Tage fikk ein knallstart på karrieren

3. september 2021 • Av: Roy Sunde

Tage Pettersen byrja å jobbe i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane i april, og i juli vart han kåra til månadens meklar. Han fikk dermed ein knallstart på karrieren.

 

Tage Pettersen byrja å jobbe i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane i april, på Førde-kontoret. 

Tage er 26 år og kjem frå Førde. Han tok eigedomsmeklingutdanning i Sogndal. No jobbar han som eigedomsmeklar hos Eigedomsmekling Sogn og Fjordane i Førde, og stortrivast.
– Eg byrja midt i april, og det har gått veldig bra. Marknaden har fungert godt, og det har vore veldig god stemning på kontoret. Eg vart godt teken i mot, og fikk ein pangstart på karrieren -med å bli månadens meklar i juli, seier han.

Lukkeleg tilfeldigheit
At Tage vart eigedomsmeklar var tilfeldig, men ikkje at han skulle jobbe innan sal og service.
– På vidaregåande tok eg media og kommunikasjon i Sogndal. Eg hadde ikkje planar om å studere vidare, i staden vurderte eg å ta ei yrkesfagleg utdanning. Først tok eg eit «friår», der eg jobba på Bjørklund-butikken mor mi dreiv. Medan eg jobba der fikk eg mail frå Høgskulen, som minna om siste søknadsfrist. Eg sjekka katalogen deira, og eigedomsmekling såg kjekt ut. Eg er sosial, likar salsyrket og trivast med folk. Det virka som det kunne passe godt. Eg søkte og fikk studieplass. Og det var full klaff. I løpet av studiet skjønte eg at dette var midt i mi gate: Eigedomsmekling vart noko eg verkeleg ville drive med!

Koronakomplikasjonar
Ferdig utdanna byrja Tage å jobbe for eit anna meklarkontor i Sogndal.
– Så kom koronaen. Min ansvarlege meklar slutta. Kontoret vart midlartidlig stengt, og brått sto eg utan jobb. Eg byrja på Bjørklund igjen, fram til mor mi valte å legge ned butikken. Då starta eg for meg sjølv med å reparere påhengsmotorar og skru motor, seier han og fortel at han parallelt jobba med å få eigedomsmeklarkarrieren på sporet igjen.
– Eg hadde ein dialog gåande med Frank Robert Klakegg, dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, i over eit halvt år, før eg landa jobben, seier Tage.

Den gode teamkjensla
Etter snart eit halvår i jobben, er han viss på at han har funne både rett yrke og arbeidsgivar.
– Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har stor marknadsdel, vi er godt posisjonert i marknaden og har ein god kundebase. Det første som slo meg her er den gode teamkjensla. Meklarane er særs dyktige fagleg, og vi jobbar godt i team. Det er ikkje ein intern konkurranse, vi ønskjer å løfte kvarandre. Det set eg stor pris på, det er ikkje alle i bransjen som tenker slik. Vi har også ein god støttespelar i Sparebanken Sogn og Fjordane, som vi samarbeider godt med. Det er ein styrke. Og ikkje minst leverer vi gode produkt, som vi som jobbar her er stolte over, seier han.

 

Sosialt, variert og hyggeleg
– Kva likar du best med yrket ditt?
– Salsyrket har alltid fenga meg. Det er interessant å jobbe med folk. Eg er sosial og trivast med varierte kvardagar. Ein sit ikkje berre på kontoret, eg kjem meg heim til folk, pratar med dei og opplev mykje hyggeleg. Du møter ulike historier. opplev mange sider av livet til folk og får hjelpe folk i alle livssituasjonar. Eg er veldig glad i kjensla ein får ta del i når nokon vinn ei bodrunde. Og gleda ein opplev når både kjøpar og seljar er nøgde, og alle partar føler dei har gjort ein god handel. Det er mange oppturar, og så det er noko med dette med å hjelpe to partar med å få til noko som fascinerer meg. Dette er eit serviceyrke, og service set eg ekstremt høgt, seier Tage.

Eit brennande ønskje om å sette spor
Målet hans er å gjere ein så god jobb, at han blir eit naturlig val når nokon skal selje bustad.
– Eg har eit stort ønskje om å gjere det godt i bransjen. Ønsket mitt er å vere ein meklar som folk vil nytte når dei skal selje bustaden sin. Det krev at ein må jobbe mykje, tilby eit godt, trygt og profesjonelt produkt over heile linja, gi kunden gode resultat og yte service ut over det som er venta. Så det er målet mitt, avsluttar han.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Å selje bustaden sin er ein omfattande prosess. Det er mange steg du skal gjennom, og trass alt ein av dei største transaksjonane ein gjer i livet. Summane i omløp er betydelege for dei aller fleste. Ein salsprosess kan virke uoversiktleg, og då er det godt å ha eit profesjonelt…
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er gamle Sogn og Fjordane sin leiande meklar. Dei sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket. Avdelingane strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dagleg jobbar eigedomsmeklarane med å leve opp til mottoet om å vere fylket sin føretrekte…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.