Kjøpe eller selje bustad i Stryn? Ta ein prat med Kamilla

13. september 2019 • Av: Roy Sunde

Kamilla Nedre-Flo er tilbake på jobb som meklar i Stryn etter fullført  mammapermisjon.

– Det er fantastisk å vere heime i mammapermisjon, eg hadde ikkje hatt noko imot å vere heime med lillemann endå lenger. Men samtidig var det også veldig kjekt å komme tilbake til jobben. Eg har jo verdens beste kollegaer, kjekke kundar og ein jobb som er både hektisk og utfordrande – så eg trivast veldig godt.

Kamilla har jobba som meklar i 11 år. Ho fekk jobb i Stryn og flytta heim igjen relativt raskt etter å ha teke meklar-utdanning på BI i Oslo, og fullført trainee-praksis på Grünerløkka.
– Det er definitivt større variasjon i objekta som blir seld i Stryn kontra Oslo, seier ho og fortel at det beste med jobben er dei varierte arbeidsdagane.
– Det er mykje farting rundt i distriktet på synfaring og visningar, men og kontorarbeid.

Mykje nytt på marknaden i Stryn
– Kva er ditt intrykk av korleis bustadmarknaden i Stryn ser ut i desse dagar?
– Det har vore bygd mykje nytt her i det siste. Helst er det einebustadar folk ønsker å kjøpe, og prisnivået har difor blitt relativt høgt på slike objekt. Eg har intrykk av at det er mange unge som returnerer heim til bygda etter å ha budd vekke nokre år. Dei er gjerne mellom 27 og 35 år, og er mest interessert i einebustadar. Eg ser og at det no kjem fleire enn før på visningar på tomannsbustadar. Eg antek at dette er ein konsekvens av at prisane på einebustad byrjar å bli veldig høge, og fordi tomannsbustad eit godt alternativ. Attraktive tomter er det svært få av i bygda. Dei finst sjølvsagt, men ikkje nødvendigvis så veldig sentralt, eller akkurat der folk ønsker å bu. Då vel ein gjerne heller å vente på ein brukt bustad med betre beliggenheit, seier ho.
– Men viss du skal selje bustad i Stryn, kva kan du rekne med treff deg då?
– Interesse er størst for einebustadar, men leilegheiter går sjølvsagt dei og. Per no er omsetjingshastigheita i snitt 49 dagar for einebustad og 62 dagar for leilegheit. Men ein veldig attraktiv einebustad opplev eg blir seld mykje raskare, gjerne etter berre 14 dagar. Dette er eit snitt ut frå dei siste 3 åra, og det kan vere ganske stor kontrast mellom ytterpunkta, og det trekk jo sjølvsagt snittet opp, fortel ho.

Viktig med godt presentert bustad.
Kamilla poengtera at dei som skal selje bustad no er meir opptatt av god presentasjon av bustaden. Dette har ho som meklar vore veldig oppteken av i lengre tid, då ho meiner at dette er viktig for å treffe riktig kjøpar. Ikkje minst vil det bli lettare for ein potensiell kjøpar å sjå føre seg korleis det faktisk kan bli dersom dei sjølv skal flytte inn i bustaden.
Spesielt utbyggarar ser positiv effekt av enkel møblering kontra det å prøve å selje ei tom leilegheit eller hus, medan privatpersonar kanskje er flinkare til å ta litt tak sjølv og stylar bustaden sin for å presentere den best mogleg på biletet og før ei visning, slår ho fast.

Kjekt å ha Kamilla tilbake
– Det er veldig kjekt å ha Kamilla tilbake etter permisjon, skryt dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane Frank Robert Klakegg.
– Kamilla er svært dyktig og kjenner marknaden og kundane i sin region godt.
Skal du selje bustad i Stryn? Kamilla er klar for alle slags oppdrag, med eit brennande engasjement for å gjere ein god jobb. Ho kan kontaktast på kamilla@eigedomsmekling.no og telefon 915 17 087.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Det er ting på trappene i reguleringskrav frå EU, og det kan ha ein betydning for straumforbruket ditt. I tråd med Paris-avtala er vi alle nøydde til å kutte utsleppa våre. 1. mars i år blei EU sitt bygnings- energidirektiv utgangspunkt for norske reglar for energimerking. Direktivet krev nullutsleppsbustadar innan…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.