Er du klar for å realisere hyttedraumen?
I Hodlekve ligg det meste til rette for gode dagar på ski.
Drøymer du om aktive dagar på ski og trivelege kveldar i ei koselig hytte? Då ventar dine beste månadar!
Om ski og hytteliv freistar, er ikkje det rart. Ein er friare ute i naturen, som glir forbi til lyden av ski mot snø og skistavar som rytmisk fører deg vidare. Ikkje minst i strevet på veg opp ei fjellside, med hjartet taktfast bankande, ventande på løna som kjem på toppen: Vidsynet over verda, når sola smiler, og bakken ventar på nedfart. Det beste er jo å komme inn på hytta di. Du fyrer i peisen, høyrer veden sprake og varmen brer seg. Det einaste du skal no er å senke skuldrane, nyte god mat i godt selskap og kjenne sjelefred sige på. Den du berre finn her.
Langrenn + fjellheimen = sant
Hytte+ alpinsenter= sant
I Norge elskar vi fjella våre så sterkt at vi kallar dei for fjellheimen. For mange er hytte der det ein ønskjer mest. Vi ønskjer oss nærmare naturen, for å kople av og nyte livet, med skiturar og late soldagar i hytteveggen. På hytta let vi kvardag og klokke bli liggande igjen heime. Om du jaktar på hytte, og ønskjer aktive dagar med alpin, langrenn og toppturar finn du to særs gode alternativ lokalt: Hodlekve Skisenter i Sogndalsdalen, og Jølster Skisenter på Vassenden.
Om det freistar med hytte der – sjå kva som er tilgjengeleg via Eigedomsmekling Sogn og Fjordane nett no:
https://www.eigedomsmekling.no/
Flott utsikt frå Holtane Hyttegrend
Eldoradoet Jølster
Om du vil ha hyttetomt ved Jølster Skisenter er Daniel Einen på Eigedomsmekling Sogn og Fjordane sitt Førde-kontor mannen å kontakte.
–Ein styrke med feltet Holtane Hyttegrend er det breie utvalet av fritidsaktivitetar i nærområdet, heile året rundt i flott natur. Ofte er dei større fritidsstadane i landet, som Hemsedal, basert på ein sesonghovudattraksjon. Her får du 4 km med preparerte alpinløyper og 15 km langrennsløype like ved feltet om vinteren, og om sommaren er det kort avstand til mange toppturar, golf, rafting, fisking i Jølstravatnet med meir, seier han og held fram. – Hyttefeltet ligg i ideell avstand til fleire tettstadar, ein har kort veg til daglegvarebutikk med godt utval og ein får flott utsikt og gode soltilhøve, seier Daniel.
På Jølster Skisenter er det berre å sette i gang og leike seg på ski.
Jølster Skisenter
På Jølster Skisenter er sesongen godt i gang.
– Vi la snø veldig tidlig, og utnytta kuldeperioden. Så regna noko vekk, men vi har vore på ballen heile vegen og utnytta moglegheitene til å produserer snø, så no er så og seie heile anlegget ope, seier dagleg leiar Even Hole og fortel at Jølster har mykje å by på.
– Jølster er eit eldorado, med mykje spennande å finne på, sommar som vinter. Her finn ein spennande infrastruktur, med golf, fjell, fiske og ikkje minst Jølster Skisenter. Eg har vore Jølster-patriot heile vegen og er her mykje privat også. Jølster Skisenter ligg særs nær E39, og i nær tilknyting til alle fjella i Jølster. Det er ei gunstig plassering, samtidig som vi har eit breitt og godt tilbod. Vi er eit eit-i alt anlegg: Vi har både familie- og turistkvalitetar, og eit godt tilbod til aktive alpinistar som ønskjer å bli gode. Her vil alle finne løyper som høver dei. Samtidig er vi særs gode på å preparere og lage godt underlag. Vi har og gratis barneheis i botnen av anlegget, den opnar vi til helga. Hyttelfeltet ligg på begge sider av løypenettet, med ski inn-ski ut til anlegget, omtrent på 400 moh, der er det veldig snøsikkert, seier han.
God stemning frå toppen av trekket i Jølster Skisenter.
