Fikk rekordpris for leilegheita si

23. juni 2020 • Av: Roy Sunde

Etter 27 år i Hornnesvegen 18A skulle Carmen Schneider og Moisès Romero selje bustaden sin. Det enda med prisrekord i burettslaget deira.

Akkurat det var dei naturlig nok ganske nøgde med.
– Daniel Einen, som var meklaren i salet, dreiv ikkje opp forventingane til prisen vi kunne få på førehand. Dette var jo midt under pandemien, og mykje uvisse. Når bodrunda var over, og han fortalte kva leilegheita hadde gått for, fekk eg sjokk av glede! Mannen min var på jobb, og hadde ikkje fått med seg dei siste boda. Når eg sa summen til Moisès datt haka hans ned eit hakk, seier Carmen og smiler.

God timing – og eit godt stykke arbeid frå begge partar
Eigedomsmeklar Daniel Einen trekk fram mange faktorar som spelte på lag, som saman bidrog til at det vart prisrekord i dette burettslaget.
– For det første var dette ei veldig fin leilegheit, som var velhalden. Eigarane hadde vore flinke med vedlikehald undervegs, og hadde pussa godt opp. Overflatene var fine, kjøkkenet ganske nytt: vi snakkar ikkje oppussingsobjekt, her kunne ein flytte rett inn, til god standard , seier han og held fram.
– I tillegg var timinga god: Renta var låg, då ser fleire moglegheita til å kjøpe. Det var heller ikkje så mange bustadar i denne storleiken på marknaden. Folk treng ein stad å bu, sjølv midt i ein pandemi. Vi fekk jobba godt med dette salet, som med alle sala, men som ein bieffekt av pandemitiltaka får vi meir 1-1 kontakt med potensielle kjøpar. Det slår også positivt ut.

Eigedomsmeklar Daniel Einen 

Godt inntrykk, og ein god avtale
Ei årsak til at Carmen og Moisès valte Eigedomsmekling, er at ho som LO-medlem får gunstige prisar. Ein anna var at Daniel gav eit veldig godt inntrykk.
– Vi hadde meklarar frå andre selskap heim til oss, men eg følte dei stilte masse krav til at vi måtte endre på ting. Eg ønskja ikkje å male eller ta inn møblar for å style. Eg ville rydde, vaske og lage den til som den var, så kjøpar fikk det rette inntrykket, seier Carmen.
– Når Daniel møtte oss, gjorde eit godt inntrykk på oss frå start. Eg opplevde han som høfleg, rolig og behageleg. Han tok seg tid til å lytte, og vi hadde mange spørsmål. Dette var det første bustadsalet vårt, så vi hadde mykje vi lurte på. Daniel forklarte ting på ein fin og god måte. Han snakka ikkje om at vi måtte endre på leilegheita, men fokuserte på kva vi skulle gjere før visning.

Ei god støtte undervegs
Det gode inntrykket haldt seg gjennom heile prosessen, frå første møtet til salet.
– Daniel var flink til å halde kontakt undervegs. Han ringte etter visning, for å fortelje at han hadde låst, og korleis det hadde gått. Vi følte oss godt ivareteke frå start, seier ho.
Å selje ein bustad er ein hektisk, spennande prosess, og spesielt den siste etappen når boda byrjar å ramle inn. Noko også Carmen kjente på.
– Når eg hadde gjort leilegheita klar til visning, og måtte forlate den, bad eg han om å sjekke. Han såg over alt, var godt nøgd, og sa at eg hadde gjort ein kjempejobb. Det betydde mykje for meg at han ikkje pirka. Han tok over leilegheita, og forklarte kva som skulle skje vidare. Eg trur det einaste han bad meg om å gjere var å ta vekk eit teppe, seier ho og smiler.
– Undervegs i bodrunda var eg svært nervøs! Daniel var rolig og støttande, og fekk meg til å føle meg trygg.

Godt nøgd med Eigedomsmekling
– Ville du anbefalt Eigedomsmekling til andre?
– Heilt utan tvil, og det har eg også gjort. Vi må vere flinke til å anbefale det som er bra, og eg har prata med mange om Eigedomsmekling og kor nøgd eg er, seier ho og fortel at det var godt med ein stødig meklar, i ein kjekk, men også litt spesiell prosess.
– Det var jo vemodig å flytte ut, vi har så mange opplevingar i det huset. Når vi flytta inn var eldste sonen min nyfødd, no er han 27 år. Eg tok bilete for å ha i fotoalbumet, som eg og sendte til mor mi i Chile så ho kunne minnast leilegheita. Men det handlar om å ta dei rette vala for framtida. Den nye bustaden vår på Viebøen har ein hybel til utleige, i eit attraktivt bustadområde. Det er eit fornuftig økonomisk grep. Vi bur i gangavstand til barnehage, sjukehuset, butikken, og skular, i eit nytt, rolig og reint nabolag, så det gjer det trygt og enkelt å få leigd ut. Vi er veldig nøgde. Vi kjøpte faktisk gjennom Eigedomsmekling også, ved Trond Bakke. Han var også veldig flink, avsluttar Carmen.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Det er ting på trappene i reguleringskrav frå EU, og det kan ha ein betydning for straumforbruket ditt. I tråd med Paris-avtala er vi alle nøydde til å kutte utsleppa våre. 1. mars i år blei EU sitt bygnings- energidirektiv utgangspunkt for norske reglar for energimerking. Direktivet krev nullutsleppsbustadar innan…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Når Lisbeth Aasen Andersen skulle vende tilbake til eigedomsmeklaryrket var valet enkelt: 1. juni byrja ho i ny jobb hos Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.