Kva med bustaden din om du vert ufør?

12. juni 2017 • Av: Inger Marie Lien

Dersom du ikkje kan svare på dette spørsmålet er du ikkje aleine. Ein halv million nordmenn står i fare for å miste bustaden ved langvarig sjukdom. Noreg er allereie mellom landa i Europa med høgst del uførepensjonistar. I år ventar NAV ein netto-auke i talet uføre på 10.000 personar, i tillegg til dagens nær 310.000 uførepensjonistar.

Kan ramme alle
Hovudårsakene til at ein blir ufør er muskel- og skjelettlidingar, psykisk helse og hjarte- og karsjukdomar som kan ramme kven som helst, på alle stadium i livet. Veksten er størst i dei yngre aldersgruppene, og aller høgst i alderen 25 til 29 år.

Er du 35 år er det 0,5 prosent sjanse for at du vil oppleve at huset brenn ned. Statistisk er det derimot mellom 40 og 45 prosent sannsynleg at du kan verte arbeidsufør før du er 67 år.

Ikkje forsikra
Vi ser at mange har ein sårbar privatøkonomi, men at seks av ti lønnstakarar likevel manglar forsikring som dekkjer uførleik.

Nokon tenkjer nok at Staten eller arbeidsgjevar stiller opp med ei hjelpande han om du blir langvarig sjuk med påfølgjande arbeidsuførleik. Diverre vert dei fleste skuffa. Utbetalingane frå Folketrygda vil årleg vere i området rundt 200.000 kroner om inntekta di ligg rundt 400.000 kroner i dag. Må du over på rein uføretrygd på 66 prosent, utan å ha andre dekningar, kan det samanliknast med at du ikkje får løn kvar tredje månad. Over tid vil det skape store problem for dei aller fleste.

Ver vaken
Gapet vert større jo høgare inntekt du har før du blir sjuk. Alder spelar også inn i reknestykket. Yngre vil få utbetalt lågare månadlege summar enn eldre.

Forsikringsordningane gjennom arbeidsgjevar har som regel ei avgrensa uføredekning, og mange arbeidsplassar har ingen uføredekning. I Frende tilrår vi ei eiga uføredekning, dette kan du snakke med bankrådgjevaren din om.

Vi meiner også at du må vere vaken når du byter jobb. Du kan risikere å gå frå ein jobb med god uføredekning til låg eller ingen dekning. Vi møter familiar som vert råka av ulykke og langvarig sjukdom, fleire ville mista hus og heim om dei ikkje var forsikra.

Snakk med oss
Dei aller fleste vil sørgje for å at huset til ei kvar tid er godt forsikra og at bilen har kaskodekning. Vi synest det er eit paradoks at folk ikkje er like opptekne av å ha ein tilsvarande «kasko» på inntekta si. Å bli ufør er omtrent like ille for økonomien som å krasje bilen, utan kasko, kvart år fram til pensjonsalderen. Det seier seg sjølv at det er omtrent umuleg økonomisk.

Få hjelp av ein bank- eller forsikringsrådgjevar til å gå igjennom økonomien din og sjå på aktuelle ordningar du har hjå arbeidsgjevar, og kva du ville fått utbetalt om du blir ufør. Saman kan du og rådgjevaren din rekne ut kva for forsikringssummar du treng for å «redde» inntekta di, om du blir sjuk.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
På Indre Øyrane, som på folkemunne vert kalla indrefileten i Førde sentrum, er det god framdrift i utbygginga av Skudeløken sitt første av tre byggetrinn. Byggetrinn 1 består av garasjeanlegg under bakken og seks bygg over som inneheld leilegheiter i ulike størrelsar, kafé, leilegheitshotell og næringsareal for kontor og ulike…
Det er ting på trappene i reguleringskrav frå EU, og det kan ha ein betydning for straumforbruket ditt. I tråd med Paris-avtala er vi alle nøydde til å kutte utsleppa våre. 1. mars i år blei EU sitt bygnings- energidirektiv utgangspunkt for norske reglar for energimerking. Direktivet krev nullutsleppsbustadar innan…
Når Lisbeth Aasen Andersen skulle vende tilbake til eigedomsmeklaryrket var valet enkelt: 1. juni byrja ho i ny jobb hos Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.