Ofte stilte spørsmål

Her har vi samla nokre av dei spørsmåla vi ofte får ved kjøp og sal av bustad.

 

1) Kva bør gjerast med bustaden før bildetaking og visning?

Svar

Set av tid og førebu bustaden din for sal, både utvendig og innvending. Bustaden bør vere ryddig og reingjort – det skal sjå ut som at nokon har brydd seg om den. Gå over uteområda, og rydd også i boder og lagerrom – dette er viktige rom. Ein ryddig og forseggjort bustad gjer seg betre både i annonsar, på internett og i salsprospekt. Gode bilete gjer bustaden meir attraktiv. Hugs at førsteinntrykket er viktig!

 

2) Kva vil det seie om eg fyller ut «ynska overtakingsdato» i eit bodskjema?

Svar

Det vil seie at du kjem med eit ynskje som seljar står fritt til å innfri eller forkaste. Det er dermed viktig at dersom du har gitte tidspunkt som du må overta på, må du legge overtakingsdato inn som eit atterhald i bodskjemaet.

 

Andre spørsmål?
Kontakt ein av meklarane våre.