7 gode grunnar til å velje eigedomsmeklar

4. april 2022 • Av: Roy Sunde

Skal du selje bustaden din? Eigedomsmekling Sogn og Fjordane garanterer ein trygg og profesjonell handel. Her gir vi deg 7 gode grunnar til å velje ein av våre eigedomsmeklarar når du skal selje bustaden din. 

 

Salsgaranti
Å selje bustad er ein stor økonomisk transaksjon. Difor er vi oppteken av at vi skal vere ein trygg partnar for deg i bustadsalet, og at du slepp uroe deg over kostnadar. Når du vel Eigedomsmekling Sogn og Fjordane til å selje bustaden din får du vår salsgaranti: Om vi ikkje får selt bustaden din, får du heller ingen kostnad med å bruke oss.

Tryggleik
Å selje bustad, gjer privatpersonar sjeldan. Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har langt erfaring: Vi er den største aktøren på kjøp og sal av bustader i fylket, med over 500 sal årleg. Våre eigedomsmeklarar er din partnar i salet, og din garanti for ein trygg, profesjonell og god handel.

Profesjonell partnar
Det er mange lovar, reglar og dokumentasjon som regulerer bustadsal. Då er det greitt å ha ein trygg, profesjonell partner som har full oversikt.  Eigedomsmekling Sogn og Fjordane sine meklarar er din profesjonelle sparringpartnar i salsprosessen. Vi er forplikta av eit lovverk, som er tydeleg på både seljar og kjøpar sine plikter. Det er din garanti for at eigedomssalet er i tråd med lovar og reglar.

Vi gjer jobben for deg
Å selje eigen bustad kan i blant følast overveldande. Vårt mål er å gjere prosessen enkel for deg. Når vi tek oppdraget, tek vi oss av alt frå A til Å og hjelp deg i mål. Våre eigedomsmeklarar gir deg gode råd om alt frå kva du sjølv kan gjere før sal, til når bustaden din bør leggast ut på marknaden og kva ein kan forvente i pris.

Den beste marknadsføringa
Når ein skal selje bustad er det viktig å nå flest mogleg potensielle kjøparar. Mange er nemleg ikkje på aktiv bustadjakt, men melder seg når det rette objektet dukkar opp. Difor er det viktig å vere synleg i mange kanalar. Vi tilbyr den breiaste marknadsføringa lokalt, og er din garantist for å nå flest mogleg potensielle kjøparar.

Ikkje alle ønskjer å kjøpe bustad privat
Når du vel å selje bustad gjennom eigedomsmeklar, får du tilgang til fleire potensielle kjøparar. Tal frå Eiendom Norge viser at 7/10 ikkje ønskjer å kjøpe bustadar som blir selt privat. Om du ønskjer å selje sjølv går du dermed glipp av mange av dei potensielle bustadkjøparane. Eigedomsmekling Sogn og Fjordane gir deg tilgang til flest mogleg potensielle bustadkjøparar.

Slutt på «seljast som den er»
Frå 1. januar i år kom ei regelendring i avhendingslova om kjøp og sal av brukt bustad. Seljar kan ikkje lenger ta generelle atterhald om tilstanden til bustaden. Det betyr at bustadar og fritidsbustadar ikkje lenger kan «seljast som den er» til forbrukar. Vår rådgivarrolle har alltid vore viktig, og den blir med dette enno viktigare. Både i å tilrå seljar å ha med alle opplysningar, men også i høve å avstemme kjøpar sine forventingar i høve kjøp av bustad. Pliktene våre som eigedomsmeklarar er ikkje endra, men dei nye reglane krev enno betre rådgiving til begge partar.

Her kan du starte salsprosessen av din bustad
Å selje bustaden sin er det knytt mykje spenning, kjensler og forventningar til. I Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er vi difor oppteken av at du skal få god oppfølging, gjennom ein god, trygg og vellukka prosess. Vi er den leiande meklaren i Sogn og Fjordane, med den breiaste kompetansen og marknadsføringa. Det gjer oss til det trygge valet.

https://www.eigedomsmekling.no/selje/

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…