God salstart for Skudeløken

17. juni 2021 • Av: Roy Sunde

Salet av Skudeløken, Førde sin nye bydel, er godt i gang. Salet til no viser at det er mange som har sett fram til det, med 12 selde leilegheiter til no. Vår eigedomsmeklar Camilla er klar til å hjelpe deg med å finne den rette leilegheita for deg. 

– Interessa var høg i forkant, med jamn flyt av folk som melde si interesse via nettsida skudeloken.no. Vi brukar å seie at over 10 prosent i førehandssal er bra i eit prosjekt. For første byggetrinn i Skudeløken sin del vil det seie at vi skulle selt 7,2 leilegheiter. Vi selte 10. I tillegg selde vi 2 til når salet opna. Så dette prosjektet blir definitivt realisert. Byggestart skjer når vi har seld 60 prosent av Bygg A og B. I høve tal selde leilegheiter manglar vi 1 i Bygg A, og 7 leilegheiter i Bygg B før vi er der, seier eigedomsmeklar Camilla Kaland Olset, som fortel at arkitekturen i Skudeløken får mykje skryt.
– Folk seier det ser bra ut og skil seg ut. Det ringte ein person frå Oslo nyleg, som hadde sett nettsida og lurte på kven som var arkitekt. I Oslo var det berre «Dubai-arkitektur», medan han synst Skudeløken ser veldig bra ut. Det er jo ei kjekk tilbakemelding å få.

Camilla er klar til å hjelpe deg til å finne den rette leilegheita i Skudeløken. 

 

Camilla sit klar til å hjelpe deg – ta kontakt for eit uforpliktande møte
Første byggetrinn i Skudeløken består av 72 leilegheiter.
– Skudeløken har ei informativ og god nettside, men det er mykje å velje i. Bodskapet mitt til potensielle kundar er: Om du føler deg litt overvelda, og syns det er vanskeleg å velje: kontakt meg. Eg er her for hjelpe og vere ein god rådgivar. Eg går gjerne gjennom prosjekt og nettside, svarar på spørsmål du måtte ha, og er rådgivar på kva leilegheiter som passer i høve rom, pris, soltilhøve og så vidare. Eit slikt møte er heilt uforpliktande. Om ein ønskjer kan ein også får eit uforpliktande møte med arkitekt, der ein går inn i 3D-modellar av aktuelle leilegheiter. Då får ein får betre inntrykk av korleis det blir. Vi held også gjerne av leilegheiter i korte periodar, så folk får moglegheit til å avklare ting.

Det er alt selt sju leilegheiter i Bygg A, som ligg fremst til venstre. Illustrasjon: Skudeløken. 

Det er lurt å vere tidlig ute
– Om du vil ha ei leilegheit med god plassering er det alltid lurt å vere tidleg ute. Ved å komme tidleg inn i eit prosjekt kan ein også velje material og tilval som ein ønsker. Ei anna årsak til å ikkje vente for lenge er situasjonen ute i verda. Den siste tida har det vore mykje skriveri om at pandemien og barkebilleproblem i Canada driv opp trelastprisane. Prisane for byggematerial har gått opp fleire gonger den siste tida, og ein må forvente at prisane går opp igjen. Som ein konsekvens kan prisane på u-selde leilegheiter på Skudeløken også bli justert opp om kort tid. Prislista som ligg ute no gjeld fram til 1. august. Det er derfor veldig lurt å investere i Bygg A eller B no, seier ho.

Vil du vite meir?
Kontakt Camilla:
camilla.kaland.olset@eigedomsmekling.no
Tlf: 970 13 478

Eller sjå nettsida

framside

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Når Lisbeth Aasen Andersen skulle vende tilbake til eigedomsmeklaryrket var valet enkelt: 1. juni byrja ho i ny jobb hos Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…