bli til gode heimar, fylt med folk.
– No må vi i gang med salet, så vi kjem i sving. Dette er viktig for Bulandet. Det har flytta ein del ungdommar heim, med familie. Nokre overtek og pussar opp gamle hus, medan andre har flytta att fordi dei ikkje få tomt. Det har vore krevjande for dei som vil etablerer seg. Eg har døme på folk som har etabler seg i leigd bustad, som i årevis har prøvd å skilje ut ei tomt, seier ho og held fram.
– Det er ikkje buplikt her, men du må bygge eit hus etter dei krav og reglar som samsvarer med reguleringsplanen. Vi håper å selje tomtene, og at folk flyttar hit. Vi treng trafikk på ferja, kundar på butikkar og kafear og gjestehamn og anna, og ikkje minst ungar til barnehage og skular. Bulandet treng folk, og folk treng hus å bu i seier, ho.
Meklar Randi Vigdal
Kjekt og viktig
– Dette er eit kjekt prosjekt å jobbe med, fordi dette bustadområdet er særs viktig for Bulandet. No kan dei som ønskjer det bygge hus der, i eit regulert, tilrettelagt felt, på flotte vestvende tomter, som ligg utruleg fint til, fortel eigedomsmeklar Randi Vigdal, som sit på Eigedomsmekling sitt Førde-kontor.
– Dette er eit felt vi kjem til å jobbe med ei tid. Når ein sel tomter må kundane gjerne tenke seg litt om: Er der her eg vil bu, kva skal eg bygge osv. Men det har vore bra respons på dei eigedommane vi har selt her ute før.
11 av 15 tomter er til sals i første byggetrinn. Tomtene er store, vestvende og solrike og blir opparbeidd med gruslagd tilkomstveg, vatn, avløp og fiber til kvar tomtegrense. Kvar tomt har rett til nausttomt, men frådeling av den kjem som tilleggskost, på to eigne område for sjøbøy/naust. Det er og to område for flytekai.
Les meir om tomtene her: