Henriette er vår nye eigedomsmeklar i region Nordfjord

22. april 2021 • Av: Roy Sunde

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane dekker det meste av bustadmarknaden i Sogn og Fjordane. I april utvida vi dekningsområde med eigen eigedomsmeklar i region Nordfjord, med fokusområde Måløy/Stad/Selje: Henriette Holter.

Etter ti år som eigdomsmeklar i Oslo, fann Henriette ut at ho ville flytte til Stad i fjor. I april tok ho fatt i sin nye jobb, som Eigedomsmekling Sogn og Fjordane sin nye eigedomsmeklar, som skal dekke region Nordfjord, med Måløy/Stad/Selje som fokusområde.

– Eg trur dette blir kjempegøy og spennande. Det er nytt terreng for meg å jobbe som eigedomsmeklar her, men det blir berre artig. Etter ti år i yrket i Oslo har eg vore borte i det meste før, men marknaden her er ganske annleis. I Oslo er det mykje leilegheiter ein sel, og så ei og anna hytte, tomannsbustadar og litt einebustadar. Her oppe blir alle sala veldig ulike kvarandre, det blir lite rutine. Og det er mykje nytt å lære, seier ho.

Henriette Holter jobba ti år som eigedomsmeklar i Oslo, før ho flytta til Stad grunna lidenskapen sin for surfing. 

Må bygge opp marknaden
Dei siste vekene har gått med opplæring, og ikkje minst til å bli betre kjent med området.

– Eg har jobba ei veke no, og gjort unna ein del opplæring. Og så skal eg til Måløy denne veka, og møte kollegaane mine som jobbar i Sparebanken Sogn og Fjordane der. Det gler eg meg til, seier ho og fortel at litt av jobben blir å faktisk skape ein ny kultur på omsetnad av bustad i distriktet ho skal jobbe.

– Det er jo berre eg som skal jobbe her, så eg startar på null og må bygge opp marknad sjølv. Og så er det litt gjengs, spesielt her på Stad, at ein sel sjølv. Kombinert med at det er vanskeleg å finne noko å kjøpe her. Det står mykje tomme bustadar, som blir brukt som feriehus. Eg håpar å bidra til å skape ein salskultur, slik at det blir fleire som bur her året rundt, og bidreg til ei levande bygd. Det hadde vore kjekt å få til.

 

På leit etter ein jobb som passa livsstilen
Henriette er 35 år gamal, kjem frå Sarpsborg, og enda litt tilfeldig opp som eigedomsmeklar.
– Eg byrja på Blindern, og tok meteorologi, astronomi og fysikk, så vart det engelsk på høgskulen i Sogndal. Etterkvart fikk eg over meg at eg måtte bli noko, seier ho og ler.

– Eg vurderte økonomi på BI, men det er eit vidt fag, så valet fann på bachelor i eigedomsmekling. Eg visste litt om kva det gikk i, men det er ofte slik at det er først når ein byrjar i jobb ein finn ut kva det eigentlig dreiar seg om, seier ho.
– Det som lokka meg var eit yrke der ein kombinasjon det å vere litt på farten og det å jobbe med menneske. Og du får ein veldig variert kvardag i dette yrket, seier ho og fortel at fleksibiliteten i yrket var fullklaff.

– Ein bør ha ein jobb som ein kan kombinerer med livsstilen sin. Eg har alltid vore særs glad i å reise, surfe, stå på snøbrett, gå på fjellet og alt som ikkje har med byliv å gjere, seier ho og ler over ironien i at ho har jobba midt i Norges største by.

– Eg har alltid vore høgt og lågt, men jobben som eigedomsmeklar er fin å kombinere med eit aktivt liv, seier ho og fortel at ho likevel kom til eit vegskilje.

– Etter ti år i Oslo vart eg skikkelig bitt av surfebasillen. Eg var på Stad for første gang alt i 2009. Då tenkte eg at det var veldig langt å køyre. Så gikk det ganske mange år, før eg reiste opp igjen i 2017. Og då vart det berre meir og meir. Og til slutt var det berre å hive seg i bilen og komme seg opp hit så fort ein hadde tid, seier ho. Eg brukte all ledig tid eg hadde på å reise opp til Stad for å surfe. Og kvar gang vart det like forferdeleg å dra herifrå. Då kom tanken: «Kvifor bruke så mykje tid på å køyre fram og tilbake, når eg like godt kan flytte hit?». Alle snakkar om det, men det er få som faktisk hoppar i det, seier ho og ler.

Men det gjorde ho.
– Eg fikk tak i eit hus på Stad, som eg tok over i september. Og så var det nokre månadar med pendling fram og tilbake til Oslo, for å avslutte i jobben min der. Frå desember i fjor var eg her på full tid, seier ho.

 

Full klaff
Å hoppe i det og flytte tvers over landet, er eit stort steg. Henriette tok det utan å ha ein jobb å komme til.

– Den første utfordringa var å finne ein stad å bu. Det er ikkje så mykje å leige her på Stad, men eg fann eit hus, og sa ja til det. Og så var det å finne ein jobb, seier ho og ler.
– I utgangspunktet ville det vore kjekt å jobbe med eigedomsmekling. Det er jo det eg kan, men eg var innstilt på at det kunne bli vanskeleg. Det er små forhold, lange avstandar og ikkje så mykje på marknaden her. Men eg var freidig nok til å plukke opp telefonen, og ringe Frank Robert Klakegg i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane. «Eg er eigedomsmeklar, som jobbar i Oslo, men eg skal flytte til Stad for å surfe. Er det mogleg å få til ein eller anna kombinasjon som passar oss begge?» og det var det, seier ho og ler.

Framsidebiletet er frå Surfing i Hoddevika. På dette er Henriette på veg ut på bølgjene er i Ervik.

Utruleg sosialt
Etter fire månadar som fastbuande, har ho funne seg godt til rette.
– Eg bur rett ved sjøen, med naust, båtplass og hage. Det er superidyllisk. Det følast som om eg er på feire, heile tida, seier ho og ler.
I bakgrunnen bekreftar lyden av klingande geitebjøller idyllen.
– Det er ein litt anna og meir triveleg lyd enn trikken og bytrafikken, seier ho.

– Kva er det beste med å bu her?
– Surfing! Og nærleik til naturen. Og så er det eit heilt anna tempo her oppe. Du får meir plass og fridom, seier ho og fortel at ho har fått ein fantastisk velkomst.
– No veit eg ikkje om det er fordi eg surfar eg har blitt teke så godt i mot, men frå første stund har eg blitt innlemma i lokalmiljøet. Det har vore så hyggeleg å flytte hit. Før eg flytta tenkte eg at det kanskje ville bli vanskeleg å flytte til ein liten stad, i vaksen alder. Ein er i ein anna livssituasjon enn når ein er 20 år, og har sitt å drive med, som gjer det vanskeleg å komme innpå folk. Men det har vore utruleg lett. Omgangskrinsen min var på plass nesten før eg hadde innreia huset. Det er noko unikt med Stad, det er så sosialt å bu her. Det er veldig mange innflyttarar her, grunna surfinga, så det er mange her som har vore i mine sko. Ein er ny, men ein har ein felles link. Det er jo ein drøymesituasjon som innflyttar: Ein møtes på stranda, surfar, reiser heim til kvarandre og et middag. Ein er naturlig nok mykje ute her oppe, og det er alltid noko å gjere, seier ho.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.