Selde for 210.000 over takst etter bustadstyling

29. september 2020 • Av: Roy Sunde

I Eigedomsmekling Sogn og Fjordane utviklar vi stadig produkta vi tilbyr. Difor inngår no bustadstyling som del av marknadspakkane vår, i samarbeid med interiørstylist Caroline Helle.

Dette set mange kundar pris på. Til dømes Turid Huus Nedrebø, som valte delstyling når vi skulle selje hennar leilegheit på 55 m2 i Førde sentrum.

Bytta til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane og valte bustadstyling


Turid Huus Nedrebø

Turid si leilegheita låg lenge ute for sal, utan resultat. Difor valte ho å ta grep.
– Leilegheita mi vart liggande rundt eit halvt år, utan å bli seld. Difor byta eg til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, ved meklar Daniel Einen. Han tipsa meg om Caroline Helle og bustadstyling, som kan vere eit godt grep, for å vise fram bustaden betre, fortel ho.
På det tidspunktet hadde Turid flytta, og leigde ut den gamle leilegheita.
–Eg kontakta Caroline, som gikk gjennom leilegheita med meg. Vi avtalte tid for styling, som passa godt både for meg og for leigetakar og kva ho skulle gjere. Ho tok med møblar, tekstilar og interiørgjenstandar. Sjølve stylinga føregikk raskt og effektivt. Caroline stilte opp og det heile var veldig profesjonelt.
– Fasiten på bustadsal er jo salet?
– Leilegheita vart seld dagen etter visning, over takst. Det er eg særs nøgd med. Eg syns sjølv bustadstylinga vart veldig bra, og eg er overtydd om at den er ein av grunnane til at leilegheita mi vart selt så raskt som den vart. Eit av grepa Caroline gjorde var å sette inn eit rundt spisebord, som gjorde leilegheita «større». Det visste fram potensialet betre.

Vise fram potensialet

Små interiørdetaljer løfter ein bustad, og viser fram potensiale og kor koselig den kan bli.

 

Slike resultat er Caroline sitt mål: Ein nøgd kunde.
– Turid var litt fortvila, ho hadde prøvd å selje bustaden sin lenge, og skjønte ikkje heilt kvifor den ikkje fikk respons: Det var ei fin leilegheit, med gode løysingar og god plassering. Ho hadde fine møblar, så vi avtalte delstyling: Eg tok med ei spisegruppe, samt dekor og tekstilar for å «fiffe» den opp. Resultatet vart veldig bra, og leilegheita fikk kjemperespons. Det viser at når ein presenterer ein bustad meir spennande, slik at folk ser kor bra den kan bli, så får ein respons.

Seld for 210.000 over takst


Daniel Einen 

Meklar Daniel Einen sto for salet, og seier han såg at dette var ein bustad med godt potensial.
– Turid kontakta meg for å høyre korleis vi kunne løyse salet. Bustaden hadde lagt ute hos eit anna selskap lenge, utan å bli seld. Eg kartla kva som var viktig å få fram, og såg at vi kunne løyse salsprosessen betre og tilby eit betre totalprodukt. Blant anna i form av betre bilete til marknadsmateriellet. Vi nyttar ekstern fotograf. Gode biletet, saman med god og brei marknadsføring er kjernen i å skape interesse rundt eit objekt. Eg foreslo også bustadstyling, som er ein god måte å få fram potensialet i ein bustad, fortel Daniel.
– Lystilhøve, utsikt, kvalitet på materialval og møblar spelar saman for å skape eit inntrykk av ein bustad. Det er viktig å tenke over korleis ein møblerer ein bustad for sal. Ein tom bustad vil ikkje sjå like bra ut. Møblar og interiør skaper stemning, og gir inntrykk av korleis det kan bli å bu der når folk kjem på visning, seier han og fortel at når interessa er vekt, byrjar meklar å jobbe.
– Det er avgjerande å jobbe aktivt og godt opp mot interessentane. Alle på visning er i utgangspunktet interessert, men det er jo ikkje slik at alle blir med og byr. Då er det opp til meg som meklar å sjå kva som er kunden sitt behov, og kva som eventuelt står mellom dei og eit kjøp. Og korleis ein kan løyse dette, seier han.
I dette tilfellet kom 6 personar på fellesvisning.
– Dagen etter vart leilegheita selt, 210.000 kroner over takst, seier Daniel.

