Tømraren som vart eigedomsmeklar: Møt Daniel Einen

11. september 2017 • Av: arnybo

Når eigedomsmeklar Daniel Einen fortel kva vegg du kan rive, så veit han kva han snakkar om. Ikkje berre er han utdanna eigedomsmeklar, han har også utdanning innan tømrarfaget

– Eg har alltid hatt interesse for bygg og tømrarfaget. Målet var å bli byggingeniør, fortel Daniel.

Det er fredag formiddag, og Daniel slappar av heime etter ei travel veke med fire visingar og seine kveldar. Kaffikoppen står på bordet, og like ved ligg telefonen. Han likar å vere tilgjengeleg for kundane, men nokre reglar har han.

– Når eg et middag med familien og om natta skrur eg av. Elles er eg stort sett tilgjengeleg. Sjølv om det er mykje jobbing, er eg glad for at eg slepp 8 – 4-rutinen. Travle, men varierte og fleksible dagar, er noko av det eg likar best med meklarjobben, fortel han.

Han kjenner fylket
Daniel Einen er opphavleg frå Hellevik i Fjaler, men flytta til Hyllestad då han var sju år. Han har budd på hybel og gått byggfag i Dale, studert i Sogndal, har kontor i Førde og bur i Naustdal. Du kan trygt seie at han har belegg for å seie ”Vi kjenner fylket”. Men byggingeniør vart han altså ikkje.

– Nei, det var den fysikken. Det faget likte eg ikkje. Etter fullført tømrarutdanning og påbygg for generell studiekompetanse, fekk eg høyre om eigedomsmeklarutdanninga, og eg tykte straks det var veldig interessant. Difor søkte eg meg inn på bachelorstudiet i Sogndal. Økonomi, juss og eigedomsmekling er fag eg trivst godt med, og eg er glad for at eg tok utdanninga.

I 2015 fekk han jobb i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

– Eg hugsar godt min første jobb og kor utruleg nervøs eg var. Det var eit stort hus i Naustdal som skulle seljast, og eg var spent på om eg i det heile tatt fekk oppdraget. Heldigvis fekk eg jobben, og huset vart seld etter ei visning. Eg minnast det som ein god prosess, seier han og legg til:

– Men du kan trygt seie at eg ikkje ante kva eg gjekk til då eg begynte å jobbe. Lite visste eg om at det var så mykje papirarbeid i meklaryrket, humrar den tidlegare tømraren, som likar den praktiske delen av yrket og å rådgje kundane aller best.

Ser moglegheitene
Når Daniel er på synfaring hos kunde, ser han fort kva moglegheiter bustaden har.

– Utdanninga og praksisen som tømrar kjem godt med når ein skal prøve å sjå for seg løysingar som kan passe dei ulike målgruppene på bustadjakt. Om til dømes kjøkkenet er lite, kan eg vurdere kva veggar som kan fjernast, og korleis det igjen påverkar stova. Om røyra er gamle, kan eg seie litt om kva det krev å bytte dei. Eller kva som må til for å få eit ekstra soverom. Kundane set pris på å få høyre om moglegheitene og kva som må til for å få det som dei vil. Eg har inntrykk av at folk generelt er glade i å pusse opp.


5 kjappe med Daniel

  • Kva er ein god eigedomsmeklar?
    Han kan sitt fag, gir gode råd og står på.
  • Einebustad eller leilegheit?
    Eg har lyst til å bygge hus ein dag. Samtidig synest eg det er utruleg lettvint og praktisk å bu i leilegheit.
  • Moderne funkis eller klassisk sjarm?
    Eg er veldig glad i eldre hus med sjel, og har budd slik sjølv. Men det krev litt arbeid. Alltid noko som skal fiksast.
  • Landleg og roleg eller sentralt og praktisk?
    Det ideelle for meg er å bu landleg og roleg, men rett utanfor sentrum.
  • Stor hage eller vedlikehaldsfri terrasse?
    Vedlikehaldsfri terrasse
  • Overmøblert og koseleg eller minimalistisk og enkelt?
    Minimalistisk. Det blir fort kaotisk om ikkje.
  • Puslespel på heimebane
    På heimebane blir det også ein del oppussing. Saman med sambuaren Marthe Helene Skansberg har dei renovert ei leilegheit i Naustdal.

    – I mange heimar er det gjerne dama som står for interiør og innreiing, men eg har fått lov til å meine mykje under oppussinga, seier Daniel og legg til.

    – Det er kanskje ikkje så rart at ein tidlegare tømrar, og no eigedomsmeklar, har litt meiningar om korleis bustaden skal sjå ut, smiler han.

    Og korleis er det å kombinere småbarnsliv og oppussing med ein hektisk meklarkvardag?

    – Det er utfordrande. Enkelt og greitt! Nokre dagar ser eg knapt sambuaren, og når ho har seinvakt og eg spring rundt på vising er det ekstra vanskeleg. Eg er heldig som har familie som stiller opp som barnevakt og ein sambuar som forstår at eg må stå på for å lukkast i bransjen, avsluttar han.

    Tilbake til artikkeloversikta

    Relaterte artiklar

    Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
    Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
    Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
    Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.