Ditt første bustadskjøp

27. mars 2023 • Av: Karen Nilsen

Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.

– Det første eg pleier å tipse førstegongskjøparar om er å starte i banken, fortel Stine smilande. – Det er lurt å ha finansieringsbeviset på plass med ein gong. Då veit du kva budsjett du har og kva slags bustadar du har råd til, fortset ho.

 

Kva er eit finanseringsbevis?

Eit finanseringsbevis er ei godkjenning frå banken på kor mykje du kan kjøpe bustad for. For å få eit finanseringsbevis kan du kontakte banken din og ta eit møte med ein rådgivar. I møtet går de gjennom økonomien din og set opp eit budsjett. Har du ikkje rådgivar kan ein meklar hjelpe deg med å komme i kontakt med ein bank som passar for deg. Alle norske bankar er underlagt same krav for finansieringsbevis, og du treng minimum 15% eigenkapital for å få lån. Men alt håp er ikkje ute sjølv om du skulle mangle eigenkapital. Du kan då få hjelp frå ein kausjonist, ofte foreldre, som stiller sikkerheit i sin eigen bustad for eigenkapitalen du manglar. Banken set så ei ramme basert på inntekt, arbeidssituasjon, oppsparte midlar og budsjett. Låneramma vil bli ganske lik uavhengig av kva bank du vel – men valet kan variere i andre faktorar som kundeservice og lokal tilknyting. Hugs også at jo meir eigenkapital du har, jo betre stilt er du. Spar difor tidleg i BSU, er klar beskjed frå meklaren.

 

Bilete: Stine Thue er ein av Eigedomsmekling Sogn og Fjordane sine flinke meklarar. Her får du som skal kjøpe bustad for første gong dei beste tipsa hennar!

 

Ha tolmod

Med finanseringsbeviset i orden er du klar for å jakte din første bustad! – No kan du begynne å orientere deg i marknaden. Dei fleste har kanskje ikkje mogelegheit til å kjøpe draumebustaden med ein gong. Ha difor eit langsiktig tidsperspektiv på alternativa dine, og ver realistisk med tanke på plassering og størrelse. Kanskje du kan leige ut eit rom for å få litt ekstra inntekt? Å sjå på bustadkjøp som ei langtidsinvestering er veldig viktig, fortel Stine.

 

Lag ei spørsmålsliste til vising

Når du har scrolla både finn.no og Eigedomsmekling Sogn og Fjordane sin nettstad ei stund er det på tide å komme seg på vising. – Still godt førebudd. Alt du treng å vite om bustaden finn du i den digitale salsoppgåva, der det er viktig at du har lest godt igjennom tilstandsrapporten. Tilstandsrapport er ei teknisk vurdering av bustaden, føretatt av ein uavhengig takstmann. Rapporten seier noko om kva som må oppgraderast eller utbetrast og kva prisklasse desse endringane ligg i. Det er mange fagord og tungt språk i ein slik rapport, og det kan vere lurt å få hjelp til å lese gjennom, tipsar Stine. Ho fortel også at nokre lagar seg liste med spørsmål som dei stiller meklar på visinga. – Hugs at meklar er til stades for å hjelpe deg, og ingen spørsmål er for dumme. Ikkje alle har byggteknisk innsikt. Ver difor nysgjerrig og bruk meklaren til din fordel, fortset ho. Ta gjerne òg med deg ein fagmann på vising om du kjenner nokon som kan hjelpe deg i vurderinga.

 

Bilete: Furutun 19 i Florø ligg ute for sal no, og er eit godt eksempel på ei kjekk og praktisk førstegongsleilegheit.

 

Gå gjerne på ei ekstra vising!

– Gå på mange visingar og set deg på liste sjølv om du ikkje har tenkt å leggje inn bod, anbefalar Stine. Då får ein eit samanlikningsgrunnlag på ulike bustadar, og kan sjå kva pris bustadane endar på. I tillegg gir det eit innblikk i korleis bodrunder fungerer i praksis. Dette er god erfaring å ta med seg, og vil gjere deg betre rusta når det er din tur, fortsett ho. Den erfarne meklaren har mange gode tips, og Stine spelar også inn at ein kan lage seg ei prioriteringsliste. Set opp kva som er dei viktigaste eigenskapane bustaden skal ha og kva du kan leve utan.

 

Di første bodrunde – kva gjer du?

Dersom det kjem til stykket, og du ønskjer å gje bod på ein bustad må du hugse at alle bodrunder er forskjellige. Nokre er hektiske med mange bodgivarar og høgt tempo, medan andre er langdryge med få bodgjevarar. – Før bodrunda startar kan det være lurt å setje ei grense for kor høgt ein er villig til å gå. Det er lett å bli riven med, og vanskeleg å halde hovudet kaldt. Difor er det fint med ein fastslått sum å forhalde seg til, som seier noko om kva du sjølv trur bustaden er verdt. Dersom du derimot har leita lenge – og draumebustaden endeleg har dukka opp, kan det være verdt å vurdere om du har moglegheit for å strekke deg litt lenger for å komme i mål. Hugs at alle situasjonar er forskjellige, så spør nokon du kjenner eller ein meklar om du er usikker på kva du skal gjere, seier ho.

 

Bilete: Skogvegen 8A ligg i Svelgen, og er også eit godt alternativ til eit førstegongskjøp. 

 

Bustaden blei din! Og kva skjer no? Heldigvis har meklarane seld mange bustader før, og losar deg trygt gjennom det praktiske som må på plass før du kan sette nøkkelen i døra!

 

Lukke til med ditt første bustadskjøp!

 

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

På Indre Øyrane, som på folkemunne vert kalla indrefileten i Førde sentrum, er det god framdrift i utbygginga av Skudeløken sitt første av tre byggetrinn. Byggetrinn 1 består av garasjeanlegg under bakken og seks bygg over som inneheld leilegheiter i ulike størrelsar, kafé, leilegheitshotell og næringsareal for kontor og ulike…
Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Når Lisbeth Aasen Andersen skulle vende tilbake til eigedomsmeklaryrket var valet enkelt: 1. juni byrja ho i ny jobb hos Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.
Det er ting på trappene i reguleringskrav frå EU, og det kan ha ein betydning for straumforbruket ditt. I tråd med Paris-avtala er vi alle nøydde til å kutte utsleppa våre. 1. mars i år blei EU sitt bygnings- energidirektiv utgangspunkt for norske reglar for energimerking. Direktivet krev nullutsleppsbustadar innan…