Caroline sin lidenskap for interiør har gått frå hobby til jobb, via selskapet CH Interior AS.


Caroline Helle

– Målet med bustadstyling er å gjere bustaden mest mogleg presentabel, bidra til at salsmateriellet blir så bra som råd, vise potensialet og kor bra bustaden kan sjå ut. Eg er oppteken av å skape heilskap i ei lun, hyggeleg atmosfære, og ta vare på særpreget. Eg varierer stil på ulike oppdrag. Dei fleste ønskjer ikkje ein typisk styling ala Bergen, der «alle» har same møblar frå IKEA. Bustaden skal reflekterer personen som bur der. Ein kan velje ulike pakkar. Om bustaden er tom, kan ein velje fullstyling, der eg tek med «alt». Om ein framleis bur der, vel dei ofte delstyling. Då speler ein på det som er der, og supplerer med nytt. Dette er ofte det beste. Det skaper ein spennande bustad, med ein heimekoseleg stil, som mange likar mange godt.

Kjem på synfaring, og skreddarsyr styling for kvar kunde

Eit av grepa Caroline gjorde i denne delstylinga, var å sette inn ein rund spisegruppe, som gav stova meir luft. 

Prosessen byrjar med ein gratis rettleiingstime heime hos kunde, eller via Facetime/Skype.
– Saman går vi gjennom bustaden. Eg ser på golv, interiør, fargar, romløysing osv, for å kunne skreddarsy ei interiør- og møbelpakke. Når alt er klart kjem eg til kunden, for å gjere alt i stand. Dei kan velje om dei vil vere med og bære inn møblar, eller om dei ønskjer at vi skal ta alt. Å selje eit hus kan vere stressande, det er mykje som skal gjerast. Mange syns difor det er flott at vi berre ordnar opp. Nokre har klåre meiningar om kva dei ønskjer, andre ikkje. Eg prøvar å involvere dei i prosessen. Det er ikkje alltid eg er samd i vala, då seier eg kva eg meiner, og så blir vi einige. Dei fleste ønskjer berre at det skal bli bra. Når salet er gjort hentar eg interiøret, men om ting trekk ut er det mogleg å leige det til bustaden er seld, seier ho.
– I så godt som alle tilfella bidreg bustadstylinga til eit godt sal. Det er ikkje så lett å sjå for seg korleis ein tom bustad kan bli. Mange set pris på å sjå korleis det kan bli når dei flyttar inn. Målet er å vise kor fint det kan bli, og at kunden blir stolt over bustaden dei skal vise fram. «No var det kjekt å komme heim. No kan eg bu her likevel», seier mange kundar når dei ser resultatet. Nokre seier med eit smil at dei ikkje vil selje likevel, fortel ho.

God hjelp i ein stressande prosess
– Mange vel bustadstyling for å sleppe å gjere dette sjølv. Dei har ofte leita etter og kjøpt ny bustad. Det er energikrevjande. Ofte har dei rydda og byrja flytteprosessen, og er takksame for å kunne overlate dette til andre. Ein del kundar har ikkje interesse for interiør, eller lyst å styre med dette. Andre igjen ser kva som er fint, men orkar ikkje å ta dette sjølv. Dei er berre glade for at andre gjer det. Folk har ofte ein hektisk kvardag, spesielt småbarnsfamiliar, og dei set veldig pris på dette tilbodet, seier ho.
– Eg er veldig tydeleg i dialogen med kundane om kva eg tek meg av, og kva eg ønskjer å oppnå. Å selje bustad er ein alvorlig ting, som ein ikkje gjer mange gangar. Det handlar om store verdiar. Difor er det veldig viktig for meg at kunden føler seg trygg på at det blir gjort ein skikkelig jobb, og at resultatet blir 100 prosent. Eg har veldig fokus på å følgje opp undervegs, slik at kunden føler seg trygg.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Når Lisbeth Aasen Andersen skulle vende tilbake til eigedomsmeklaryrket var valet enkelt: 1. juni byrja ho i ny jobb hos Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.