No er ho tilbake: Møt Norunn Elise Aarnes!

5. april 2018 • Av: arnybo

Ho har styrt bodrundar frå stranda i Tenerife og selt toppleilegheiter i oljebyen, men aller best likar ho å selje gardsbruk i Sogn og Fjordane. No er ho heime igjen på Stryn-kontoret.

Vi må tilbake til 2006 for å finne starten på meklarkarrieren til Norunn Elise. På den tida jobba ho i Sparebanken Sogn og Fjordane i Stryn, og greip sjansen då banken opna meklarkontor der og tilbydde ho meklarutdanning. Den økonomiutdanna Stavanger-kvinna var godt etablert i bygda, lokalkjent og klar for å prøve noko nytt.

– Eg fekk ansvaret for å etablere det nye kontoret. Det var ikkje stor kultur for å bruke eigedomsmeklar i Stryn då, men eg følte folk var opne for å bruke ein mellommann ved kjøp og sal av eigedom. Kundane såg verdien av det, og tilbodet vart teke godt i mot, fortel ho om starten til avdelinga i Stryn.

Hjartet bankar for småbruk

Norunn Elise har alltid vore interessert i bustad, interiør og bygningar. Og sjølv om ho synest alle oppdrag er interessante, er det spesielt ein type bustad ho likar godt å selje.

– Eg vaks sjølv opp på eit småbruk på ei øy utanfor Stavanger, og hjartet bankar nok litt ekstra når eg får oppdrag om å selje småbruk. Når unge par kjem til meg med romantiske forventingar om at ungane skal vakse opp på gard, fritt, fint og landleg, er eg den første som støttar dei i den draumen, ler ho.

Også brukte einebustadar står høgt på lista.

– Det krev ein del jobb å kartlegge brukte bustader, men eg likar å sette meg inn i historia til huset. Grave litt, rett og slett. Eg merkar at kundane likar det når eg har ei historie å fortelje dei.

Sal frå solsenga

Om livet som meklar er det nettopp kontakten med menneske ho likar best.

– Det er ein av dei viktigaste eigenskapane ein meklar kan ha, å vise interesse for menneska du er i kontakt med. Og å ha respekt for alle mennesketypar.

Ho er spesielt opptatt av å vere tilgjengeleg for kundane, også når ho er på ferie.

– Ja, eg har til og med selt hus frå solsenga i Tenerife, ler ho, og legg til at det sjølvsagt gjekk sømmeleg for seg og at alle prosedyrar vart følgt.

­– Når eg først har starta eit oppdrag, likar eg å fullføre det – ferie eller ei. Der har eg blitt betre med åra, og klarar no å sleppe eit oppdrag om eg må, smiler ho.

Fantastisk å vere tilbake i Stryn

I 2012 fekk Norunn Elise tilbod om ein meklarjobb i heimbyen Stavanger.

– Akkurat då passa det seg sånn, og eg fekk prøve meg i heimbyen og i Ryfylke. Det er mykje likt, men det er sjølvsagt større avstandar i Nordfjord enn i Stavanger. Og så er det større konkurranse om oppdraga i Stavanger. Det beste er uansett kontakten med menneske. Den får eg uansett kor eg jobbar, seier ho.

No er ho tilbake hos Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, på same kontoret der alt starta.

– Det er fantastisk å vere tilbake i Stryn! For meg er både Stavanger og Stryn ”heime”, og no er det som om eg berre har vore på ferie og har kome heim. Til og med kontorpulten er nesten den same, ler ho.

– Det er spesielt kjekt å møte att kundane, avsluttar ho.

Fem kjappe med Norunn Elise

Kva er ein god eigedomsmeklar: Han er ryddig, strukturert, tilgjengeleg, omsorgsfull og respekterer alle typar menneske. Lokalkunnskap er kjempeviktig!

Einebustad eller leilegheit: Tomannsbustad!

Moderne funkis eller klassisk sjarm: Eg er ikkje heilt på moderne funkis, eg likar ein klassisk og personleg stil.

Landleg og roleg eller sentralt og praktisk: Sentralt og praktisk i min livsfase.

Stor hage eller vedlikehaldsfri terrasse: Vedlikehaldsfri terrasse.

Overmøblert og koseleg eller minimalistisk og enkelt: Enkelt!

 

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…