Leif Andrik Teigen – vår nye meklar i Sogndal

10. januar 2020 • Av: Roy Sunde

Vi gler oss over å kunne fortelje at vi har tilsett ein ny eigedomsmeklar på Eigedomsmekling Sogn og Fjordane si avdeling i Sogndal. Vi er så heldig å ha fått Leif Andrik Teigen med på laget.

Han har allereie jobba hjå oss i Sogndal i eit år med støttefunksjonar mot meklarane, så vi kjenner han frå før. No tek han til som eigedomsmeklar.

Leif tok utdanning som eigedomsmeklar ved BI i Bergen frå 2011 til 2014. Eigedom har han hatt i blodet heilt frå oppveksten, sidan familien hans driv med utleige i Sogndal.
– Alt frå eg var veldig ung fekk eg vere med og bidra. Eg har halde visningar, og bistått folk som flyttar inn og ut, samt andre oppgåver. Å bli eigedomsmeklar var eit veldig naturleg val for meg. Det har vore eit yrke eg ønska meg sidan eg var ein liten gut, fortel han.

Lidenskap for yrket sitt
Leif er 27 år, og innfødd i bygda. Han vaks opp i Sogndal, og som mange andre i Sogndal er han over snittet interessert i fotball, ein hobby han òg haldt ved like til han flytta frå Sogndal som 19-åring. I dag er han ein aktiv person, som likar å ha mykje å gjere. Han beskriv seg sjølv som veldig sosial. Noko som kjem godt med i jobben som meklar, der ein ofte treff både nye og kjende fjes.
– Eg likar å ha det kjekt. Det har eg når eg går meg ein tur, et middag med vener og ikkje minst på jobb. Eg trivast veldig med både yrke og arbeidsplass, seier Leif.

 

Ut i verda, så heim att
Etter nokre år der han jobba som meklar i Bergen, kjente han på lysta til å reise. Turen gikk til Filippinene.
– Eg har sjølv tilknyting til Filippinene, mor mi er derifrå. Eg reiste dit for å jobbe som frivillig med gatebarn. Gjennom oppveksten har eg sett kor privilegerte vi er her i Norge, og eg hadde eit sterkt ønske om å hjelpe, og bidra til å gjere ein liten forskjell, seier Leif om opplevinga der. Etter ei slik oppleving er det ikkje berre å returnere til livet slik det var før, også dette kjende Leif på.
– Når eg kom tilbake var eg uviss på kva eg skulle finne på, men kjente på lysta til å flytte heim til Sogndal. Mot slutten av 2018, gjorde eg det og spurte om det var noko ledig på Sogndal-kontoret til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane. Eg fekk jobb som medhjelpar, og har jobba der eit år no, og trivast utruleg godt, seier Leif, som er særs nøgd med både heimflytting og arbeidsgivar.
– Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er eit lokalt knutepunkt, som står sterkt i lokalsamfunnet. Sjølv føler eg og at selskapet har eit veldig godt rykte, med ein stor bank i ryggen. Varemerket er godt, og har stått støtt i mange år. Det er også ein veldig trivelig arbeidsplass, med ein sterkt fagleg miljø og hyggelege kollegaer som eg gler meg til å bli endå betre kjent med, seier Leif.

Kan alltid dra vekslar på gode kollegaer
På spørsmål om korleis ein «samlar» ein så stor gjeng, som er spreidd utover heile Sunnfjord, Sogn, Bergen og Nordfjord, slår Leif fast at det ikkje er noko problem.
– Vi er aldri lenger enn ein telefon eller e-post unna. Vi jobbar alle med det same, så det å ha nokon å snakke med og få råd frå er ein styrke vi har. Samarbeidet står og sterkt, vi unner kvarandre suksess og sal. Det sosiale held vi og ved like via sosiale media. Det å kunne sende ein humoristisk snap eller melding til ein kollega forsterkar absolutt banda mellom oss, sjølv om vi ikkje sjåast kvar dag, seier Leif.

Eit trygt og godt val for kunden
På spørsmål om kva som triggar Leif i jobben er svaret enkelt:
– Det er å selje. Men eg vil og trekke fram andre ting som gir meg lyst til å gjere ein god jobb kvar dag: Nøgde kundar er eit must, bodrunder er utruleg spennande. Å selje og kjøpe eigedom er kanskje den største transaksjonen ein person gjer i livet sitt. Det å gi dei tryggleik, og fungere som bindeledd for nokon som skal selje noko dei kanskje har eigd heile livet, er ei særs stor og viktig oppgåve. Og den skal alltid takast så profesjonelt som råd. Det å gjere den prosessen trygg og god er heilt klart det som triggar meg mest.

Glad for å ha Leif Andrik med på laget
– Leif Andrik er frå Sogndal, og har jobba fleire år som meklar i Bergen. Han kjenner marknaden, og er ung og svolten. Vi har eit godt inntrykk av Leif, han er sympatisk og kunnskapsrik, og er godt likt av både kundar og kollegaer. Vi er glade for å ha han med på laget, og gler oss til å sjå kva han får utretta som meklar i Sogndal, seier dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, Frank Robert Klakegg.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…