Skal du selje bustad?

16. november 2020 • Av: Roy Sunde

Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til eit bustadsal. Store verdiar og mykje pengar skal skifte hender. Tryggleik er difor eit nøkkelord. Her får du ein oversikt over kva som skjer, når du tek kontakt for å selje bustaden din via oss. 

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er den leiande meklaren i vår region. Årleg omset vi ca. 750 eigedomar. Vi har dyktige meklarar ved alle våre kontor og eiga oppgjersavdeling som gjer at vi har full kontroll frå start til mål. Salsgarantien vår gjer at du som kunde slepp å betale oss for jobben vi gjer for deg, visst vi mot forventing ikkje får seld eigedomen din. Saman med sterkt fokus på utvikling av produkta våre og fagleg påfyll til våre dyktige meklarar, gjer det oss til det trygge valet når du skal selje din bustad. Vi er oppteken av at du skal føle deg trygg, difor har vi laga ein oversikt over prosessen, frå du kontaktar oss til bustaden er seld.
Som kunde kan du også følgje salsprosessen i din eigen kundeportal: «Min bustad».
– «Min bustad» er di «eiga» nettside, som samlar all relevant informasjon. Når du signerer oppdragsavtale med oss, aktiverer vi den. Du slepp lure på kva meklar held på med, du kan sjekke det frå sofaen, smiler eigedomsmeklar Trond Bakke.

Eigedomsmeklar Trond Bakke 

Synfaring
Når du tek kontakt med oss for å selje bustad, byrjar vi med å invitere oss sjølve heim til deg.
– Når vi kjem på besøk går vi gjennom salsprosessen og innhaldet i oppdragsavtalen. Vi diskuterer marknadsføringstiltak og kunde vel sjølv sin «pakke», gjerne etter tilråding frå oss. Når vi har inngått oppdrag er neste trinn synfaring, der vi saman med kunde går gjennom bustaden. Her blir vi samde om kva tiltak som skal gjerast før bustaden blir lagt ut for sal, og fordelar arbeidsoppgåver mellom meklar og seljar. Vi gir også uforpliktande råd, om vi ser ting som bør gjerast med bustaden før takst. Stadig fleire nyttar seg også av stylisten vår i forkant av sal, seier Trond.

Vurdering av verdi og vidare framdrift
Våre lokalkjende, erfarne meklarar har god kunnskap om kvar prisen vil ligge, basert på vår kjennskap til det aktuelle området bustaden ligg i, storleik, innhald osv.
– Vi har ein god ide om pris før vi reiser på synfaring, ut frå vår kunnskap om det aktuelle området, så justerer vi den etter synfaring. Standard, tilstand og andre element påverkar sjølvsagt verdien. Taksten definerer ofte venta marknadsverdi, men det er ikkje alltid slik at takst og prisantyding blir sett likt. Dette avgjer seljar(ane) i samråd med meklar.

Henting av informasjon
Meklaren kan «papirmølla» rundt bustadsal: Ein jungel dei færraste har lyst ut i på eiga hand.
– Vi bestiller takst, stylist og fotograf, hentar informasjon frå kommune, sameige/burettslag, sjekkar likningsverdi hos staten, hentar opplysingar frå bank, energiattest og så vidare. Kunden må sjølv fylle ut ei eigenerklæring, som opplyser om kva tilstand eigar(ane) sjølv meiner eigedomen innehar. Dette for at kjøpar skal få eit så korrekt bilete av tilstand og vedlikehaldshistorikken til eigedomen, som mogleg, seier han.

Førebuing og klargjering av bustad
Når det nærmar seg sal, kjem vår stylist Caroline Helle heim til kunden, for å gjere bustaden så presentabel som mogleg før fotografering og visning.
– Nokre kundar får råd om å gjere ting som kan løfte verdien på bustaden. Når kunden har gjort sitt, tek stylist over og gjer bustaden klar for fotografering til marknadsmateriellet. Parallelt lagar meklar prospekt, samt annonser til nett og aviser. Når alt er klart sender vi materiellet til kunden, for korrektur og innspel. Når det er godkjent, er bustaden klar for å bli marknadsført, seier Trond.

