7 tips til sal av bustad

12. april 2023 • Av: Karen Nilsen

Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.

 

  • Fullfør påbegynte oppussingsprosjekt
    – Dette er kanskje mitt beste tips, fortel den smilande eigedomsmeklaren. Det er få som ønskjer å ta over andre sine prosjekt, og gir eit betre førsteinntrykk om det ikkje er gamle prosjekt som heng over ein potensiell ny kjøpar.

 

  • Vask grundig
    – Vask godt, både inne og ute. Det er lett å gløyme uteområde i ein stressande salsprosess, men det må du ikkje gjere, fortel ho. Etter ein lang vinter er hus, plattingar og rekkverk skitne og treng ein god vårvask. Gjer deg flid med hagen og utearealet, det kan verkeleg booste salet.

 

  • Oppgrader frontar på kjøkken og bad
    På kjøkkenet og nokre gonger badet kan ein bytte ut eller måle frontane. Dette kan skape ei meir moderne fasade.

 

  • Sliten kjøkkenbenk?
    Bytt den ut, er den klare beskjeden frå meklaren.

 

  • Skift ut gamal fugemasse på badet
    – Dette vil gjere mykje for det visuelle på badet. Du kan eventuelt gje dei ein skikkeleg reins, fortel ho.

 

  • Mange småting kan utgjere store resultat
    – Det er mange småting som seljar må hugse på. Eg anbefalar alltid å feste lause lister og leidningar, det gjer eit betre uttrykk i eit rom. Reparer og smør hengsler som knirkar og slarkete dørhandtak, fiks hol i veggar og andre småting. Du kan også pusse og måle slitte lister, dør- og vindaugskarmar og i nokre tilfelle skifte dørhandtak, tipsar ho.

 

  • Mål gamal tapet og veggar
    – Finn ein tidsriktig farge eller to, og mal gamle veggar. Litt ny maling gjer underverk, fortel ho.

 

Bilete: Her ser vi eit kjøkken som er friska opp med litt maling og nye knottar.

 

Trendar for året: Energieffektive løysingar

I tillegg til dei 7 tipsa over, spurde vi Greta kva for trendar ho trur vil påverke bustadssal framover – og kva ein kan gjere sjølve med dei.

–  Her handlar det om meir kostbare ting, og den største trenden eg ser handlar om å gjere bustaden meir energieffektiv. Dette er verkeleg i vinden for tida, og mange fleire spør etter straumprisen no enn tidlegare, fortel ho. Sjølv om det er kostbart, finns det løysingar som gjer bustaden din meir energieffektiv før sal, fortset ho. Du kan blant anna gå over på smartløysingar for elektrisitet og oppvarming, og du kan gjere isolerande tiltak på loft og kjellar. Det kan ein spare mykje på.

 

Energiattesten fortel litt, men ikkje alt

Enten du skal kjøpe eller selje bustad bør du vere klar over at energiattesten til bustaden ikkje fortel alt. – Mange gode og energisparande tiltak som blir gjort i eldre bustadar kjem ikkje med her. For eksempel om du har skifta vindauge eller sett inn ny varmepumpe. Energiattesten er ikkje detaljert nok på eldre bustadar, så les tilstandsrapporten i tillegg, avsluttar ho.

 

Bilete: Greta Halvorsen gir deg sine beste tips for oppgradering av din bustad

 

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
På Indre Øyrane, som på folkemunne vert kalla indrefileten i Førde sentrum, er det god framdrift i utbygginga av Skudeløken sitt første av tre byggetrinn. Byggetrinn 1 består av garasjeanlegg under bakken og seks bygg over som inneheld leilegheiter i ulike størrelsar, kafé, leilegheitshotell og næringsareal for kontor og ulike…
Når Lisbeth Aasen Andersen skulle vende tilbake til eigedomsmeklaryrket var valet enkelt: 1. juni byrja ho i ny jobb hos Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…