Kjøpte bustad på impuls – selde med hell
I ei triveleg rekkehus i Moldtaket i Førde bur Orhan Sabic og Amela Saracevic. Eller, snart er det budde. Dei skal nemlig flytte bort i Nedre Bøbakkane. Både kjøp og sal av bustadar skjedde gjennom Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.
Amela flytta frå Bosnia til Norge i 1999, med familien sin. I 2003 møtte ho Orhan. Ho jobbar som sjukepleiar i Helse Førde, og han på Toyota i Førde. Dei har budd i Moldtaket sidan 2009, dei siste 3,5 åra med sonen sin. Planen var bu der ein stund til. Heilt til eit impulskjøp snudde opp ned på alt.
– Vi var ikkje på bustadjakt, men vi hadde sett på bustadane under oppføring i Rennebakkane. Brått var det berre ein igjen. Då reiste eg i banken på impuls, og spurte etter meir pengar, seier Orhan og ler.
– Vi var nøgde med bustaden, men det er kjekt med ekstra plass, så ein kan ha besteforeldre og venner på besøk. Og vi tenker jo at sonen vår skal få søsken ein gang, smiler Amela.
På jakt etter tryggleik – valte Eigedomsmekling Sogn og Fjordane
Å kjøpe og selje hus inneber store summar, og er noko folk flest ikkje gjer ofte. For Orhan og Amela var tryggleik eit nøkkelord. Med positive erfaringar frå eit tidligare bustadkjøp, var Eigedomsmekling Sogn og Fjordane høgaktuell til å selje huset.
– Mitt inntrykk er at dei er den største aktøren på kjøp og sal av bustadar. Dei sel mykje hus, og eg har hørt mykje positivt om dei. Vi kjøpte vår første bustaden via dei, og fekk eit godt inntrykk då, seier han.
– Eg jobbar på sjukehuset i Førde, og har lagt merke til deira utstilling der. Eg har også lagt merke til dei på Facebook. Eg likar måten utrykket og designen på marknadsføringa deira. Dei er moderne i utrykket, og ber preg av kvalitet. Det appellerer til meg, seier ho.
– Bustaden i Rennebakkane vart kjøpt gjennom Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, ved Randi Vigdal. På spørsmål om ho ville selje bustaden vår også svarte ho nei, fordi det ville komme i konflikt med at vi skulle kjøpe gjennom ho. Det vitnar om profesjonalitet, seier han.
Godt første inntrykk, vart til eit godt samarbeid med meklar
På nabokontoret sat meklar Julie Førde. På impuls slo paret av ein prat med ho.
– Frå start av gjorde ho godt inntrykk. Ho kommuniserte tydeleg, så det var lett å forstå korleis dei operer og prosessen vidare. Kjemien var god, vi følte oss teken vare på frå start, og vi kjente at vi kom til å samarbeide godt. Vi var trygg på at ho skulle stå for salet, seier han.
– Salsprosessen vart fin, mykje takka vere Julie. Ho gav god informasjon, både før og undervegs, og ho ordna alt frå takstmann til fotograf. Ho var støttande og positiv til våre innspel og ønskjer undervegs, og heia på oss og sa dette blir bra, seier Amela.
– Eigentlig var ikkje planen å selje enno, sidan det nye huset ikkje er klart. Men Julie var tydeleg frå start av på at det var gunstig for oss å selje i haust. Ho sa at ho hadde potensielle kjøparar. Men då måtte vi vere villig til å selje og flytte før planen vår, seier Amale.
– Det kom litt i fanget på oss, men vi byrja å leike med tanken. Julie gjorde ein god jobb med å overtyde oss om at dette var det riktige. Ho forklarte oss kva vi hadde å vinne på å selje no, i høve potensielle interessentar og påfølgjande bodrunde, seier han.
– Der kjempa ho litt mot meg, seier Amela. – Men ho var tydeleg på at om vi selte no og flytta, ville det gi oss god fortenste. Så ho fekk meg til å flytte, det er godt jobba, ler ho.
Kjekk bodrunde
Og når bodrunda starta var tida inne for å få fasiten på om meklar hadde rett.
–Det var spennande og nervepirrande når det starta. Vi sat og signerte papir i banken når meldingane byrja å tikke inn. Vi fekk også to telefonar frå Julie undervegs, der ho informerte oss, seier Orhan.
– Vi unner alle ei slik bodrunde når ein skal selje, det var veldig kjekt, smiler Amela. Og det visste seg å vere akkurat som Julie hadde spådd: Vi fekk ein pris vi ikkje kunne seie nei til.
– Ville de anbefalt Eigedomsmekling til andre?
¬– Det gjer vi gjerne. Vi har møtt dei både som bustadkjøpar og som bustadseljar. Vi opplev dei som profesjonelle og dyktige, frå begge sider. Vi sit igjen med ei god kjensle. Ikkje berre grunna at vi fekk ein god pris for bustaden, men fordi vi følte prosessen var god. Vi hadde kjempegod kjemi med Julie, ho var profesjonell, snakka eit tydleg språk, var open og ærleg, og ikkje minst særs engasjert. «No sel vi dette huset – og vi skal selje det bra» var haldninga.
– Kva var dei viktigaste årsakene til at de valte å selje via meklar?
– Eg var oppteken av at vi skulle få eit trygt og godt sal. Det var viktigast, seier Orhan. – Og dette med prisgaranti. Vi følte at vi ikkje hadde noko å tape på å prøve å selje med meklar.
– Vi hadde nokre som var interessert i å kjøpe privat, men vi ønska å gjere dette skikkelig. Og vi ønska jo at vi skulle ende med ei bodrunde, seier Amela.