Gode grunnar til å bruke eigedomsmeklar

2. februar 2024 • Av: Karen Nilsen

Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt team i ryggen. Våre meklarar jobbar med dette kvar dag, og har stålkontroll på kva som må vere på plass. Dei hjelper deg med salsprosessen frå start til slutt. Å velje ein lokalkjend meklar er eit trygt val.

 

Leif Andrik Teigen er ein av våre flinke meklarar. Han har vore meklar sidan 2014, og jobba nokre år i Bergen før han kom heim til Sogn. No sel han bustadar høgt og lågt i saftbygda. Er det eigentleg stor forskjell på meklarlivet i Bergen og i Sogn? – Ja, det er litt forskjell på marknaden. Både når det gjeld prisar og type bustadar. Men mykje er likt, og erfaringane er gode å ta med seg. Eg synest begge plassane har ein spennande bustadmarknad, svarar den hyggelege meklaren.

 

Det som gir energi
Det er ein sosial jobb å vere meklar. Du må vere glad i å treffe folk, det er i alle fall ein fordel i jobben. – Det kjekkaste er alle dei hyggelege folka eg treffer. Eg får hjelpe kundane med å kjøpe noko dei verkeleg vil ha, eller selje ein bustad som betyr mykje for dei. Det gir energi, fortel Leif. Ein eigedomsmeklar må vere ein god formidlar. Ei god mengde informasjon skal innhentast og vidareformidlast frå seljar til kjøpar, og mange dokument skal handsamast. Då er det viktig med ein meklar som kommuniserer på ein god måte. – Eg trur det er viktig at vi snakkar med kundane våre på ein trygg og tydeleg måte. Vi må unngå misforståingar, og tryggje både kjøpar og seljar om at dei får den informasjonen dei treng – og at dei forstår det som blir sagt, forklarar han. Kjøp og sal av eigedom har eit strengt lovverk, og meklar må navigere kjøpar og seljar trygt gjennom gjeldande lover og reglar.

 

På dei fleste plassar finst det fleire meklarar å velje mellom. Korleis finn du den meklaren som passar for deg? – Akkurat dette er personavhengig. Men det finst nokre lure tips. Vel gjerne nokon du har god kjemi med, og som du stolar på. Det er ein fordel at du kommuniserer godt med meklaren, ettersom ein jobbar tett saman i salsperioden, fortel Leif.

 

Alltid på farten!

Enorme mengder informasjon
Meklarane våre har mange spennande og forskjellige prosjekt på tapetet. Arbeidskvardagen er variert. – Som meklar må vi kombinere eit kontorliv med livet på farten. Det passar meg godt, fortel Leif. Han forklarar at ein meklar bidrar i salsprosessen av bustaden frå start til slutt. – Først hentar vi inn enormt med informasjon. Mange dokument skal lesast igjennom, og informasjon skal skrivast inn i salsoppgåva. Deretter hjelper vi seljar med å gjere bustaden så presentabel som mogeleg før sal. Små ting kan trass alt utgjere eit betre resultat. Vi kjenner marknaden, og veit kva som er best for akkurat den bustaden, fortel han engasjert. Inn i miksen kjem også marknadsføring og vising. Til slutt held meklaren bodrunde, og ved sal sørger dei for at bustaden vert overdregen på ein ryddig måte. Det er ein omfattande prosess, men med ein meklar på laget har du alltid nokon å spørje.

 

Kva kjenneteiknar meklarane våre?
I Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er vi over 20 tilsette. Ein variert gjeng – men finst det noko som går igjen hos alle? – Hmm. Ja, i tillegg til å vere lokale er vi serviceinnstilte og målbevisste. Det trur eg gjeld alle kollegaene mine. Alle ønsker at salsprosessen skal bli best mogeleg, og vi strekk oss langt for å få dette til. Det er ein fin og dyktig gjeng eg jobbar saman med, avsluttar Leif.

 

Leif fortel om livet som eigedomsmeklar, og kvifor det er lurt å ha ein på laget når du skal selje bustad.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Det er ting på trappene i reguleringskrav frå EU, og det kan ha ein betydning for straumforbruket ditt. I tråd med Paris-avtala er vi alle nøydde til å kutte utsleppa våre. 1. mars i år blei EU sitt bygnings- energidirektiv utgangspunkt for norske reglar for energimerking. Direktivet krev nullutsleppsbustadar innan…
Når Lisbeth Aasen Andersen skulle vende tilbake til eigedomsmeklaryrket var valet enkelt: 1. juni byrja ho i ny jobb hos Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.