Motto: Vere fylket sin føretrekte eigedomsmeklar

5. april 2024 • Av: Karen Nilsen

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte eigedomsmeklar. Salgscoach og eigedomsmeklar Daniel Einen svarar ut korleis dei jobbar med akkurat dette.

Korleis blir ein leiande i marknaden, og førstevalet til kundane? Vi må ha eit godt rykte, opparbeidd over tid gjennom godt arbeid for kundane våre. Bustadsal handlar om følelsar og tillit, smilar Daniel. Han er salgscoach for gjengen på eigedomsmeklingkontoret, og veit kva han snakkar om. – Med dyktige folk, ein god plan og riktige verktøy kjem vi langt. Kompetansen på huset er høg, og det må den vere. Som eigedomsmeklar er folka og den kompetansen kvar enkelt av oss sit på uunnverleg, fortel han.

 

Daniel er salgscoach og eigedomsmeklar. Han veit kva som skal til for eit godt bustadsal.

 

Godt sal er avhengig av god planlegging
Det er dyrt å bomme på val av eigedomsmeklar og salsstrategi. I Eigedomsmekling Sogn og Fjordane skal det godt gjerast. Det er høg, lokal kompetanse innomhus, og mange med lang erfaring. – Ingenting skal vere tilfeldig når du sel bustaden din. Det er trass alt eit av dei største transaksjonane ein gjer i livet.  Det er stort og viktig, og det har vi full forståing for. Sel du bustaden din med oss har vi ein plan for heile prosessen. Hos oss prioriterer vi planlegging høgt.  Alt frå marknadsføring, bustadførebuing, vising og bodrunde har ein agenda. Vi tar oss av alt frå start til slutt. Det skadar ikkje at vi jobbar med dette dagleg, kjenner den lokale marknaden og veit kva som skal til for eit godt sal, forklarar Daniel.

 

Alle bustadar har noko positivt
Det er noko positivt med alle bustadar. Som eigedomsmeklar må du vere god på å skilje dette ut. – Vi må vere oppdatert til ei kvar tid. Vi følar pulsen på den lokale marknaden, og veit kva som rører seg. Det gjer at vi veit kva vi skal fokusere på ved eit bustadsal, fortel han. Ein stor del av arbeidet deira går nemleg ut på å komme inn tidleg i salsprosjekt, gi råd og eliminere negative faktorar. Dei kjem med grep seljar kan gjere sjølv for å auke verdien, og få mest mogleg for bustaden.

 

Riktig styling er viktig, og i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane veit dei kva som trendar – og ikkje.

 

Vanvitig lovverk
Å vere eigedomsmeklar er ikkje alltid ein typisk 8-16 jobb. Det krev litt kveldsjobbing å vere tilgjengeleg for kundane, og alltid halde seg oppdatert. Men det er det verdt for å gjere ein god jobb forsikrar Daniel. – Eigedomsmekling er eit yrke som blir meir og meir byråkrati. Det er eit vanvitig lovverk for kjøp og sal av bustadar, og noko heilt anna enn for ti år sidan. Mykje dokumentasjon og lovverk å halde styr på, og strengt regulert. Men det er spennande, fortel han. Dei siste åra har det òg komme formelle krav til eigedomsmeklaren sitt yrke. Det er høgre krav til både kurs og utdanning. Dette er kanskje grunnane til at meklarbransjen klatrar på NKB[1] sitt bransjebarometer. Bransjen totalt sett har aldri scora så høgt på omdømme som no.

 

 

Lettare å være ærleg med meklar enn huseigar
Har du tenkt på kor mykje enklare det er med meklar på visning – enn seljar? Ein av årsakene til det er at folk flest er forsiktige på vising og ynskjer ikkje sei noko negativt om heimen til seljar av frykt for å fornærme vedkommande. Seljar har ofte budd i heimen sin lenge og er glad i eigedomen. – Det er lettare for kjøpar å vere ærleg med ein objektiv mellommann, slik som oss, på ei vising. Som meklar er vi dyktige på å kommunisere, og gjer det enklare for alle. Vi får lettare innvendingar på bustaden som vi i mange tilfelle kan løyse gjennom rådgjeving til interessentar.

 

Best gevinst for bustaden
Det kjem fordelar med å vere gamlefylket sin største eigedomsmeklar. Bedrifta jobbar med kontinuerleg utvikling, og er oppdatert på dokumentasjon og krav. Det gir også gode avtalar med samarbeidspartnarane. I tillegg til tryggheit ved kjøp og sal, gir det kundane ein god pris. – Det er lurt å investere i ein meklar for å få best mogleg gevinst for bustaden. Vel du ein av oss får du ein trygg, profesjonell og påliteleg meklar som er opptatt av at du får god service og best pris, forsikrar Daniel.

 

[1] https://www.bi.no/forskning/norsk-kundebarometer/resultater-2023/

 

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
På Indre Øyrane, som på folkemunne vert kalla indrefileten i Førde sentrum, er det god framdrift i utbygginga av Skudeløken sitt første av tre byggetrinn. Byggetrinn 1 består av garasjeanlegg under bakken og seks bygg over som inneheld leilegheiter i ulike størrelsar, kafé, leilegheitshotell og næringsareal for kontor og ulike…
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Det er ting på trappene i reguleringskrav frå EU, og det kan ha ein betydning for straumforbruket ditt. I tråd med Paris-avtala er vi alle nøydde til å kutte utsleppa våre. 1. mars i år blei EU sitt bygnings- energidirektiv utgangspunkt for norske reglar for energimerking. Direktivet krev nullutsleppsbustadar innan…