Møt Lisbeth, vår nye eigedomsmeklar i Førde

10. juni 2022 • Av: Roy Sunde

Når Lisbeth Aasen Andersen skulle vende tilbake til eigedomsmeklaryrket var valet enkelt: 1. juni byrja ho i ny jobb hos Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

Det er ikkje alle som har landa på kva dei skal bli når dei vel utdanning, men for Lisbeth var det aldri noko spørsmål:
– Eg har alltid hatt interesse for eigedomsmekling. Det var faktisk det einaste yrket eg vurderte når eg skulle velje studium. Det er eit fag som byr på mykje interessant, kombinert med sal og mykje kontakt med menneske. Det passar meg veldig godt. seier Lisbeth og smiler.
– Som eigedomsmeklar får du ein veldig variert arbeidsdag: Du er både på kontoret og ute i felten, du møter mange menneske og kjem tett på kundane. Eg har alltid vore veldig oppteken av bustad, og er glad i å gjere ting sjølv. Og ikkje minst likar eg å gi råd og tips til kundane om kva grep dei kan ta for å best mogleg førebu bustaden for eit sal.

Sogndal – så Valdres og heim igjen
Utdanninga tok Lisbeth på Høgskulen i Sogndal. Då ho var ferdig, i 2013, flytta ho austover.
– Eg flytta til Valdres, der eg jobba som eigedomsmeklar dei neste fire åra, før eg valde å flytte heim til Førde i 2018, seier ho og fortel at det også førte til ei pause frå yrket.
– Eg fekk jobb som kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, der eg jobba fram til eg byrja i Eigedomsmekling, seier ho med eit smil.
– Det var ei nyttig og lærerik erfaring, som gav meg eit breiare perspektiv på kjøp og sal av bustad, ikkje minst frå kunden sin ståstad. Det er relevant erfaring å ta med seg tilbake i meklaryrket, seier ho og fortel kvifor ho bytta tilbake.
– Å jobbe som eigedomsmeklar er veldig kjekt. Eg har sakna å vere i felten, møte kundane og komme tett på dei. Ein møter mange folk og får god dialog og kjemi, noko eg trivast godt med. Og ikkje minst likar eg å hjelpe kundane fram til ein god pris for bustaden deira, og skape ein god, trygg prosess. Eg er oppteken av at ting skal skje på skikkeleg vis.
Å jobbe som eigedomsmeklar er hektisk, men ho finn likevel tid å nyte litt fritid.
– Eg har sambuar og hund, og så held eg på med hest, så det tek litt tid, seier ho.

Lisbeth byrja som eigedomsmeklar hos Eigedomsmekling Sogn og Fjordane i juni. Det er ein hektisk periode, men det trivast ho med. 

Det trygge valet
Når ho skulle vende tilbake til yrket var Eigedomsmekling Sogn og Fjordane eit naturleg val. Ho kjente godt til dei gjennom jobben i Sparebanken Sogn og Fjordane, og hadde eit særs godt inntrykk.
– For min del var det ein føresetnad for å bli eigedomsmeklar igjen at eg fekk jobb her. Eg meiner Eigedomsmekling har det beste produktet til kundane sine, og dei flinkaste eigedomsmeklarane i vår region. Det er eit fagleg sterkt miljø, med mykje dyktige folk og kjekke kollegaer.

Kasta i det
I juni var ho tilbake i manesjen på Førde-kontoret.
– Det har vore veldig kjekt så langt, sjølv om det har gått ei tid sidan eg jobba som meklar. Eg vaks opp i Førde, og har jobba fire år i banken no, så eg kjenner marknaden godt. Og eg kjenner at meklaryrket framleis sit godt i, og at det er veldig godt å komme tilbake. Eg byrja i ein periode der det skjer mykje, så eg vart kasta ut i det i full fart: Og det synesteg er veldig kjekt, seier Lisbeth og deler målsetnaden sin framover.
– Målet er jo at når nokon skal selje bustad, så er det meg dei hugsar på og kontaktar, smiler ho og fortel kvifor dei bør gjere det.
– Det høyres ut som ein klisjé, men eg er lidenskapleg oppteken av yrket mitt. Og av å skape ein god og trygg prosess, der kundane føler seg godt teken i vare. Og så er eg oppteken av resultat: Både det faglege og resultatet skal vere best mogleg.
– Kva er den største skilnaden på å vere eigedomsmeklar i Valdres og i Førde?
– I Valdres er det ein anna type marknad, prega av veldig mykje hytter, til dømes på Beitostølen og Filefjell, og store avstandar. Og seljarane var gjerne frå Oslo. I Førde er det meir kompakt, og ikkje minst større variasjonar i typar bustadar i marknaden.

 

 

 

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Det er ting på trappene i reguleringskrav frå EU, og det kan ha ein betydning for straumforbruket ditt. I tråd med Paris-avtala er vi alle nøydde til å kutte utsleppa våre. 1. mars i år blei EU sitt bygnings- energidirektiv utgangspunkt for norske reglar for energimerking. Direktivet krev nullutsleppsbustadar innan…