Eigedomsmekling Sogn og Fjordane satsar på bustadstyling

24. april 2020 • Av: Roy Sunde

Å selje ein bustad er også å selje nokon deira drøymebustad. Ein bustadstylist hjelper til med å synleggjere potensialet til ein bustad – og gjer den så salbar som råd.

Som den største aktøren i sin region, er Eigedomsmekling Sogn og Fjordane alltid på jakt etter å tilby kundane eit enno betre produktspekter.
– Vi har ei tid tilbydd kundane våre bustadstyling i samband med sal av bustad. No satsar vi vidare på dette, i samarbeid med Caroline Helle, ved å inkludere det i marknadspakkane våre uten ekstra kostnad, seier dagleg leiar Frank Robert Klakegg, og forklarer kvifor styling har verdi.
– Å vise fram ein nesten tom bustad er ikkje optimalt. Å selje ein bustad handlar om å selje ein bustaddraum – og i det perspektivet er det viktig å vise fram potensialet til bustaden. Bustadstyling handlar om å inspirere, samt vise fram kvalitetar og styrker.

Med kunden i sentrum – alltid
Bustadstyling er berre eit døme på korleis dei heile tida søker etter å utvikle seg.
– Å kjøpe og selje ein bustad er noko dei fleste av oss ikkje gjer så ofte. Då er tillit eit nøkkelord. Når kundane vel oss til å stå for salet av bustaden deira, skal dei kjenne seg trygge på at meklarane våre er dyktige, at dei får det best moglege produktet, den beste marknadsføringa og den beste totalpakka som er å oppdrive i vår region. I Eigedomsmekling Sogn og Fjordane jaktar vi heile tida på korleis vi kan utvikle oss, og korleis vi kan tilby kundane våre eit enno betre produkt. Det krev sterkt fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving, produkt av høg kvalitet og ikkje minst førsteklasses service. Difor samarbeider vi med aktørar på ulike felt, som kan tilføre oss spennande tenester. Det handlar om korleis vi kan tilby eit betre totalpakke til kundane våre, seier Klakegg.

Lidenskap for interiør og styling
Caroline Helle er utdanna sjukepleiar. Ho har jobba i åtte år i helsevesenet, men det er interiør ho brenn for. Med to barn, jobb og prosjektleiing for bygging av to einebustadar skulle ein tru det vart lite fritid til hobbyar, men interessa for interiør er så sterk at ho prioriterte det.
– Eg likar å ha mykje å styre med. Heilt sidan eg var 13 år gamal har eg fått spørsmål om korleis eg får tid til alt. Eg likar konstant spenning i kvardagen. Det må skje noko kjekt, eg må ha konstant spenning i kvardagen og prosjekt der eg sjølv må sørge for at det går bra. Den kjensla ein får når noko går veldig bra, spesielt om det tidvis har sett ut som det kunne gå gale, er eg veldig glad i. Ingenting er betre enn å lukkast med eit prosjekt, spesielt når det gjeld husbygging, seier ho.
Det var i byggeprosessen av huset ho og sambuaren bygde interiørinteressa tok av.
– Undervegs fikk eg mykje tilbakemeldingar på at huset var flott, og at eg burde starte ei interiør-side på Instagram. Det tok av! Ei tid fekk eg 1-2000 nye følgjarar dagleg. Og mange spørsmål om dei ulike interiør-val eg hadde teke. Spesielt i høve eit spisebord eg designa, som Jølster Bygg laga til meg etter min ide og teikning. Mange spurte meg om hjelp i høve interiørval, så i 2018 starta eg selskapet CH Interior AS og satsa. Eg dreiv i hovudsak med interiørplanlegging for privatkundar som skulle renoverer eller bygge nytt, men også for bedrifter. Eg vart kontakta av ein meklar, som hadde sette ei leilegheit eg styla, og lurte på om eg kunne ta eit oppdrag for ein kunde av han. Det gav meg blod på tann. Dette ville eg gjere meir av. Og så var eg så heldig å få avtale med Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