Hytte i Hodlekve – lett tilgjengeleg frå̊ heile fylket
–Hytte i Hodlekve gir deg mange moglegheiter og flott natur, året rundt. Det er lett å komme seg hit for alle i fylket, og området er i vekst med mykje hytter under oppføring. Dette er ei god investering. I Hodlekve får du flotte fritidstomter i Rindebotn. Terrenget er svakt hellande og fint, med ski-in/ski-out moglegheiter, både til alpinbakken og turløypenettet. Alt ligg til rette for fantastiske opplevingar heile året. På sommartid er det god tilgang til fiskevatn oppe ved Fagereggi og i Dalavatnet i Sogndalsdalen. Tomtene i Rindabotn har gode soltilhøve, og fantastisk utsikt mot Fagereggi og Blåfjellet, seier Olav Skjeldestad ved Eigedomsmekling Sogn og Fjordane sitt kontor i Sogndal. –Sogndal skisenter Hodlekve består av 5 skitrekk i varierande lengde, 2,5 km preparerte nedfartar, 10 km langrennsløyper og preppa skiløyper til fjells. Dei byr også på verdas beste skogskøyring.
I Hodlekve er det kort avstand til skibakken: ski-in, ski-out.
Den beste snøen i landet – heilt i verdstoppen
Om du er glad i å stå på ski, eller berre elskar snø, er Sogndal Skisenter Hodlekve eit sikkert kort. Sogndalsdalen er eit av dei store snøhola i Noreg. Nedbørsrik, men også med stabile forhold over lang tid.
–Vi fekk eit realt dump med nysnø for over ei veke sidan. Framleis ligg den upåverka av vind og ver i skogane våre. Ein treng ikkje gå høgt til fjells for å finne mykje og god snø. For det er det vi er kjent for. Mykje snø. God snø. Ja faktisk ein snøkvalitet i verdstoppen. Fordelt over store områder finn ein enno mykje uspora dunsnø, eller ”pudder” som dei seier i byane, lenge etter siste snøfall, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i Sogndal Skisenter Hodlekve.
Snøsikkert
Anlegget har om lag 130 opningsdagar i året. Normalt held anlegget opent til 1.mai. Men en ein kan gå på ski her mykje lenger om ein vil. Det er vidgjetne fjell ein snakkar om.
– Grunnen til det er at vi får hjelp av ein god, kald nabo. Jostedalsbreen. Breen tek ut litt av fukta i snø- en, slik får vi mykje tørrare snø enn mange andre stader. Den er kjekkare å leike i enn den våte. Vi har eit stabilt innlandsklima, men med nedbør frå vest. Hodlekve er eit utruleg godt alternativ. Her kjem du midt i hjartet av vinter-Norge. Det er ingen stad som er meir snøsikkert enn her, hevdar Grevsnes.
-Uspora dunsnø, eller «pudder» som dei seier i byane.
Heile året
Om du skal ha deg hytte er Hodlekve eit særs godt stad å ha den.
–Sogndal kommune har peika ut Hodlekve som eit område som skal utviklast for leik og moro, rekreasjon, hytter, eit anlegg for fremming av folkehelse og trivsel. Her er utbygd og tilrettelagt for alpin og langrenn, sykling om sommaren, stiar og meir til. Målet er det vere triveleg for dei som bur i området, hytteeigarar og turistar, sommar som vinter. Det blir satsa mykje på å gjere området attraktivt, for å utvikle ein heilårs ferie- og fritidsdestinasjon. Og eventyret har berre nettopp byrja seier han.
Sol, fjell og nypreparerte løyper. Då er det berre å pakke sekken og kose seg.
God og tilrettelagt utvikling
Hodlekve er blitt ein særs populær stad å bygge hytter.
–Mange realiserer sin hyttedraum her for tida. Det er så langt seld over 100 hyttetomter her, så her er det mange gode hyttenaboar i eit triveleg miljø. Dalalåven heiter det nye store fleirfunksjonelle servicebygget vårt, på cirka 1000 m2. Vi ser konturane av det som blir den nye storstova i skisenteret og Sogndalsdalen. Her finn ein kafé, sportsforretning, og andre servicefunksjonar. Det er god infrastruktur med vegar, og vi kan tilby alle utbyggjarane fiber og andre gode løysingar. Dette er vår eigen vesle oase. Ein når og Sogndal sentrum på 12 minutt, der finn ein absolutt det meste ein treng om ein har behov. Nemnte eg at alle hyttene og hyttefeltet er rigga for ski in ski-out? Betre kan det vel ikkje bli avsluttar Grevsnes.
I galleriet under finn du flotte stemningsbilete frå Sogndal skisenter Hodlekve: