Møt Randi Vigdal – ein av våre mest erfarne meklarar
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har 13 meklarar, fordelt på ei avdeling i Bergen og 5 her i fylket. Med våre dyktige, erfarne meklarar torer vi påstå at ingen kjenner bustadmarknaden i Sogn og Fjordane betre enn oss. Randi Vigdal er ein av våre mest erfarne meklarar.
Før ho vart meklar jobba ho både som radio- og TV-reparatør og som butikksjef i elektro-bransjen.
– At eg enda opp som meklar var tilfeldig, men det er ikkje tilfeldig at eg er her enno. Eg byrja i Sparebanken Sogn og Fjordane i 2000. I 2006 vart eg spurt om å byrje på meklaravdelinga. Eg takka ja, tok meklarutdanning parallelt med å jobbe, og vart raskt kasta ut i det, seier ho.
Det ho likar best med jobben er å ofte komme seg ut og treffe nye folk, og ikkje minst kjensla av at både kjøpar og seljar er tilfreds. Sjølvsagt triggar det ho å oppnå høg pris, men i fleire av områda ho jobbar er det i somme tilfelle om å gjere å berre finne ein kjøpar.
Likar utfordrande oppdrag
Randi kvir seg ikkje for å ta utfordrande oppdrag, og ho sel like gjerne små lettselde leilegheiter i Førde sentrum, som avsidesliggande gardsbruk.
–Det som kanskje skil oss i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane frå andre er at vi ikkje er så selektive. Takkar vi nei til eit oppdrag er det grunna kapasitet. Nokre oppdrag er meir kompliserte og tek meir tid enn andre. Det er gjerne slike oppdrag nokre meklarar ikkje vil begi seg utpå, men det trivast eg med. Med lange avstandar må ein vere flink å planlegge. Det går bra å setje av 8 timar til ein dag med kontorjobbing, men eg føretrekk å vere på farten, seier ho.
Randi sel ikkje berre bustader, ho sel også prosjekt.
– Det er ein litt anna måte å jobbe på, då ein sel ut frå teikningar. Det er spennande, utfordrande og kjekt.
Ærlig, og til å stole på
Randi er oppteken av å vere ærleg og realistisk i utøvinga av yrket sitt.
– Ein vil alltid vinne og tape ulike oppdrag, og finn ikkje alltid tonen med ein potensiell kunde. Eg er fagleg sterk, og alltid realistisk og ærleg. Eg lovar ikkje kunden noko eg ikkje kan halde. Ein skal ikkje komme på synfaring og selje luftslott. Dei som vel meg er nok dei som ønsker ei ærleg og realistisk tilbakemelding, medan dei som ønsker seg luftslott vel dei meklarane som sel det, svarar Randi på spørsmål om kva type seljarar som vel å bruke ho som meklar er.
– Eg har mange kundar som kjem tilbake, og eg har re-sal på fleire eigedommar. Nokre kundar har eg seld både to og tre objekt for. Å få den tilliten meir enn ein gong set eg utruleg stor pris på, seier ho og fortel at ho er oppteken av å vere ein trygg ressursperson i samband med bustadsal.
– Ofte kjem ein inn i tunge prosessar i samband med sal og kjøp av hus, som skilmisse og dødsbu. Då må meklaren vere stødig og til å stole på, så folk føler tryggleik. Ein må vere menneskekjennar. Eg er god til å tilpasse meg, glad i å samarbeide og er ein omgjengeleg person, seier ho.
Det som har endra seg mest frå 2006 til 2019:
– Kva skil kundane i 2019 mest frå kundane du hadde i 2006?
