Greta har 30 års erfaring med sal av bustad

29. november 2019 • Av: Roy Sunde

Greta Halvorsen starta som bustadseljar i bustadbyggelaget i 1990. Til våren passerar ho 30 års bransjeerfaring. Det gjer ho til ei trygt val når du skal selje bustad i Flora.

Dei første åra selde ho burettslag for bustadbyggelaget. Den gang var ikkje Greta utdanna meklar og kunne difor også berre selje burettslag. At ho byrja i bustadbyggelaget var litt tilfeldig, men ikkje at ho valte å bli meklar.
– Du kan seie at det var tilfeldig at eg snubla inn i yrket, men eg tok eit bevisst val om å utdanne meg, for å kunne jobbe som meklar også andre stader enn bustadbyggelaget. Eg tok avgjersla om at dette var det eg verkeleg ville drive med før lovkravet var vedteke. Eg byrja på deltids meklarutdanning i 1998, parallelt med jobb, og var alt ferdig med utdanninga mi då utdanning vart eit krav i 2007, med overgangsreglar fram til 2011, seier ho.
I 2004 begynte ho i Sparebanken Sogn og Fjordane, etter eit års praksis i Oslo, same dag som Kjartan Aarnes byrja. I 2006 fekk Greta ei jente, og etter permisjonen byrja ho å jobbe for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, på Florø-kontoret. Sidan har ho ikkje sett seg tilbake. Den store skilnaden på å jobbe i Florø og i Førde var at i Florø var ho lokalkjend, og når ho skal selje ein eigedom veit ho ofte ein del om den, fordi ho gjerne har selt bustadar i same nabolag før. Lokalkunnskapen er sterk.

Skryt av arbeidsgjevaren
Det å få ein jobb med mykje kveldsarbeid, der ein lyt vere tilgjengeleg heile tida, til å gå opp med familieliv er ei utfordring, men det er mogleg. Greta er oppteken av eigedomsmekling som livsstil, og brenn for det ho kallar «livslang eigedomsmekling».
– Vi som bur litt i utkantane klarer dette veldig fint, men i større byar ser ein meir av at meklarane ikkje held ut i det lange løp. Arbeidstid kontra løn er eit fokus som burde bli sett nøye på av meklarbransjen generelt. Så lenge dette ikkje blir regulert, blir det for mykje jobb, seier ho og skryt av sin arbeidsgivar.
– Vi har ein kjempegod arbeidsgivar! Eigedomsmekling SFJ er kjempeflinke til å legge til rette for at vi skal få dette til å gå opp. Det er ikkje vanleg at eit meklarfirma legg til rette så mykje som dei gjer. Det viser att i snittalderen blant oss meklarane i selskapet. Det er ikkje utan grunn at vi kan jobbe lenge som meklarar her, medan det er fråfall spesielt i dei større byane. Eigedomsmekling SFJ har gjort noko utradisjonelt i dette yrket: Dei fokuserer på at vi skal kunne vere her lengst mogleg, ikkje berre komme inn og selje mest mogleg før vi skal ut igjen. Dette er eit eksempel bransjen i heile landet burde følgt. Andre stader er meklarane kanskje meir enkeltindivid, men i Eigedomsmekling SFJ er det «VI». Om eg må til tannlegen ein times tid har eg ein kollega som kan ta seg av ei bod-runde for meg. Eg kan også ta meg ei vekes ferie, utan å vere stressa for korleis det går med kundane mine når eg kjem heim – noko som er trygt for både oss som jobbar her og kundane våre, seier ho.

Det viktigaste er lokalkunnskap
Det som trigger Greta er at ho treff folk kvar dag i jobben. Ho sit ikkje på kontoret frå 8-16, men er heime hos folk i husa deira og skal selje det kjæraste dei har. Dette kan vere personlege og sårbare situasjonar, der ein kjem tett på folk.
– Ein må like å snakke med folk og like å omgås dei. Det er ein god eigenskap å vere flink med folk. Du blir nok ikkje vald som meklar om du ikkje har kjemi med kunden, seier Greta.
– Når eg skal selje meg inn som meklar er eg nøye på å vise at eg har god lokalkunnskap og kjenner marknaden i Florø godt. Nett no er det litt tregt, nokon har kjøpt seg ny bustad alt og kan vere bekymra for om dei får selt vidare i tide. Min jobb er å legge opp ein realistisk plan saman med kunden. Eg er vant med marknaden i Florø, og kjenner den godt slik den er no, seier ho og fortel at ho ikkje blir uroa sjølv om marknaden er treg.
– Sånn er det i periodar og det kjem til å lysne att. Heile 2019 har vore prega av ein relativt roleg marknad. Vi skjønnar ikkje heilt kvifor det er sånn, då det avvik frå resten av fylket og landet, men Florø er ein marknad for seg sjølv. Dette er vi vande med. Vi har selt like mange bustadar i år som året før, skilnaden er at det er mange fleire som no er klare for å selje bustaden sin så det er meir til sals. Det folk helst vil ha, som aldeles ikkje er unikt for Florø, er bustadar der ein kan flytte rett inn. Vi vil helst sleppe å gjere noko som helst sjølv, seier ho og svarer på spørsmål om det er for mange konkurrerande firma i Florø.
– Konkurransen er sunn i Florø – her er så mange meklarar som marknaden tåler, seier Greta.

Aldri ferdig utlært
Greta meiner at ho blir meir og meir audmjuk jo lenger ho har jobba.
– Du kjenner etterkvart at du aldri blir ferdig utlært i dette faget, spesielt ikkje på dette med å vere menneskekjennar. Det er framleis kjekt å kjenne at ein lærer noko av kvart einaste sal, seier Greta og fortel at i starten av karrieren var det ikkje særleg stort fokus på presentasjon av bustad. No er dette det som gjerne har størst fokus.
– Det måtte vere reint og ryddig på visning, men det var ingen bilete frå innvendig, eller sals-annonse på nett. Det var eit bilete av bustaden i avisa, og det var gjerne eit fasadebilde. Denne utviklinga har vore utruleg kjekk å vere med på. Det å style ein bustad og klargjere den for sal ser vi er utruleg viktig. Det er mange gamle bustadar til sals her i fylket, men om ein gjer ein ekstra innsats får ein gjort mykje. Kanskje spesielt med uteområdet. Eg «tek på meg» auga med det same eg går inn i ein bustad, og ser kva ein kan gjere for å få fram det beste i kvar enkelt bustad, avsluttar ho.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.