Han er den nye leiaren: Møt Frank Robert Klakegg
Det har vore ein hektisk månad for den nye leiaren i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, med mykje å sette seg inn i og mange nye fjes. Vi tok ein rask sommarprat med Frank Robert Klakegg.
– Gratulerer med ny jobb. Korleis går det?
– Det er travelt, men veldig kjekt. Eg kallar det positivt stress, smiler Klakegg.
Ute skin sola, men inne jobbar eigedomsmeklarane på spreng – i det som kanskje er den travlaste tida på året. Mange vil selje hus om våren og sommaren, noko som betyr at den nye leiaren fekk ein heftig start.
– Heldigvis er eg omgitt av kompetente og sjølvgåande meklarar. Det gjer det heile litt lettare, legg han til.
Lang erfaring frå eigedom
Klakegg er frå Florø og har lang erfaring frå sal av eigedom. Han kjem frå jobben som administrerande direktør i Forum Gruppen AS, eit konsern med virke innan handel og eigedom.
– Tidlegare har eg jobba med fleire små og store eigedomsprosjekt, drive med tomteutvikling og vore eigar og dagleg leiar i ei tømrarbedrift. Eigedom er eit spennande felt, og dette var ein jobb eg hadde veldig lyst på, seier han, og gler seg til å utvikle Eigedomsmekling Sogn og Fjordane vidare.
Aktiv fritid
Men kven er eigentleg denne mannen frå Florø, når han ikkje jobbar med eigedom?
– Eg er fødd og oppvaksen i Florø, der eg fylte ungdomstida med venner, skating, film og motocross. Seinare tok eg eit friår i Australia med surfing og dykking. Utdanninga mi har eg frå BI i Bergen, der eg tok ei bachelorgrad i Økonomi og leiing.
I dag bur han i Florø med sambuar og dottera Molly på eitt år. Han har mange fritidsinteresser og nyttar seg gjerne av det kystbyen har å by på.
– Sjølv om det meste av fritida mi har gått til Molly siste året, er eg vanlegvis glad i å drive med segling, vassport, motocross og volleyball, fortel han.
Vil vere ein inkluderande leiar
Som leiar for til saman 20 tilsette fordelt på kontor i Florø, Førde, Nordfjordeid, Sogndal og Stryn, er han opptatt av å bli kjend med alle og sette seg inn i korleis dei jobbar.
– Framover vil eg bruke tida på å reise rundt og besøke kontora våre og møte dei nye kollegaene mine. Eg har sjølv vore kunde av Eigedomsmekling Sogn og Fjordane i mange år, og kjenner såleis selskapet frå eit kundeperspektiv. Det er også nyttig.
På spørsmål om kva han sjølv meiner er ein god leiar, har han klare meiningar.
– Han er tilstades, dyktig, engasjert, empatisk og inkluderande.
Klokketru på den tradisjonelle meklaren
Klakegg går inn i den nye toppjobben i ei tid der eigedomsmeklarbransjen er i endring. Trass tekniske nyvinningar, trur han meklarrolla vil bestå.
– Eg har klokketru på den tradisjonelle meklaren. Digitaliseringa vil ikkje fjerne den, men gi den betre hjelpemiddel til å effektivisere kvardagen.
– Har du eit livsmotto?
– Ver mot andre som du vil dei skal vere mot deg.