7 grunnar til å bruke meklar

26. oktober 2018 • Av: Roy Sunde

 

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane garanterer ein trygg og profesjonell handel. Her er sju gode grunnar til å velje eigedomsmeklar når du skal selje bustaden din.

Salsgaranti

Når du vel Eigedomsmekling Sogn og Fjordane til å selje bustaden din får du vår salsgaranti: Om vi ikkje får selt bustaden din, får du heller ingen kostnad med å bruke oss.

Tryggleik

Å  selje bustad, gjer privatpersonar sjeldan. Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har langt erfaring: Vi er størst på kjøp og sal av bustader i fylket, med over 500 sal årleg. Våre eigedomsmeklarar er din partnar i salet, og din garanti for ein trygg, profesjonell og god handel.

Profesjonell partnar

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane sine meklarar er din profesjonelle sparringpartnar i salsprosessen. Vi er forplikta av eit lovverk, som er tydeleg på både seljar og kjøpar sine plikter. Det er din garanti for at eigedomssalet er i tråd med lovar og reglar.

Vi gjer jobben for deg

Å selje eigen bustad kan i blant følast overveldande. Når Eigedomsmekling Sogn og Fjordane tek oppdraget, tek vi oss av alt frå A til Å og hjelper deg i mål. Våre meklarar gir deg gode råd om alt frå kva du sjølv kan gjere før sal, til når bustaden din bør leggast ut på marknaden og kva ein kan forvente i pris.

Unngå dyre overraskingar

Mange veit ikkje at dei til sjuande og sist sjølv er ansvarlege for skjulte feil og manglar ved bustaden dei sel, i opp til 5 år etter salet. Det er heller ikkje formildande at ein ikkje er fagperson. Når du vel Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, styrer våre meklarar deg unna fallgruver slik at du unngår overraskingar seinare.

Brei marknadsføring

Når ein skal selje bustad er det viktig å nå flest mogleg potensielle kjøparar. Mange er nemleg ikkje på aktiv bustadjakt, men melder seg når det rette objektet dukkar opp. Difor er det viktig å vere synleg i mange kanalar. Eigedomsmekling Sogn og Fjordane tilbyr den breiaste marknadsføringa lokalt. Vi er din garanti for å nå flest mogleg potensielle kjøparar.

Tilgang til fleire potensielle bustadkjøparar

Tal frå Eiendom Norge viser at 7/10 ikkje ønskjer å kjøpe bustadar som blir selt privat. Om du ønskjer å selje sjølv går du dermed glipp av mange av dei potensielle bustadkjøparane. Eigedomsmekling Sogn og Fjordane gir deg tilgang til flest mogleg potensielle bustadkjøparar.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.