Kjartan er vår «sentrale midtbanespelar»

6. desember 2019 • Av: Roy Sunde

Kjartan Aarnes er fagansvarleg i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane. Det gjer han til ein viktig støttespelar for både meklarar og kundar.

Kjartan har utdanning både innan eigedomsmekling og marknadsføring, med internasjonalisering og leiing som spesialisering. Først jobba han som marknadskonsulent i Sparebanken Sogn og Fjordane, før han hadde eit par år som legemiddelkonsulent. Etter dette returnerte han til banken. Der jobba han først som produktsjef, og var innom marknadssjefstolen, før han sette kursen mot eigedomsmekling. I 2004 byrja han i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane. Sjølv seier han at han ikkje har fylgt ein plan for å komme dit han er no, vegen vart til etterkvart.
– Eg er heldig. Det har bydd seg spennande høve i løpet av karrieren, og eg har stort sett fått dei stillingane eg har søkt på, seier han og fortel at det var tilfeldig at det vart eigedomsmekling, men at han trivast særs godt i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

Fagansvarleg
Kjartan si stilling er i dag hovudsakleg «Fagansvarleg» for heile føretaket, men han sel også bustadar innimellom. Hovudjobben hans er å kvalitetssikre arbeidet Eigedomsmekling Sogn og Fjordane utfører.
– Meklarar jobbar i ei av dei mest regulerte bransjane i landet. Vi skal sikre ein trygg og effektiv handel mellom kjøpar og seljar, difor er dette konsesjonsbelagt og veldig strengt regulert. Det er krav om at alle meklarføretak skal ha ein person som kvalitetssikrar at det faglege er på plass, og at lovar og reglar blir fylgt. Ansvaret for dette ligg hos fagansvarleg, som også rettleiar meklarane. Så eg er og ein støttespelar for dei tilsette, som reiser rundt til kontora våre for å følge dei opp jamleg, seier han.
I høve dei som er meklarar på fulltid sit Kjartan litt meir i ro. Det går mykje tid i telefon eller møte med meklarar, med dialog for å løyse problemstillingar som måtte dukke opp.

– Kvifor er erfaring og kunnskap viktig i meklarbransjen?
– Eg er heldig som er i ein organisasjon med meklarar som har lang og god erfaring. Det gjer at nivået på tenestene vi tilbyr blir av veldig høg og god kvalitet, og at jobben som fagansvarleg blir litt lettare: Meklarane eg jobbar med har mykje tyngde på dette feltet. Det å ha lokal kjennskap til marknaden gjer og at vi veit godt kva som skal til for å selje den enkelte eigedommen. Dette kjem kundane våre til gode, då vi kan skreddarsy kvart enkelt sal for å oppnå høgast mogleg pris, seier Kjartan og fortel at i dag er det normalt at ein nyttar meklar ved kjøp og sal. Slik har det ikkje alltid vore.
– Då eg byrja som eigedomsmeklar var ein stor del av jobben å få folk til å bruke meklar. På den tida var det meir vanleg å selje bustaden sin sjølv, seier han.
Når ein har jobba lenge som meklar vil ein etterkvart begynne å tråkke opp stiar ein har gått før. I ein travel kvardag er det då enkelt å sjå på kva som er gjort før og gjere ting på same måte. Om ein har gjort feil før, er det høg risiko for at same feilen skjer igjen.
– Som meklar må ein heile tida etterutdanne seg og tileigne oss ny kunnskap. Yrket krev livslang læring. Sjølv om ein har lang erfaring, er det ikkje sånn at kompetansen held same nivå heile vegen. Den utviklar seg heile tida. Vi jobbar dagleg for å unngå fallgruver. Faktisk trur eg ikkje det går ein dag utan at eg lærer noko nytt i jobben min, seier Kjartan.

– Vi trivast i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane
Fleire av meklarane i Eigedomsmekling SFJ har jobba der i mange år, inkludert Kjartan.
– Mykje av grunnen til vi blir verande over lang tid er at vi har opplevd ei personleg utvikling, vi har ein arbeidsgjevar som satsar på oss, og vi har særs gode kollegaer. Det er viktig, vi er eit fellesskap. Eg er så heldig at eg har fått høve til å bli fagansvarleg og utvikla meg på det området, fordi arbeidsgjevar gir meg gode moglegheiter. Å ha ein arbeidsgjevar som satsar så mykje på dei tilsette som Eigedomsmekling SFJ gjer er veldig positivt. Med så stort ansvar er det også mi oppgåve å tileigne meg den kunnskapen som trengs for å halde meg sjølv relevant for framtida, både for selskapet, men og for kundane. Eigedomsmekling SFJ brukar og store ressursar på sals-trening. Det er ei investering som viser att i resultata vi får. Det skal vere trygt og gi eit godt resultat å bruke meklarane her, seier Kjartan.

Spennande teknologiutvikling
Bedrifta han jobbar i er også blitt ei lita «teknologibedrift.»
– Vi jobbar mykje med å utvikle eigne løysingar innan både digital marknadsføring, design og det å bli meir effektiv. Dette er spennande å få vere med på. At vi er ei lita bedrift, som primært jobbar i Sogn og Fjordane, gjer at vi som jobbar her får vere borti mange ulike typar objekt som skal seljast. Det i kontrast til ein by-meklar, som kanskje berre jobbar med ein type leilegheiter heile karrieren sin. Då blir det fort litt einsformig samleband, og ein får ikkje utvikla seg spesielt mykje. Vi sel eit veldig breitt spekter av lite samanliknbare eigedommar. Då blir kvar eigedom ei ny oppleving og ei ny utfordring. Å jobbe her er mykje meir variert enn å jobbe i ein stor by, og det gir oss ein veldig brei og god kompetanse, og fleire faglege utfordringar.

Positiv utvikling i bustadmarknaden i Sogn og Fjordane
Lokalt i Sogn og Fjordane har det våre ei veldig god prisutvikling dei seinare åra. No ligg det an til at det kan flate litt ut framover.
– Det er mange faktorar som spelar inn her, som kan gjere det vanskeleg å spå. Helst skulle vi hatt litt meir befolkningsvekst i fylket vårt, humrar Aarnes, og poengterer at han meiner befolkningsvekst ved hjelp av nye og spennande arbeidsplassar til fylket.
– Dette skjer ikkje over natta, men det er mogleg.

Bod-rundar er framleis spennande
Dei som har opplevd ei eller fleire bod-rundar, både på kjøpar- og seljarsida, veit at det kan vere utruleg stressande og litt av eit adrenalinkick medan det på går. I følgje Kjartan sluttar det aldri å vere spennande.
– Bod-rundar er alltid eit kick, og ein blir også ordentleg trigga som meklar. Vi får nok sjølv like mykje adrenalin som kjøpar og seljar får. Ein klarer ikkje holde på med så mykje anna medan det står på. Og etter ei lang bod-runde blir vi sliten, vi og. Dette er spennande, både for meklar, kjøpar og seljar.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…