Med hjarte for kysten: Møt Tordis Russøy

4. oktober 2017 • Av: arnybo

Å vere eigedomsmeklar i Norges vestlegaste by krev ein del øyhopping. Tordis Russøy kallar visingane i havgapet for krydder i arbeidsdagen.

Ho er ein av Eigedomsmekling Sogn og Fjordanes mest erfarne meklarar, og nærmar seg 20 års fartstid i bransjen. Men meklaren frå Florø har ikkje tenkt å gi seg med det første. Tordis kjenner seg heldig som får lov til å jobbe med det ho likar best; eigedom og å møte nye menneske.

– Eg har alltid hatt interesse for det som følgjer med sal av eigedom. Både arkitektur, arealplanlegging, økonomi og det juridiske rundt er veldig spennande. Å få møte dei som skal selje, og saman finne ut korleis vi kan gjere eigedommen interessant, er kanskje det eg likar best med jobben.

Måtte framkalle bilda
Det var andre tider i bransjen då Tordis begynte som meklar tidleg på 2000-talet. Sjølv om utviklinga kan gå vel fort til tider, er ho ein av dei som veit å sette pris på tekniske nyvinningar.

– Vi må stadig oppdatere oss, både fagleg og på den tekniske biten. Det er mykje nytt, men når du først har lært deg det, ser du at nye, teknologiske verktøy kan vere nyttige og gjere arbeidsdagen enklare. Tenk berre på kor tungvindt det var å ta eigedomsfoto før. Etter at bilda var tekne, vart dei levert til fotografen. Det tok gjerne ei veke før filmen var ferdig framkalla, og først då kunne du begynne på salsoppgåva og annonsen. Det var heilt gale, ler Tordis, og samanliknar med kor enkelt det er i dag.

– I dag er mykje digitalt, og vi har eiga marknads- og oppgjersavdeling. Det betyr at vi kan konsentrerer oss meir om sal. Før måtte vi gjere absolutt alt sjølv.


5 kjappe med Tordis

  • Kva er ein god eigedomsmeklar? Han eller ho er dyktig, engasjert og skaper gode relasjonar til kunden.
    Einebustad eller leilegheit? I min alder er det leilegheit, utan tvil. Eg vil bruke fritida på andre ting enn vedlikehald. For ein barnefamilie er andre kvalitetar viktig.
  • Moderne funkis eller klassisk sjarm? Moderne funkis! Eg synest den stilen er utruleg flott. Reine, fine linjer og enkelt. Veldig glad i det.
  • Landleg og roleg eller sentralt og praktisk? Eg vil helst ha begge deler. I helgene vil eg gjerne vere på landet og slappe av. Samtidig treng eg pulsen som er i byen.
  • Stor hage eller vedlikehaldsfri terrasse? Vedlikehaldsfri terrasse. Heilt klart!
  • Overmøblert og koseleg eller minimalistisk og enkelt? Minimalistisk og enkelt!
  • Øyane som arbeidsområde
    Med kystkommunane som nedslagsfelt følgjer øyane i vest med. Enkelte ville kanskje kvidd seg på lange båtturar og synfaringar i vind og ruskevêr, men Tordis har ei anna oppfatning.

    – Ikkje noko problem! Eg har sjølv vakse opp på ei øy, er båtvand og kvir meg ikkje på litt vêr. Når vi skal i øyane, tek vi berre rutebåten utover. Ei synfaring eller vising i øyane ser eg på som krydder i arbeidsdagen. Det er både vakkert og spennande ute i havgapet.

    – Du har aldri blitt ståande att på ei øy etter vising?
    – Nei-da, vi planlegg godt. Og skulle det skje, så kjenner eg mange med båt som kan hente meg, ler ho.

    Ofte følgjer det ei historie med eigedommen som Tordis skal selje.

    – Ikkje berre i øyane, men elles òg. Du er mykje rundt omkring og innom alle moglege bygningar når du jobbar i distrikta. Vi må kunne selje alt frå næring til hus og hytter, og ofte har bygget ei spennande historie som vi får bli kjend med. Eg får oppleve og høyre utruleg mykje som eigedomsmeklar og ville ikkje hatt eit anna yrke.

    – Du har sett heile Flora, du?
    – Det aller meste!

    Ein jungel der ute
    Trass teknologisk utvikling og at fleire ”selje-sjølv-tenester” dukkar opp, trur Tordis det vil vere bruk for ho i mange år til.

    – Måten å selje eigedom på endrar seg. Samtidig ser eg at kundane ønsker tryggleiken som følgjer ein eigedomsmeklar. Det er ein jungel der ute og mykje å passe på. Eg hadde sjølv valt å kjøpe der det var meklar involvert, og som seljar får du fleire interessentar med ein profesjonell, nøytral part.

    Tordis elskar jobben sin, men nyttar fritida godt.

    – Då er eg helst på eit fjell, på kajakktur med sambuaren eller saman med venner og familie. Om eg skal vere ein god meklar er det viktig å kople ut innimellom, slik at eg kan komme tilbake på jobb med ny energi. For det er jo hektisk i dette yrket, eg kan godt innrømme det, smiler ho.

    Tilbake til artikkeloversikta

    Relaterte artiklar

    Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
    Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
    Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
    Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.