Julie er tilbake frå permisjon – og klar for nye oppdrag

18. mai 2020 • Av: Roy Sunde


Vår dyktige eigedomsmeklar Julie Førde er tilbake frå foreldrepermisjon. Ho gler seg til å møte nye og gamle kundar – og ikkje minst til å hjelpe dei med bustadsal.

– Det er ei blanda kjensle å ha første dag på jobb etter å ha vore heime med babyen min, som det er for dei fleste. Eg har ikkje gått heime og sakna jobb dagen lang, tida går fort når ein har ein baby, men eg har sett fram til å byrje på jobb igjen. Det er kjekt å vere tilbake, seier Julie.

Kjekke kollegaer og kundar
– Ein saknar jo dei mange gode opplevingar ein får via jobben, ikkje minst det sosiale og faglege miljøet der og kollegaene mine. Eg gler meg til å møte nye og gamle kundar, og har i det heile godt av å treffe folk igjen no, seier ho med eit smil.
– Mest av alt gler eg meg til å komme i gong, reise ut i felten, og hjelpe kundane. Det blir kjekt å ordne med det praktiske rundt sal igjen, og ikkje minst å kunne hjelpe folk til å finne drøymebustadane sine, seier ho.

Vender tilbake midt i to historiske hendingar
Å vende tilbake på jobb etter ein lang permisjon er spennande i seg sjølv. Julie fekk i tillegg to store, historiske hendingar på kjøpet: Korona-pandemien og historisk låg lånerente.
– Eg fekk litt sjokk når dette starta, og lurte litt på kva eg kom til å komme tilbake til. Men eg har nok å ta fatt i, seier ho med eit smil.
– Eg er heldig som har jobb i desse tider, det er ikkje sjølvsagt. Vi har gjort ein del grep i høve smittvern, blant anna visning med påmelding, som saman med andre tiltak gjer at vi kan gjere ein god jobb for kundane, under trygge vilkår, seier ho.

Fungerande marknad
– Så per no er det bustadar til sals og kundar som handlar?
– Talet på bustadar og kundar er litt lågare enn det normalt ville vore, men marknaden fungerer ganske bra. Ein normal vår ville det vore fleire som skulle selje, men vi omset bustadar og marknaden normaliserer seg gradvis. Samtidig sit nok ein del på gjerdet og lurer på om dei skal selje eller ikkje no, seier ho og held fram.
– Folk fleste fikk litt sjokk med det same, og så har det roa seg ned litt etterkvart: Livet går vidare og folk flest har henta fram eit litt lenger perspektiv igjen: Vi planlegg ferie, stadig fleire vender tilbake til jobb, og vi er litt nærmare normalen frå før dette smalt, seier ho.

Låg rente
– Lånerenta har jo aldri vore lågare, det slår vel positivt ut på bustadsal?
– Det bidreg positivt til interessa for å kjøpe bustad. Samtidig lever ein del folk med stor uvisse rundt jobb: mange er permittere, nokre har mista jobben og ein del bedrifter går konkurs. Dei som er i jobb har fått auka kjøpekraft. Samtidig hjelp det ikkje kva renta ligg på for dei som har mista jobben. For nokre er det lettare å kjøpe, og for andre er det verre. Fasiten får vi ikkje før det går ei tid, og ein ser korleis dette påverkar økonomien. Det vil vere ei viss uro, og situasjonen vi står i vil strekke seg over tid og gradvis skape ein ny normal. Eg ser relativt lys på den nære framtida, seier ho.

Kjekt å ha Julie tilbake
På kontoret er det også glede over å ha fått tilbake kollegaen frå permisjon.
– Det er veldig kjekt å ha Julie tilbake etter permisjon, seier dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, Frank Robert Klakegg.
– Julie er svært dyktig, kjenner merknaden og kundane i sin region godt, og gler seg til å møte kundane igjen. Ho er levande engasjert i å gjere ein god jobb, og alltid smilande og blid. Om du skal selje bustad i Førde-regionen er ho klar for oppdrag. Du kan ta kontakt med ho på julie@eigedomsmekling.no , eller telefon 975 88 808

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.