Råd til eigen bustad?

13. juni 2017 • Av: Inger Marie Lien

Er draumen om eigen bustad blitt fjernare og fjernare for deg? Terskelen for å komme seg inn i bustadmarknaden er blitt høgare, men det er framleis muleg å skaffe seg eigen bustad. Du treng ein solid porsjon tolmod og bevisstheit, eller at du er litt heldig.

Bustadprisane har gått kraftig opp dei siste åra. Dei siste 5 åra er prisoppgangen på landsbasis over 35 %,  medan dei siste 10 åra har bustadprisane meir enn dobla seg. I tillegg er krava for å få bustadlån blitt strengare.

15% eigenkapital
Bankane har fått pålegg frå myndigheitene, at dei som kjøper seg bustad i utgangspunktet skal ha 15 % eigenkapital. Det vil seie at dersom du kjøper ei leilegheit til 2 mill kr må du sjølv stille opp med 300 000 kr frå eiga lomme. Dei resterande 1,7 mill kr kan du låne i banken.

Korleis skaffe 300 000?
Lånet på 1,7 mill kr kan du få på dagen av oss. Verre er det gjerne å stable på beina 300 000 kr sjølv. Det er her du treng tolmod og bevisstheit. Skal du skaffe 300 000 kr er det som regel berre èin veg å gå, nemleg å spare. Det ideelle er at du alt frå konfirmasjonsalderen startar med å tenke på bustadsparing. Klarer du å spare litt gåver og stipend du får, pengar frå sommarjobbar og etter kvart frå deltidsjobbar, er du i gang med gode sparevanar som over tid gir frukter. Legg du av 1 000 kr kvar månad i 10 år har du fylt opp BSU-kontoen på 150 000 kr. Hugs å fylle på BSU-kontoen berre dei åra du har skattbar inntekt, slik at du får nytte av skattefrådraget.

Involvere mor og far
Dersom du legg fram spareplanen din til foreldra, kan du oppmode dei til å støtte deg med same spareplan. Sparer dei 1 000 kr per månad til deg i same periode har du 150 000 kr til. Til saman har du 300 000 kr og du er dermed i boks med eigenkapitalen.

Er du riktig heldig har du foreldre som kan stille med heile potten på 300 000 kr.

Investering i eigen bustad har vore veldig lønsamt dei siste åra. Det er på langt nær så sikkert at det blir like lønnsamt i framtida. Vi skal ikkje lenger enn til Danmark for å sjå ein prisnedgang i bustadprisane på om lag 30 % dei siste åra. I Noreg hadde vi kraftig fall i bustadprisane i perioden 1988-1992.

Investering i eigen bustad trur eg vil vere ei god investering også framover, berre ein er langsiktig nok og ikkje blir eigedomsspekulantar og trur ein skal gjere raske pengar. Tida for raske pengar i bustadmarknaden trur eg kan vere forbi.

Nyttige lenker:
BSU – Bustadsparing for unge
Bustadsparekonto, spare 30 000 ekstra pr år.
Lånekalkulator
Smarte tips – visning på bustad

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Det er ting på trappene i reguleringskrav frå EU, og det kan ha ein betydning for straumforbruket ditt. I tråd med Paris-avtala er vi alle nøydde til å kutte utsleppa våre. 1. mars i år blei EU sitt bygnings- energidirektiv utgangspunkt for norske reglar for energimerking. Direktivet krev nullutsleppsbustadar innan…
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…