Med stoltheit for yrket: Møt Trond Bakke

23. november 2017 • Av: arnybo

Så lenge han kan hugse har han lese bustadannonsar, og eit godt sal gjer han glad. Det låg i korta at Trond Bakke skulle bli meklar.

– Eg har alltid likt å følgje med på kjøp og sal av eigedom.

– Det er vanskeleg å sette ord på kva som fascinerer, men heilt sidan Finn.no kom i 2000 har det vore spennande å følgje marknaden. Eg er nysgjerrig og interessert i kva som ligg ute og kva det blir omsett for, seier Trond.

I 2000 var han berre 16 år, og når han etter kvart også oppdaga at han likte å selje, var kursen staka. Det skulle likevel gå nokre år før han var der han skulle.

– Etter militæret, jordomsegling og eit år på universitetet, fekk eg tilbod om ei meklarstilling i Bergen. Eg slutta tvert på universitetet, for det var ingenting eg ville meir, smiler Trond.


6 kjappe med Trond

  • Kva er ein god eigedomsmeklar? Han har god salsmetodikk, er engasjert og strukturert, og klarar å halde oppe trykket frå start til mål. Det faglege må ligge i botn.
  • Einebustad eller leilegheit? Leilegheit. Eg jobbar 50-60 timar i veka og har ikkje tid til å måle hus og trimme hekken.
  • Moderne funkis eller klassisk sjarm? Begge deler. Avhengig av eigedommen.
  • Landleg og roleg eller sentralt og praktisk? Akkurat no sentralt og praktisk, men kanskje landleg seinare.
  • Stor hage eller vedlikehaldsfri terrasse? Vedlikehaldsfri terrasse.
  • Overmøblert og koseleg eller minimalistisk og enkelt? Minimalistisk og koseleg.
  • Beinhard jobbing
    Å vere ung og ny meklar i Bergen vil enkelte skildre som brutalt. Det er hard konkurranse, og ikkje uvanleg å kjempe med 3-4 andre meklarar om kvart oppdrag.

    – Du må vere beinhard og jobbe mykje for å lukkast. Mange slit med å komme i gang, og helst skal du ha eit namn og eit rykte før du vinn oppdraga. Det var difor med skrekkblanda fryd eg fekk mitt første oppdrag. Huset vart seld 300.000 over takst etter tre veker i jobben, og eg hugsar at det var ei veldig god kjensle, og med ærefrykt for det store ansvaret.

    Etter at det vart krav om utdanning for å vere eigedomsmeklar, søkte Trond seg inn på treårig bachelorstudie i Sogndal. Han tok like godt økonomiutdanning samtidig.

    – I tillegg jobba eg ved Sogndal-kontoret til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.
    – Travelt?
    – Eigentleg ikkje, seier han og trekker på skuldrane.
    Eg likar å jobbe. Det er difor eg er meklar.

    Tettare på kundane
    No er han siste tilskotet i meklarstaben til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane. Han har gått frå by til bygd og frå bygd til bygdeby. Kor likar han best å jobbe?

    – Det er litt færre spisse olbogar i Sogn og Fjordane, men det kan vere krevjande å etablere seg som meklar her og. Heldigvis har det gått fint, og eg er godt i gang. Den største forskjellen er at her må du kunne selje alt – frå gardsbruk i utkantane, til eksklusive bustadprosjekt i byen. I Bergen er det mest leilegheiter og einebustader i sentrum. Litt meir køyring her, kan du seie, ler han.

    – Er det forskjell på kundane her og i Bergen?
     Menneske er menneske, men det er mindre forhold her – på godt og vondt. Som meklar kjem du opp i mykje forskjellig, og på små stadar kjem ein tettare på kundane. Men eg treff nye menneske kvar einaste veke her i Førde også.

    Ivrar for gode sal
    By eller bygd, Trond brenn for jobben som eigedomsmeklar.
      Min styrke er at eg er flink til å sjå an interessentane og legge til rette for gode sal. For å oppnå rett pris må ein ha ein strategi på korleis visinga og bodrunden skal gjennomførast. Det er heilt avgjerande, seier han.

    – Når kunden er fornøgd er eg fornøgd. Eit godt sal gjer meg glad.

    Det er spesielt eitt råd han ønsker å gje deg som skal selje hus:
    – Vel rett meklar! Ein som står på frå start til slutt, får rett pris for eigedomen og ivrar for at du skal bli fornøgd. Ein skal legge stoltheit i jobben ein gjer som meklar.

    Tilbake til artikkeloversikta

    Relaterte artiklar

    Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
    Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
    Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
    Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…