No vil alle ha dronebilde

23. oktober 2017 • Av: arnybo

Dronen vår er etterspurt for tida, og dei som før var skeptiske blir overtydde når dei ser kor bra det blir. Men kvifor er dronebilde så viktig når du skal selje huset ditt?

Tenk deg godt om: Om du skulle framheve noko ved bustaden din, kva hadde du valt? Har du eit ekstra flott kjøkken? Ei koseleg stove med peis? Fint opparbeidd uteområde, nydeleg utsikt eller kanskje gåavstand til sjøen eller butikken? Når vår ”husfotograf” Emil Jangård Rasmussen skal ta eigedomsfoto, tek han alltid ei vurdering på kva som er viktig å framheve. Ofte krev det ein drone.

– Dei aller fleste brukar fotograf når dei skal selje eigedom, og fleire og fleire ser nytten av å også bruke dronefoto. Då kan du lettare framheve kvalitetar ved eigedommen med gode oversiktsbilde. Ved sal av einebustad eller gardsbruk er uteområde og nærområde spesielt viktig å få fram, og eg brukar nesten alltid drone når eg tek fasadebilde.

Emil seier at drone framleis er litt nytt for mange, men at stadig fleire etterspør det.

– Nokre kundar spør spesifikt om dronebilde fordi dei har sett andre annonsar frå oss med det. Dei synest det presenterer eigedommen på ein god måte. Eg trur mange ser ein klar verdi i bruk av drone i marknadsføringa, spesielt sidan vi er ein av få som tilbyr det i Sogn og Fjordane.

Gjer det umoglege mogleg
Dronen tek bilda som er umoglege å ta frå bakken.

– Eit bilde frå lufta viser mykje meir enn kva eg hadde fått til frå bakken med vanleg kamera. Til dømes når du ønsker både fjordutsikta og huset ditt i same bildet. Eller når du vil vise plasseringa av naust, hus og løe i same bildet. Bilde av store rekkehus ser ikkje alltid så bra ut frå bakken tatt med vanleg kamera, men når du tek bildet frå lufta gir det betre inntrykk. Nokre bustader har fasaden godt gøymt i terrenget, og då bør du også bruke drone.

Viser området
At det blir pent frå lufta er ein ting. Ein annan viktig fordel er at du får vist fram terreng og nærområde.

– Eit oversiktsbilde viser kva som er i området. Kor langt er det til sjøen? Korleis er terrenget? Kva fasilitetar ligg rundt huset eller eigedommen, og korleis er dei plassert? Det er slikt som potensielle kjøparar ønsker å vite og som kan løysast enkelt med dronebilde, seier Emil.

360° foto og interiørstylist
Det skjer mykje spennande innan marknadsføring av eigedom. Emil trur det blir meir av 360° foto og bruk av VR-briller i framtida.

– Akkurat no er det ikkje så mange som nyttar seg av 360°-foto. Eg trur det er litt framandt for folk i Sogn og Fjordane. Fordelar med 360 er at du frå fram heilskapen mellom romma, og elles ei betre vising av huset enn det du får ut av eit enkelt stillbilete. Du kan gå på vising utan å vere der, men sjå visinga med VR-briller frå sofaen. Vi kjem også til å sjå meir av ”Augmented reality”, som på norsk betyr ”utvida verkelegheit”. IKEA har tatt det i bruk med ein mobilapp, der ein kan innreie huset med møblar frå katalogen deira. Eg ser for meg at det kan bli populært i bustadsal om kunden får moglegheit til å virtuelt ommøblere eller pusse opp bustaden dei vurderer. Elles ser eg spesielt i byane at det vert meir og meir normalt å nytte interiørstylist og leigde møblar ved bustadsal. Det kjem nok til Sogn og Fjordane også, avsluttar Emil.

Har du planar om eigedomssal? Her får du enkelt oversikt over kva marknadsføring vi tilbyr og kva det kostar: https://www.eigedomsmekling.no/selje/

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…