Presenterer bustaden best mogleg i samband med sal
– Ein bustadstylist hjelper kunden med å gjere bustaden så presentabel som mogleg før sal. Målet er at alle innvendige rom, samt uteområde, skal gi ein potensiell kjøpar den best moglege kjensla når dei kjem på visning. Men vi kan vere mykje meir også, i form av tilleggstenester som hjelp til rydding, vask, maling og planting. Ein del eldre som skal selje har og behov for meir assistanse, og dei har ikkje alltid andre som kan hjelpe. Den første møtet med kunden er alltid ein gratis rettleiingstime, der eg i samråd med kunde blir samd om kva som bør gjerast. Om eg ser at dei treng ekstra hjelp, til dømes grunna fysiske avgrensingar, så vaknar sjukepleiar-Caroline. Eg er oppteken av å tilby det vesle ekstra, det betyr for mange mykje. Folk flest har ein travel kvardag, så dei set pris på hjelp.

Vise fram potensialet til bustaden – og inspirerer
– Bustadstyling er viktig, fordi det visuelle inntrykket ein får på visning har mykje å seie når ein skal selje ein bustad. Bustadstyling handlar om å vise fram moglegheiter og potensialet til ein bustad. Det sender ut eit positivt signal, seljaren har gjort seg flid med salsobjektet, og ønskjer å vise det frå si beste side. Ein erfaren, profesjonell stylist ser gode løysingar og nye moglegheiter, som kan vere til inspirasjon for potensielle kjøparar. Det kan også vere ganske trist for meklar å vise fram ein heilt tom bustad, der ein ikkje får visst fram potensialet i den. Nokre kjøparar ser gjerne at overflatene er bra, så dette kan bli ein fin heim. Medan andre kjøparar faktisk treng å sjå korleis det kan bli her. Det er mange som innreier sitt siste kjøp akkurat som det var på visning, seier ho og fortel.

Tilpassa pakkeløysingar for alle behov
Kunden kan sjølv velje om han går for fullstyling, eller tilpassa dekorpakker.
– Nokre kundar treng til dømes berre dekorpakka, er ein tek med pynt og tekstilar, samt bad- og kjøkkentilhøyr. Andre har kanskje heilt tom bustad, og treng fullstyling der stylist tek med absolutt alt, seier ho med eit smil.
– Filosofien er å vere 100 prosent der for kunden: Dei skal verkeleg få det dei betaler for, og føle seg stolt når annonsen for deira bustad kjem ut. Å selje ein bustad er ein stressfull periode for mange, ofte i ein marknad som svingar. Som kunde skal du føle deg trygg på vi leverer det vi kan, for at din bustad skal bli så bra som mogleg med tanke på sal. Eit mål er å alltid å style ulikt også, så ikkje kunden føler deira annonse likna veldig på ei som låg ute veka før. Målet er at potensielle kjøparar må opne kjøkkenskuffer for å sjå om det bur nokon der. Less is (absolutt) more, men det er ein hårfin balanse der og for at det ikkje skal virke kaldt. Sjølv om mange likar det minimalistisisk, så er det langt frå alle som gjer det.

Gleder seg over å samarbeide med Eigedomsmekling Sogn og Fjordane
Å bli ein del av teamet til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane set ho stor pris på.
– Å jobbe i eit godt team er viktig og motiverande, og eg ønska ein fast avtale med ein aktør. Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er stødige og profesjonelle, dei har ein veldig god måte å jobbe på og dei var mitt første val i jakta på ein samarbeidspartner, og dei eg sjølv har brukt på private oppdrag. Det er ei glede å vere på teamet deira. Eg har ikkje ønska å style for fleire selskap samtidig heller, det blir som å reklamere for ein sofa frå Skeidar ein dag, og så ein frå Bohus den neste. Det blir feil. Eg kjenner eit sterkt ønske om at Eigedomsmekling Sogn og Fjordane skal lukkast, og er glad for at CH Interior AS får vere med på laget deira. Det er også spennande å jobbe saman med dei fordi dei har mange kontor rundt om i fylket, som gjer at eg som stylist får ein utvida horisont å jobbe frå.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.