– Kundane har blitt meir selektive og kresne. Huskjøparane i 2019 let seg lett blende av det ytre utan å sjå på det indre. Hus som er fine og shina går lettare, men mange gløymer å sjekke om det er venta store utskiftingar som røyr og sikringsskap i nær framtid. Tidligare var kjøparane meir løysningsorienterte og handy. Dei såg kva ein sjølv kunne gjere for å tilpasse bustaden: «Rive veggen her, flytte kjøkkenet, male her og så blir det plass til eit ekstra soverom.» Dagens, litt yngre, kjøparar har ikkje lyst å bruke tid på dette, dei ventar heller på eit objekt som passar dei. Her er meklar si oppgåve viktig. Kanskje er ikkje jobben som må gjerast så stor, men ein førstegangskjøparar veit kanskje ikkje det. Då er det viktig å rettleie dei til å ta gode val. Det er dumt om draumebustaden glipp fordi det er feil farge på veggane, som er lett å gjere noko med. Er oppussinga stor vil mange kjøparar i 2019 kvi seg. I dag kjøper vi fritid. Den vil vi ikkje bruke på å pusse opp, den er for mange heilag familietid, seier ho og påpeikar at sjølv om oppussingsobjekt kan vere litt vanskelegare å selje, så blir dei seld til slutt. Tålmod er nøkkelen.
Frå tre tilsette til eit fylkesdekkande team
Då Randi byrja i jobben var dei tre tilsette i Førde. No er dei 10, berre på Førde-kontoret.
– Vi har eit kjempegodt nettverk i heile fylket, som jobbar som eit team. Vi hjelp kvarandre, og spelar laget godt. Om eg er sjuk ein dag er eg trygg på at kundane mine blir godt ivaretekne, og omvendt. Skal ein kollega på ferie, eller er sjuk, stiller eg opp. Det er ikkje konkurranse internt, og det skal det heller ikkje vere. Vi utfyller kvarandre, både som menneske og i kva type oppdrag vi tek. Hos oss finn du alltid ein meklar som kan selje ditt objekt, seier ho og fortel om godt arbeidsmiljø.
– Yrket krev at ein er svolten og aldri stopper opp. Eg får nye impulsar og input dagleg, her stagnerer vi aldri. Eg er den eldste meklaren på kontoret, og lærer dagleg av yngre meklarar. Samstundes har eg meir erfaring, og har vore borti meir enn dei yngre, som eg kan dele med dei. Vi har alltid opa dør, og det er rom for å spørje om hjelp, seier Randi.
Marknadsføring i fleire kanalar enn før
Reint teknisk har salsprosessen blitt mykje meir digital sidan ho starta.
– Vi hadde digitalkamera når eg starta, for JA, då tok vi bileta sjølv. Det er ikkje så lenge sidan eg slutta med det. Fotografane tek teknisk betre bilete, og veit korleis ein skal lyssette. Eg veit kva som sel og kva vinklar som viser fram det beste med kvar bustad, seier ho og fortel om ei rivande utvikling innan marknadsføringa av bustadar.
– For få år sidan vart bustadane berre lagt ut på finn.no og ei annonse i Firda. No må dei eksponerast over alt der ein kjøpar kan vere, inkludert på sosiale medium. Der er det greitt å ha hjelp av eit byrå som kan sakene sine. Det er veldig greitt for meg å ha følgt den utviklinga heile vegen, det ville vore tyngre om eg hadde vore ute eit år eller to, og så måtte byrje å sette meg inn i mykje nytt.
Familien kjem først.
Når ein snakkar med ein så hardtarbeidande person må ein innom teamet «korleis klarer du alt?» For Randi kjem familien først, men ho har knekt koden på å både vere ein god meklar og familiekvinne.
– Eg har ein mann som også har ein krevjande jobb, heldigvis! Det hadde ikkje gått om han sat heime og venta. Han er tålmodig, og blir gjerne med på visning i helgene. Jobben krev mykje av tida mi, ein lyt alltid vere på, også på fritida. Når de gjeld fritidseigedommar og gardsbruk i grisgrendte strøk, har ein ofte privatvisningar i helgene. Eg prisar mannen min for støtta eg har fått, og for at han er villig til å gjere arbeidstida mi til tid vi brukar saman. Han er villig til å tilpasse helgene sine etter min jobb, slik at vi kan gjere visningar om til trivelege søndagsturar rundt om i fylket. Dei næraste er dei næraste uansett.