Selje bustad til våren?

16. februar 2018 • Av: arnybo

Ikkje vent for lenge med å kontakte meklar.

Det er lite som minner om vår ute, men like sikkert som at den er på veg, er det at mange vel å selje bustad før sommarferien. For å gjere eit godt bustadsal i høgsesongen, er det viktig med ein plan. Om du kontaktar ein meklar no, har de god tid til å førebu salet og gjere salsobjektet mest mogleg attraktivt. Dette bør du tenke på:

  • Finn ut av kva bustaden er verdt. Verdivurderinga er gratis dersom du brukar oss i samband med sal av bustaden innan eit år.
  • Er det feil og manglar ved bustaden som du bør utbetre? Småting som kan vere lurt å fikse for å skape eit godt inntrykk? Kva med uteområdet?
  • Gode bilde av bustaden er viktig for ein god presentasjon og førsteinntrykket. Mange studerer bilda før dei les teksten.
  • Finn ut kva tidspunkt det er lurt å legge bustaden ut på marknaden. Unngå til dømes å gjere det samtidig som naboen.
  • Rett marknadsføring er avgjerande for å nå potensielle kjøparar. Vi veit kva kanalar du bør annonsere i for å nå rett målgruppe.

Hugs at vi er din rådgjevar når du skal selje bustad. Saman finn vi ut korleis du skal få eit best mogeleg sal.

Ønsker du å klargjere salet no, slik at vi kan få eigedomen raskt ut på marknaden til rett tid? Kontakt ein av våre meklarar i dag.

 

 

 

 

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
På Indre Øyrane, som på folkemunne vert kalla indrefileten i Førde sentrum, er det god framdrift i utbygginga av Skudeløken sitt første av tre byggetrinn. Byggetrinn 1 består av garasjeanlegg under bakken og seks bygg over som inneheld leilegheiter i ulike størrelsar, kafé, leilegheitshotell og næringsareal for kontor og ulike…