Kjøpe bustad som student?

22. september 2017 • Av: arnybo
Johanne Fauske Bygstad vil kjøpe leilegheit, men ønsker ikkje eit stort lån som student.

Då Johanne Fauske Bygstad (25) byrja å studere, hadde ho mest lyst til å investere i ei leilegheit framfor å leige. Det store ansvaret og usikre tider stoppa ho.

– Det er kjempeskummelt å kjøpe. Tenk om vi ikkje klarar å betene lånet?

Johanne går tredje året på sjukepleiarutdanninga i Førde. I lag med sambuaren leiger dei ei kjellarleilegheit i Eplehagen. Ho jobbar deltid, og han er grunder med nyoppstarta selskap.

– Det er heilt greitt her, men helst skulle vi hatt vårt eige og kome oss inn på bustadmarknaden i Sogn og Fjordane. I starten tenkte eg å kjøpe, men å ha så stor gjeld som student var skremmande. Eg veit ikkje om eg hadde fått sove om eg visste at vi hadde eit stort lån å betene. Det er for store summar å forhalde seg til i den situasjonen vi er i.


Kostnader ved å eige

  • Rentekostnader.
  • Nedbetaling av lån
  • Eventuelle fellesutgifter
  • Vedlikehald.
  • Forsikring
  • Straum og internett
  • Kostnader ved å leige

  • Leigekostnad
  • Straum og internett, om det ikkje inngår
  • Gode grunnar til å eige

  • Du kjem deg inn på bustadmarknaden
  • Kan oppnå verdiauke
  • ”Leiga” dekker renter og avdrag på eige bustadlån
  • Du kan få inntekt ved å leige ut delar av bustaden
  • Skattemessig gunstig
  • Gode grunnar til å leige

  • Du slepp å tenke på fallande bustadprisar og rentesvingingar
  • Det er enklare å flytte
  • Du slepp ansvaret knytt til vedlikehald og utbetring
  • Stort ansvar
    Johanne jobbar mykje, har oppsparte BSU-midlar, og synest at ho og sambuaren har god råd. Likevel held det ikkje til bustadkjøp.

    – Vi har lenge følgt med på bustadmarknaden, og vi har snakka med banken, men usikkerheita rundt økonomi og det store ansvaret som følger bustadkjøp trumfar ønsket om å eige. Vi vil heller bruke pengar på andre ting, og har blant anna betalt ned eit billån. Og så skjer det mykje kjekt i studenttida. Eg vil ikkje bu meg i hel akkurat no, smiler ho.

    Vil ut av byen
    Til jul er Johanne ferdig utdanna sjukepleiar. Ho håpar på fast jobb og ei sikker inntekt.

    – Når eg får fast jobb og vi veit kva inntekta mi blir, kjem vi nok til å ta ein ny prat med banken og intensivere bustadjakta. Målet er å ha sitt eige i løpet av to år. Men eg tvilar på at det blir i Førde. Vi vil gjerne bu i ei av bygdene rundt, og føler at vi får meir for pengane der. For oss er god plass viktigare enn å bu sentralt.

    – Det kan lønne seg
    Når vi spør eigedomsmeklar Olav Skjeldestad i Sogndal om han anbefaler studentar å kjøpe, seier han at det kjem heilt an på.

    – Tidsperspektivet og finansieringa er viktig. Kor lenge skal du bu der? Om det er snakk om to år eller meir, ville eg snakka med ein rådgjevar i banken. Om det viser seg at du klarar å betene lånet, kan det vere smart og lønnsamt å eige noko. Det kan vere dyrt å leige òg, og slik bustadmarknaden er i dag og har vore lenge, kan eigedom vere ei god investering. Om du til dømes skal studere til lærar i fem år i Sogndal, og du har moglegheit til å kjøpe, så vil nok reknestykket peike mot å kjøpe.

    Men må du ikkje ha veldig god økonomi for å kunne betene bustadlån i studietida?

    – Du må ha inntekt for å få lån, og mange er avhengige av foreldra. Ei løysing kan vere å kjøpe ein treroms slik at du kan leige ut eit rom og få inntekt av det.

    Olav har inntrykk av at dei fleste studentane i Sogndal vel å leige.

    – Det er ikkje så mange som har økonomi til å kjøpe i studietida, men kvart år sel vi nokre bustader til studentar eller foreldra deira. Om du har moglegheit til å investere i ei attraktiv leilegheit som er lett å selje vidare, kan det lønne seg, avsluttar han.

    Tilbake til artikkeloversikta

    Relaterte artiklar

    Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
    Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
    Det er ting på trappene i reguleringskrav frå EU, og det kan ha ein betydning for straumforbruket ditt. I tråd med Paris-avtala er vi alle nøydde til å kutte utsleppa våre. 1. mars i år blei EU sitt bygnings- energidirektiv utgangspunkt for norske reglar for energimerking. Direktivet krev nullutsleppsbustadar innan…
    Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.