Kvar annonserer vi bustaden din?
Når du vel Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, får du den breiaste og beste marknadsføringa av bustaden din i vår region.
– Vi har eigne utstillingar ved våre kontor og på Førde sentralsjukehus, bustadane blir lagt ut på Finn.no og på vår eiga plattform, samt annonsert i lokale aviser. I tillegg samarbeider vi med kommunikasjonsbyrået Rein Design, som skreddarsyr ei marknadspakke til kvar bustad for annonsering i sosiale medium, seier han.

 

 

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS omsett årleg ca. 750 eigedomar. 

Visning
Neste steg er å vise fram bustaden til potensielle kundar.
– Når vi er samde om visningstidspunkt, marknadsfører vi dette. Folk kan booke tilgjengelege tider på FINN.no, eller kontakte meklar og be om privatvisning. Vi gjer det slik no, for å unngå å samle for mykje folk på same tid. Det er meir tidkrevjande for oss, men det er ei god løysing, sidan meklar får meir tid med kvar potensiell kjøpar, seier han.
– Visninga er ein viktig del av jobben. Difor er det viktig å ha ein dyktig meklar, som gir god og reell informasjon til potensielle kjøparar. Bustadkjøp er ein stor transaksjon. Vi må eliminere tvil, og finne ut kven som har mest og best betalingsvilje for eigedomen.

Bodrunde
Før bodrunda startar, bør meklar ha ein strategi for korleis ein skal få best mogleg utfall.
– Det handlar om å optimalisere bodrunda på vegne av kunden, og legge ein god strategi. Dette heng saman med jobben ein gjer på visning med å kartlegge dei potensielle kundane, og finne ut kven som er potensielle kjøparar. I heile prosessen er det særs viktig at ein er dønn ærleg. Det er til beste for både meklar, seljar og kjøpar. Som meklar er ryktet det viktigaste eg har, folk skal kunne stole på meg, seier han.

Signering av kontrakt
Når bodrunda er over, er bustaden seld.
– Då utarbeidar eg kontrakt og andre dokument som skal signerast. Det kan ein anten gjere ved eit godt, gamaldags kontraktsmøte, eller via Bank-ID, som blir stadig vanligare, seier Trond.

Overtaking/oppgjer
Det siste trinnet i salsprosessen handlar om å overlevere den selde bustaden til sin nye eigar.
– Først må bustaden klargjerast for overlevering til ny eigar, etter gjeldande reglar. Om ein har valt ei marknadspakke med styling og møblar, blir desse henta, så tømmer kunden bustad og vaskar ned. Det er også råd til å kjøpe desse tenestene via våre samarbeidspartar. Det er det mange som vel etter eit godt sal, smiler Trond.
– Før overlevering ser vår oppgjersavdeling til at innbetaling er gjort, og at pengane er komme inn på klientkontoen. Når alt er i orden tinglyser vi dokumentet, innfrir heftingar og betaler ut sluttoppgjer. Dette er ein av tinga som gjer det tryggare å handle bustad gjennom Eigedomsmekling Sogn og Fjordane enn å gjere dette sjølv, vi kvalitetssikrar denne prosessen betre.

Kontakt oss i dag – for ein uforpliktande prat
PS: Når du vel Eigedomsmekling Sogn og Fjordane som samarbeidspart når du skal selje din bustad, får du ein ekstra tryggleik: Vår salsgaranti. Om vi ikkje får selt din bustad – får du heller ingen kostnad med å bruke oss.
Kontakt ein av våre meklarar i dag, for ei uforpliktande prat om korleis du best mogleg kan selje din eigedom.

https://www.eigedomsmekling.no/selje/

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Når Lisbeth Aasen Andersen skulle vende tilbake til eigedomsmeklaryrket var valet enkelt: 1. juni byrja ho i ny jobb hos Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.
Det er ting på trappene i reguleringskrav frå EU, og det kan ha ein betydning for straumforbruket ditt. I tråd med Paris-avtala er vi alle nøydde til å kutte utsleppa våre. 1. mars i år blei EU sitt bygnings- energidirektiv utgangspunkt for norske reglar for energimerking. Direktivet krev nullutsleppsbustadar innan…
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…