Camilla skal selje Førde sin nye bydel, Skudeløken

18. januar 2021 • Av: Roy Sunde

Snart startar salet av Førde sin nye bydel: Skudeløken. Eigedomsmekling Sogn og Fjordane skal selje prosjektet, som består av 270 leilegheiter, næringsareal og eit hotell.

– Utbyggar og LINK Arkitektur i Bergen er inne i siste runde med teikningar og finjustering av det første av tre store byggetrinn, Meanderkvartalet. Det er det største prosjektet vi har vore involvert i, så det er mykje som skal på plass. No gler eg meg verkeleg til å komme i gang med salet, seier eigedomsmeklar Camilla Kaland Olset.
Bjarte Roska er initiativtakar og utbyggar av Skudeløken. Han har hatt ideen i snart 30 år, og er sjølvsagt godt nøgd med at salsstart nærmar seg.
– Eg veit at folk har venta på at indre Øyrane skal bli bygd ut. Eg har venta lenge sjølv også, og er meir enn klar for å sleppe både plenklipping og snømoking. Moking har det i alle fall vore nok av i det siste. Det er veldig godt å sjå at alt fell på plass: No blir det utbygging på indre Øyrane!, seier Roska.

 

Eigedomsmeklar Camilla Kaland Olset. Foto: Skudeløken AS

Ein bydel som både er urban og landleg
Skudeløken skal byggast ut over dei neste 10-15 åra.
– Det skal skje mykje på Indre Øyrane framover, som vil skape ei ny, urban bydel. Samtidig skal ein ta vare på det grøne, frodige preget. Det blir ikkje eit typisk bykjerne-område, prega av bilen. Det blir «luftigare», samtidig som du har nærleik til sentrum og funksjonane der. Skudeløken syr saman sentrum av Førde på nytt, ved å «dra» i sentrumskjerna på ein positiv måte. Her blir det både bustadar, hotell, næringsareal og ikkje minst kafé/ete-stadar, med fantastisk beliggenheit, både for dei som skal drive det og dei som skal bu her, seier ho.

Ein bustad for alle
Med 270 bustadar skal alle kunne finne ei leilegheit som høver deira behov.
– Det blir ei blanding av leilegheiter der alle kan finne noko som høver deira livssituasjon: Førstegongs-kjøpar, familiar, eldre, par, einslig osv. Det blir også store leilegheiter, som høver dei som har plassbehov til einebustad, men heller vil ha dei gode kvalitetane ei leilegheit tilbyr. Til dømes lite vedlikehald av hus og hage, seier ho og lovar spennande arkitektur.
– I form av bygningskroppar, som både utfyller kvarandre og lagar kontrast, satt saman slik at det skaper ein flott heilskap, som både er urban og klassisk. På bygga med saltak blir det leilegheiter med store takvindauge.

 

Det nærmar seg salsstart av Meanderkvartalet, det første byggetrinnet i Skudeløken. 

Stor interesse
www.skudeloken.no kan ein etterkvart lese meir om prosjektet. Du kan alt no melde di interesse.
– Det er mange som har gjort. Og det er forståeleg: Skudeløken er ikkje eit framhald av noko, det tilfører Førde noko nytt, i eit område med svært gode kvalitetar. Det blir ein god plass å bu, seier ho.
– Plasseringa er unik: behageleg nær sentrum, men skjerma i eit solrikt område med flotte naturkvalitetar. Du er nær båthamna, omgitt av Løken. Skudeløken kombinere det å bu urbant, med å ha det «luftig». Parkeringskjellar under bustadane frigjev plass til gode uteareal.
Roska har også merka stor interesse for Skudeløken.
– Folk klarar knapt å vente. Fleire har ringt meg alt og peika på kva leilegheit dei vil ha etter å ha sett bilde av prosjektet i avisa. No legg vi siste hand på teikningane og er heilt sikre på at dette blir noko folk vil ha. Vi er i alle fall overtydde om at dette blir leilegheiter med både planløysingar og størrelsar som folk har sakna i Førde sentrum.
– Når reknar ein med å vere i gang med salet?
– Så snart så snart dei siste detaljane er klare. Dei som er interesserte kan gå inn på heimesida vår og registrere seg, då får dei beskjed når vi er i gang. Det er ikkje lenge igjen, lovar Roska.

Viktig oppdrag
For Camilla kjem Skudeløken til å prege arbeidslivet dei neste åra. Ho skal likevel bistå med sal på bruktmarknaden parallelt.
– Skudeløken vil prege arbeidstida mi ein god del i starten, men eg skal jobbe med sal av brukte bustadar i tillegg. Som meklar er ein flink til å tilpasse tida si, og sjonglerer oppgåver, seier ho med eit smil.
– Det er ikkje mange slike prosjekt. Dette er ekstra spennande, fordi det er ekstremt godt. Eit drøymeprosjekt vil eg seie. Eg har visst at dette skulle på marknaden ein dag i mange år. Skudeløken er det utbyggingsprosjektet eg har hatt sterkast tru på, det gjer det ekstra kjekt å vere med på, seier ho og held fram.
– Når ein tek på seg prosjektsal som dette, er det alltid ein fare for at prosjektet til slutt ikkje blir utbygd. Skudeløken er vi sikre på blir gjennomført, fordi det står dyktige folk bak. Om noko i Førde kjenner marknaden og har gode føresetnadar for å skjønne utbygginga av eit så stort prosjekt, så er det Bjarte Roska. Han var med på å utvikle og bygge ut Slåttebakkane i si tid, og har vore takstmann i ein mannsalder. Han har stålkontroll på alt det byggtekniske, og han kjenner marknaden. Den kunnskapen er det ikkje alle som har, så det er ein stor tryggleik, avsluttar ho.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…