Gode råd for ei trygg julefeiring

12. desember 2017 • Av: arnybo

Brannkonstabel Per Stian Hammer meiner folk er flinke når det kjem til brannsikkerheit. Men juledekorasjonane ber han oss halde eit ekstra auge på.

Desember er årets mest brannfarlege månad. Det elektriske anlegget får køyrt seg, vi tenner levande lys og brukar vedomnen og komfyren oftare. Etter 20 år som brannmann har Per Stian sett mykje, men meiner folk flest i dag er godt opplyste om brannførebygging.

­– Vi har kome langt dei siste åra, og det oppstår færre brannar i dag enn for berre nokre år sidan. Folk passar på og veit kva dei skal gjere for å unngå brann.

Han minner likevel om at brannfellene er der, ikkje minst rundt juletider. Han vil sterkt anbefale å sjekke røykvarslarane.

– Det kan bety alt for utfallet. Både for å unngå brann, sløkke brann eller å komme seg raskt ut. Dei fleste røykvarslarar har ein knapp du kan trykke på for å sjekke om dei fungerer. Du bør også bytte batteri kvart år, og bytte sjølve røykvarslarane kvart 5. år.

Farleg kos

På spørsmål om kva han meiner er største brannfella i desember, trekker han på smilebandet.

­– Eg veit ikkje om det er lov å seie, men det er når damene skal gjere det koseleg i heimen. Dei tenner levande lys og pyntar med brannfarlege juledekorasjonar. Det er sjølvsagt lov å kose seg, men gå aldri frå levande lys og hald eit ekstra auge med overdådige dekorasjonar med brannfarleg materiale. Det er verste sort!

Bruk sunn fornuft

Og så var det dei elektriske julestjernene og lysestakane. Med dagens standard og led-pærer som ikkje blir varme, må vi verkeleg ta runda og sløkke dei om kvelden? Kva gjer brannkonstabelen sjølv?

– He-he. Her kan eg berre snakke for meg sjølv. Personleg meiner eg at ei led-pære kan stå på om natta, men også nytt utstyr kan svikte eller ha dårleg kvalitet. Hald tilsyn og sjå etter svimerke. Alt med glødepærer bør vere av om natta og når du ikkje er heime. Mitt generelle råd må bli å bruke sunn fornuft når det kjem til elektriske apparat og ikkje ta sjansar.

Livsfarlege ladarar

Han er meir bekymra for lading av mobil om natta.

– Jul eller ikkje. Her ser vi at mange gjer feil. Bruk rett ladar til rett utstyr og ikkje lad på natta. Til dømes skal du aldri bruke ein ipad-ladar til ein iphone, for då blir det for stor ladestrøm i telefonen, og den kan bli varm.

Trass ein typisk brannfarleg månad, er det roleg på brannstasjonen i Førde denne dagen. Bilane står, og brannkonstablane gjer papirarbeid og utfører vedlikehald på utstyret.

– Ja, i dag er det roleg. Sidan folk har blitt så flinke med brannsikkerheit, rykker vi oftare ut til ulukker enn til brannar, forklarar Per Stian.

– Heilt til slutt: Juletreet, drar du ut stikkontakten der?

– Ja, det gjer eg. Og det skal du også gjere, avsluttar han.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.