Nytt bustadprosjekt på Søreide

20. mars 2018 • Av: arnybo
Eigedomsmeklarane Norunn Elise Aarnes og Kamilla Nedre-Flo i samtale med utbyggar Olav Fuglestrand og bustadstylist Marthe Holien Bø.

Det nærmar seg salsstart av det nye bustadprosjektet på Søreide. Men før dei fem første leilegheitene kjem på marknaden, skal det stylast og fotograferast.

Sola har så vidt begynt å varme på Sandane denne marsdagen. Terrassane til det nye bustadprosjektet på Søreide badar i sol, og inn og ut av leilegheitene spring snekkarar, meklarar, ein fotograf og ein bustadstylist. Siste finishen på verket skal leggast, for endeleg skal leilegheitene ut for sal.

– Utbyggar har store planar for gamle Søreide skule, kan eigedomsmeklar Kamilla Nedre-Flo fortelje.

Saman med eigedomsmeklar Norunn Elise Aarnes har dei fått ansvaret for å marknadsføre og selje prosjektet, og i dag har dei bestilt stylist og fotograf til Søreide.

På sikt skal heile den gamle skuleplassen utviklast til eit triveleg buområde, med til saman 60 bueiningar i form av rekkehus og leilegheiter. Utbygginga skjer i fleire byggesteg, og først ut er fem moderne leilegheiter i ulike størrelsar.

Fotograf Emil Jangård Rasmussen finn rette vinkelen for å presentere leilegheitene på Søreide på ein god måte.

Siste klargjering før sal

Marthe Holien Bø og fotograf Emil Jangård Rasmussen har fått i oppdrag å style og fotografere. Saman flyttar dei seg frå leilegheit til leilegheit, frå rom til rom. Med seg har dei møblar og store kassar med rekvisittar.

– Jobben min er å skape ein heimleg følelse i leilegheita, som gjer det lettare å sjå moglegheitene. Vi skaper eit inntrykk av kva du sjølv kan få til her, og kor fint det kan bli, forklarar Holien Bø.

Ho har gjort fleire stylingjobbar for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, og merkar auka interesse for tenestene ho tilbyr.

– I byane er det heilt vanleg med profesjonell bustadstyling ved eigedomssal. Eg trur vi vil sjå meir og meir av det i Sogn og Fjordane framover, seier Holien Bø, som synest det er heilt topp å farte rundt i fylket og style bustader.

Saman med Rasmussen tek dei for seg rom for rom i dei nye leilegheitene.

– Det går i hundre, ler Rasmussen, før han blir ropt inn i neste leilegheit, der alt er klart til neste bilde.

Marthe Holien Bø stylar bustader før sal. Her på oppdrag for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

Fornøgd utbyggar

Også Olav Fuglestrand, utbyggar og medeigar av prosjektet, er på plass på Søreide denne dagen. Han ser stor verdi i gode bilde til marknadsføringa.

– I heilt tomme, nye leilegheiter har dette stor betyding. Mange kjøparar klarar ikkje å sjå for seg potensialet, og då er det viktig med ein bustadstylist som kan synleggjere det. At bilda fenger har mykje å seie for marknadsføringa, seier Fuglestrand, som er svært fornøgd med prosjektet.

– Her bur du landleg og fredeleg, samtidig som det er ganske sentralt. Du er nær både skogen, fjellet og fjorden, og har fotballbane og tennisbane rett bak bygget. Legg du godviljen til, kan vi putte på fjordgløtt på bustadannonsen også, smiler han og legg til:

– Det har blitt eit veldig bra prosjekt. Vi gler oss til salsstart.

Første byggesteg i Søreide bustadprosjekt tilbyr fem leilegheiter i varierte storleikar, frå 50 – 92 kvm. Dei minste har eitt soverom, og dei største har tre soverom og to bad. Alle leilegheitene har bra standard med einstavs parkett, golvvarme, stor terrasse og er inkludert integrerte kvitevarer. Alle er på bakkeplan. Leilegheitene kjem for sal før påske. Følg med!

 

 

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.