Framtidas meklarar

16. januar 2018 • Av: arnybo

Sjølv om det stadig dukkar opp nye, digitale sjølvhjelpstenester for å selje eigedom, trur studentane på eigedomsmeklarstudiet i Sogndal at det vil vere bruk for dei.

– Eg er ikkje redd for at etterspurnaden etter hjelp til å selje bustad, vil dø ut. Ikkje i mi yrkestid, seier Emma Mordal 22 år frå Molde.

Ho går tredje året på eigedomsmekling ved Høgskulen på Vestlandet og er ein av framtidas meklarar. I ei tid der både kunnskap og hjelpemiddel aukar i befolkninga, trur ho likevel at det vil vere behov for råd og støtte i prosessen med å selje bustad.

– Det følgjer med stort ansvar ved kjøp og sal av eigedom. Noko av det mest fascinerande eg har lært ved studiet, er kor strengt regulert bransjen er og kor mykje kunnskap du skal ha for å gjere eit godt sal. Eg er sikker på at folk ønsker hjelp med dette, også i framtida.

Sjokk å komme ut i arbeidslivet

Store delar av meklarstudiet består av økonomi- og jusfag.

– Første året var det mykje økonomi, og då merka eg at eg var litt utolmodig og gira på på å lære meir om eigedomsmekling. Det er jo det eg skal drive med! Samtidig forstår eg at økonomi og jus alltid må ligge i botn. Det er berre ikkje like spennande, ler ho.

I feriar og på fritida har Emma jobba som medhjelpar ved eit meklarkontor i heimbyen Molde.

– Det har vore utruleg spennande! Det er ein stor fordel å få prøve seg på fritida, og eg ser at eg får bruk for det i studiet – og omvendt. Mange får sjokk når dei kjem ut i yrket og oppdagar at jobben består av mykje meir enn visingar og bodrundar. Jobben består mest i papirarbeid og kundekontakt. Eg fekk sjokk, sjølv eg! Berre det å førebu eit prospekt og halde vising krev enormt med tid.

Ho er klar over at ho har valt ein bransje der jobben blir ein livsstil med mange lange dagar.

– Det er eg ikkje så bekymra for. Eg likar å jobbe, og mange yrker i dag krev at du jobbar mykje og er tilgjengeleg. No gler eg meg til å komme ut i arbeidslivet og håpar å få jobb i Molde. I mine auge er kombinasjonen kontorarbeid og å reise rundt og treffe menneske heilt perfekt, avsluttar ho.

Gira på å jobbe

Då Johan Slåtten skulle velje studiestad, gjekk han bevisst etter ein liten stad. Han var på jakt etter eit intimt miljø med gode, faglege diskusjonar og godt samhald.

– Sogndal har små klassar, og det var akkurat det eg såg etter. Hadde eg gått eigedomsmekling på BI hadde vi vore over 100 studentar i klassen.

Han er 23 år, kjem frå Ål i Hallingdal og glad i både å selje og å møte nye menneske. Difor vart eigedomsmekling eit naturleg val.

– Heile prosessen med å selje eigedom er spennande. Frå å vinne oppdraga til det tikkar inn eit bod. Etter snart tre år med studentliv er eg skikkeleg klar for å komme ut i arbeidslivet. Tida i Sogndal har vore fin, men ein blir jo litt skulelei og gira på å begynne å jobbe.

Ser positivt på meklarframtida

I sommar har han jobba for eit meklarfirma på heimstaden, og er per dags dato tilsett der.

– Det er både travelt og krevjande, men eg trivst med det. Det er alltid noko nytt å oppleve, og arbeidet blir aldri monotont eller kjedeleg.

Heller ikkje han bekymrar seg for at digitale verktøy og sjølvhjelpstenester tek over jobben hans.

– Tal tilsette i bransjen går kanskje litt ned, og det blir nok eit skilje mellom dei meklarane som er dyktige og kvalifiserte, og dei som ikkje er like på. Men eg trur det vil vere bruk for oss lenge. Det er mange fallgruver når ein sel sjølv, blant anna fare for å hamne i tvist etter salet. Tryggleik og rådgjeving ved bustadsal trur eg folk er villige til å betale for i mange år til.

Etter tre år som student i saftbygda, er det på tide å komme seg i arbeid.

­– Til våren legg eg Sogndal bak meg og flyttar heim for å jobbe. Eg kjenner at eg er frykteleg klar for det.

– Kva gler du deg mest til?

– Det aller kjekkaste blir nok å få telefon om at bodet er akseptert, smiler han.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.