Trivst når det er hektisk: Møt Kamilla Nedre-Flo

23. april 2018 • Av: arnybo

Kombinasjonen kontorarbeid og å få reise rundt i fylket gjer at Kamilla har funne sin plass i ein hektisk meklarkvardag.

Ein skulle kanskje tru at ein kjenner heimstaden og bygdene rundt etter å ha vakse opp der. Men i vårt krunglete fylke, med alle sine krinkar og krokar, er det alltid noko nytt å sjå. Då Kamilla Nedre-Flo flytta heim til Stryn etter utdanning, opplevde ho Sogn og Fjordane ”på nytt”. I Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har ho oppdrag i store delar av Nordfjord.

– Eg såg mange plassar i Nordfjord for første gong etter at eg begynte som eigedomsmeklar. Det var utruleg spennande å oppleve nabobygder og besøke heilt nye stadar. Eg var visst ikkje så lokalkjent som eg først trudde, humrar ho.

Viktig å vere lokalkjent

Etter snart ti år som meklar i Stryn, begynner ho å bli godt over snittet lokalkjent og kjenner marknaden godt.

– Som eigedomsmeklar er det viktig å kjenne området og marknaden du jobbar i, både med tanke på førebuingar til sal og sjølve visinga. Ein meklar med god kunnskap om området har innsikt i kva liknande bustader i området normalt blir selt for, og korleis marknaden, i mitt tilfelle i Nordfjord, har utvikla seg over tid. Og så er det viktig å gi eit godt og rett bilde av nabolaget til til dei som kjem på vising, og å kunne svare på spørsmål frå interessentar, forklarar ho.

At eigedomsmeklaren har eit lokalt nettverk, kan vere nyttig ved bustadsal.

– Ein lokalkjent meklar vil kjenne til kjøparar som er interessert i bustader i dei ulike områda. Det gjer at eg lettare kan invitere interessentar til vising og finne rette kjøparen.

God balanse

Som småbarnsmor krev det sitt å vere eigedomsmeklar og alltid vere tilgjengeleg for kundane, eller å jobbe helg og seine kveldar. Men Kamilla klagar ikkje. Det er nettopp kombinasjonen kontorarbeid og å farte rundt som gjer at ho likar jobben sin så godt.

– Eg trivst svært godt med ein fleksibel og hektisk kvardag, seier ho.

Legg vekt på presentasjonen

Når det kjem til rådgjevarrolla, er ho spesielt opptatt av å bruke tid på å førebu presentasjonen av bustaden.

– Eg er alltid ærleg når det kjem til korleis bustaden bør presenterast. Kundane set pris på at eg fortel kva som sel best, og kva du bør gjere før eit sal. Det kan vere alt frå å rydde og fjerne møblar til å fikse småting i heimen. Det er viktig at eg engasjerer med i bustaden for å gjere den mest mogleg attraktiv, seier ho.

Bekymrar seg ikkje for framtida

At mange meiner at digitale verktøy vil erstatte eigedomsmeklaren i framtida, ser ho ikkje så mørkt på.

– Å selje sjølv på nett er eit tilbod for dei som ønsker å gjere ting sjølv. Det er mykje ein kan gjere sjølv, men vil ein det? Eg kan skifte dekk og sy gardinene mine sjølv, men eg betaler heller andre for å gjere det. Det handlar om tid og kva tenester ein ønsker å sette vekk til andre i ein hektisk kvardag. Og ikkje minst tryggleiken og kompetansen som følgjer med å bruke ein meklar, forklarar ho.

Fem kjappe med Kamilla

Kva er ein god eigedomsmeklar: Han er punktleg, presenterer bustaden på best måte, har lokalkunnskap og følgjer alltid opp interessentar.

Einebustad eller leilegheit: Einebustad.

Moderne funkis eller klassisk sjarm: Ei blanding.

Landleg og roleg eller sentralt og praktisk: Sentralt og praktisk.

Stor hage eller vedlikehaldsfri terrasse? Stor hage. I småbarnsperioden må ein jo ha det!

Overmøblert og koseleg eller minimalistisk og enkelt: Minimalistisk og enkelt.

 

 

 

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.