Møt Stine – vår nye eigedomsmeklar i Sogndal

4. mars 2020 • Av: Roy Sunde

Stine Thue byrja å jobbe på Eigedomsmekling Sogn og Fjordane sitt Sogndal-kontor 1. mars – noko ho har gleda seg til lenge. 

Stine har bachelor innan både økonomi og eigedomsmekling, og er såleis godt rusta for jobben ho byrjar i. Første trinn på karrierestigen var økonomiutdanning.
– Eg starta på ein bachelor i økonomi, på BI i Bergen. Andre året tok eg på Høgskulen i Sogndal, så siste året i Bergen. Etter utdanning jobba eg på butikk ei tid. Så fikk eg jobb som visningsassistent i DNB, ved sidan av. Der byrja interessa mi for eigedomsmekling, fortel ho med eit smil.
Etter ei tid baud det seg eit nytt høve til å smake meir på yrket eigedomsmekling.
– Eg var med og starte finansieringsselskapet Proaktiv Finans, som samarbeida med Proaktiv Eigedomsmegling i Bergen. Eg sat som rådgivar ilag med meklarane og var med på visningar. På den tid var bustadmarknaden hektisk: Ofte vart bustadar seld same kveld som visning. Dette var før regelverket om bodrunder kom, og vi laga finansieringsbevis på visning sånn at kundane kunne legge inn bod same dag. Det var andre tider, men det gav meg enno større interesse for meklaryrket. Eg ønska å gå den vegen, men samtidig likte eg meg godt i selskapet eg jobba for, seier ho.

Jobba for Sparebanken Sogn og Fjordane i mange år
Det var forholdet til Sparebanken Sogn og Fjordane som lokka ho inn i ny jobb. Ho føler sterkt for banken. Når høvet baud seg til å jobbe for dei var ho ikkje i tvil.
– Då Sparebanken Sogn og Fjordane skulle starte lokalkontor i Bergen, fikk eg høve til å vere med på etablering av det. Det var ei kjekk og spennande reise, fortel ho.
Men etter 12 år i Bergen dukka heimlengta opp.
– Sambuaren min er frå Kvam, 3 km frå Sogndal mot Hafslo. Han ville heim for å ta over garden, så då flytta vi. Eg heldt fram i Sparebanken, først på lokalkontoret i Leikanger, før det vart flytta til Sogndal. Vi trivast godt i Kvam, med våre to barn på 6 og 8 år, og eg vart sauebonde på si, smiler ho. Og sjølv om Stine er fødd og oppvaksen i Florø, var på det på eit vis som å flytte heim, sidan faren er sogning.

Draumen om å bli eigedomsmeklar
Stine har budd og jobba i Sogndal-regionen sidan 2011. Heile tida murra lysta til å bli eigedomsmeklar i bakhovudet. I 2012 tok ho tak.
– Eg byrja på bachelor i eigedomsmekling på høgskulen på deltid. Dette i kombinasjon med fødselspermisjon/jobb og renovering av det gamle gardshuset. Det vart hektisk, men eg var ferdig utdanna eigedomsmeklar i 2015. Då var eg veldig klar for å ta fatt på den vegen, seier ho og fortel at det baud seg høve, utan at ho valte å ta dei.
– Det var ledige meklarstillingar i andre selskap lokalt, men det var uaktuelt. Sparebanken Sogn og Fjordane står sterkt hos meg: Eg ønska å jobbe for dei. Dei gjer mykje bra for lokalsamfunna i vår region, bidreg til utvikling og er ein viktig støttespelar for næringslivet, og gir mykje tilbake til lag og organisasjonar. Å få jobbe som eigedomsmeklar, som eg alltid har hatt lyst til, i eit selskap som betyr mykje for meg, det er eg takksam for, seier ho.
I tillegg betyr det mykje at eigedomskontoret i Sogndal er ein del av eit større finanshus.
– Hos oss kan kundane få tilbod om alle typar tenester knytt til eigedomshandelen, noko som er ein stor fordel.

Kvifor eigedomsmeklar?
Det er fleire årsakar til at Stine ønska å bli eigedomsmeklar.
– Faget har alltid interessert meg, og ikkje minst det med å jobbe med folk. Eg har lang og brei erfaring frå same fagfelt, frå ein anna vinkling, så no gler eg meg til å hjelpe kundane med å oppnå gode sal. Som person er eg oppteken av nøgde kundar, og av å kunne gi dei tryggleik i salsprosessen. Eigedomsmekling er eit hektisk yrke, og eg trivast godt når det er mykje å gjere og mange ulike arbeidsoppgåver. Det eg ser mest fram til er å møte kundane på deira heimebane. Tidligare har eg vore mykje på kontoret, så det å vere meir ute på farten gler eg meg verkeleg til, smiler ho.

Variert kvardag – og høve til å vere eigedomsmeklar resten av livet
Stine har erfaring frå ein superheit og hektisk eigedomsmarknad i Bergen. Ho er klar på at å vere meklar i Sogndal både blir annleis, og på nokre felt likt.
– Det er uansett eit hektisk yrke, men arbeidsdagen blir meir variert i Sogndal enn i Bergen. Der er det gjerne mindre variasjon i bustadane ein sel, medan du i Sogndal må takle «alt». Samtidig operer du i eit lite lokalsamfunn, der du treff kundane igjen i alle moglege arenaer. Det stiller større krav til deg som meklar: Du er eigedomsmeklar på heiltid. Der du kan «gøyme» deg litt vekk i Bergen, der er du særs synleg i Sogndal. Gjer du eit dårlig oppdrag, heftar det fort ved deg og ryktet går i ein liten marknad. Det stiller store krav til deg som meklar, du må vere dyktig, etterretteleg og levere varene – kvar gong.

Arbeidsgivar som legg til rette for at ein skal lukkast
Med lang erfaring frå Sparebanken Sogn og Fjordane, trekk ho fram eit anna moment som er viktig for ho: Ein arbeidsgivar som ser, og legg til rette for sine tilsette.
– Eg trur faren for å brenne ut i dette yrket er langt høgare i storbyar, der ein lettare blir ein liten del av ei stor maskin. Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er flinke til å legge til rette for at det skal vere mogleg å kombinerer yrke og familieliv. Som arbeidsgivar er dei oppteken av at vi skal kunne stå i jobben lenge, at vi får utvikle oss, og at vi har givande arbeidsdagar, seier ho.

God lokalkunnskap er viktig
Å jobbe i ein mindre marknad gir også høve til å bli desto betre kjent med marknaden.
– God lokalkunnskap er viktig i jobben som eigedomsmeklar. Det er lettare å halde oversikt, kjenne til utbyggarar og spesielle tilhøve på marknaden i Sogndal enn i Bergen. Det er ein tryggleik for kundane våre, vi har særs god oversikt over marknaden vi jobbar i. God lokalkunnskap gjer at meklaren er i stand til å gjere ein god jobb. Samtidig har ein utfordringar i Sogn også, som i storbyane: Det er store variasjonar, lange avstandar og mange mindre bygder ein skal serve og ha oversikt over. Det stiller store krav til ein lokalmeklar, ein må alltid vere tilgjengeleg, oppdatert og ha god oversikt over marknaden.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.