Nye krav frå EU: Nullutsleppsbustad innan 2050

21. mars 2024 • Av: Karen Nilsen

Det er ting på trappene i reguleringskrav frå EU, og det kan ha ein betydning for straumforbruket ditt. I tråd med Paris-avtala er vi alle nøydde til å kutte utsleppa våre. 1. mars i år blei EU sitt bygnings- energidirektiv utgangspunkt for norske reglar for energimerking. Direktivet krev nullutsleppsbustadar innan 2050. Det betyr energiklasse A*, og kravet gjeld i utgangspunktet alle bustadar (men sjølvsagt ikkje utan unntak). Dette påverkar oss sjølv om vi ikkje er ein del av EU.

Kjartan Aarnes er fagansvarleg her i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane. Han har stålkontroll på desse tinga. I denne saka forklarar han kva det betyr for deg – og kva du kan gjere sjølv for ein meir berekraftig og straumeffektiv bustad.

 

Betre energimerking på alle bustadar

– På veg mot eit nullutsleppssamfunn ser det no ut som at det vert ein to-trinns rakett der alle bustadar må ha minimum klasse F innan 2030, og E innan 2033. Det er nokre år fram i tid, men samstundes ikkje lenge til. Det kan sikkert kjennast dramatisk ut for nokon, fortel Kjartan. Men fortvil ikkje. Du har framleis tid til å gjere dei grepa som forbetrar energimerkinga på bustaden din. EU-direktivet peikar på kva for bustadar som må takast først. Dette varierer med type bustad og byggjeår. Gamle og slitne hus vil bli råka først. Unntaka er hytter og fritidsbustadar som brukast mindre enn fire månadar i året, og bygningar av historisk interesse. Samstundes trur meklaren at reglane kan bli endra i tida framover. – Utviklinga går fort, og det er endå nokre år fram i tid til krava må innfriast. Eg trur difor vurderinga av innhaldet i energimerking kan endre seg. Det er ikkje vedteke endå i Norge, så det vil også komme meir konkret informasjon om kva ein bør gjere, forklarar han. Men allereie i dag kan ein få grøne lån med andre vilkår om ein han ein god energi-karakter på bustaden din.

 


Med det vi veit i dag: Kva bør du gjere sjølv?

Den erfarne meklaren i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane veit råd. Du bør sikte på så god energimerking som mogleg. Det kan vere investeringar som er verdt å ta: straumrekningane går ned og bustadverdien opp. Han skil nokre av råda mellom nye og gamle bustadar. – Har du ein ny, eller tilnærma ny bustad har du eit godt utgangspunkt. Tenk gjennom om bustaden kan vere eit smarthus, eller ha alternative energikjelder som solcellepanel, varmepumpe og balansert ventilasjon, fortel han engasjert. Ein kan få støtte til berekraftige løysingar blant anna gjennom Enova. Du kan også få hjelp av ein energirådgjevar som gir tips til kva akkurat din bustad kan bruke. Heile vegen må ein vurdere kva som gir mest gevinst. Ein straumeffektiv bustad kan gi langsiktig sparing og auka verdi. Det gjeld både for nye og gamle bustadar.

 

Så… kva bør ein gjere med eit hus som ikkje er nytt? – Fokuser på energieffektivitet, kjem det fort frå meklaren. Nokre grep kan vere nok for å nå måla om energimerking, og her er Kjartan sine beste tips utan å totalrenovere:

  • Etterisoler på loftet. Her er varmetapet stort.
  • Skift gamle vindauge og eventuelt dører.
  • Tett luftlekkasjar i huset. Dårlege pakningar og lufting kan opne for kald luft.
  • Bytt ut den gamle vedomnen med ein ny
  • Syt for god ventilasjon og luftkvalitet
  • Legg inn varmepumpe
  • Bytt ut gamle kvitevarer, dei brukar meir straum
  • Etterisoler veggane

 

Tenk langsiktig oppussing

– All infrastruktur i hus har avgrensa levetid. Tenk difor langsiktig på oppussing og oppgraderingar, du treng ikkje ta alt på ein gong. Begynn med dei tiltaka som gjer at du får bustaden opp på godkjent nivå, og sjå på det som ei god investering. Både for lommeboka og for miljøet. Hugs at alle bustadar er forskjellige, og med ulikt behov. Treng du hjelp til kva som bør gjerast med bustaden din i framtida kan vi kome med tips, men det beste er å starte med ein energirådgjevar som kan dokumentere tiltaka til Enova, avsluttar han med eit smil.

 

I denne saka gir Kjartan sine beste råd for ein meir berekraftig og straumsparande bustad. 

 

Her finn du nokre tips frå Enova: 

Anbefalte energitiltak for ditt hus
Forklaring av karakterskalaen
– Rådgiverregister – En oversikt over energirådgivere

 

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
På Indre Øyrane, som på folkemunne vert kalla indrefileten i Førde sentrum, er det god framdrift i utbygginga av Skudeløken sitt første av tre byggetrinn. Byggetrinn 1 består av garasjeanlegg under bakken og seks bygg over som inneheld leilegheiter i ulike størrelsar, kafé, leilegheitshotell og næringsareal for kontor og ulike…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.